Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Landmarksteinen



I Fjaler står ein minnestein over Johan Theodor Landmark, mannen som skipa Norges Bondelag i 1896. Steinen vart avduka sommaren 1937. Fredag 31. juli 2000 vart steinen flytta frå den opphavlege staden til Lillingstonheimen i same bygda. Straks etter kom det sterke innvendingar, og krav om at steinen måtte flyttast attende.

Johan Theodor Landmark (1836-1916) fekk fleire heidersteikn for arbeidet sitt for norsk landbruk, i 1886 kong Oscar II's medalje, i 1904 St. Olavs Orden, og i 1915 Kongens Fortenestemedalje i gull.

Johan Theodor Landmark (1836-1916) fekk fleire heidersteikn for arbeidet sitt for norsk landbruk, i 1886 kong Oscar II's medalje, i 1904 St. Olavs Orden, og i 1915 Kongens Fortenestemedalje i gull.

Eigar: I Jul i Sunnfjord.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Biografiske opplysningar

Johan Theodor Landmark, fødd på Tysse i Fjaler 24. oktober 1836, var son til sorenskrivar Nils Landmark (1775-1859) og Wilhelmine Lange, i hans 2. ekteskap. Nils Landmark var sorenskrivar i Sunnfjord i åra 1808-1852. Han var sterkt oppteken av landbruket, og var fyrste formann i Det holmedalske sogneselskab (jordbrukslag), skipa i 1836, same året som yngste sonen Johan vart fødd. Ei tid hadde han også gutar i jordbruksopplæring på skrivargarden.
Johan Landmark gjekk landbruksvegen. Etter latin- og realskule på Lillehammer (ein slektning var styrar der), gjekk han Romsdals Amts landbruksskule, og tok deretter høgare utdanning ved landbruksakademiet i Würtemberg i Tyskland, som han avslutta 22 år gammal. I åra 1858-1877 var Landmark forpaktar på fleire bruk på Austlandet og ei tid styrar på fylkeslandbruksskulen i Østfold. I 1877 vart han dosent, seinare overlærar, ved Den Høiere Landbrugsskole på Ås, ein stilling han hadde til han tok avskil i 1907. Seinare budde han i Kristiania.

Johan Landmark var både i skrift og tale ein pådrivar i organisasjonsutviklinga innan jordbruket. Han stod i spissen for skipinga av Christiania Meieribolag i 1872 og Den Norske Biavlsforening (Norges Birøktarlag) i 1884. Han stod og i fremste rekkja då Norges Landmandsforbund (frå 1922 Norges Bondelag) vart skipa 6. februar 1896, etter aktivt arbeid frå 1893 då han heldt eit foredrag om "Nytten av Sammenslutning mellem Gaardbrugerne til et økonomisk Bondeparti". Landmark var den fyrste formannen, frå 1896 til 1901.

Johan Landmark var gift med Elise Antonette Gude, dotter til sokneprest Julius Emil Gude og Olea Marthea Bergh. Dei hadde ikkje born. Han døydde 25. mai 1916, same året som kona, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Kristiania.

Minnestein

I 1937 var det avduka ein minnestein over Johan Theodor Landmark i Tysselandet skulekrins. Steinen stod opphavleg nokolunde midt mellom dei to embetsgardane Tysse og Leitet, men vart i 2000 flytta til Tysse eller Lillingstonheimen som gardstunet no heiter. Steinen har eit tilnærma kvadratisk snitt og smalnar litt mot toppen. På ei side står: Docent * Johan * Landmark * 1836 * 1916
På tilstøytande side står: Skipa * Bondelaget * 1896
Merknad: Teiknet * tyder - tek til på ny line.

Avdukinga

Landmarksteinen vart avduka 6. juni 1937 i samband med Sunnfjord krins av Norges Bondelag sitt årsmøte. Det vart skipa til ei særskild stemne i høve avdukinga. Avisa Firda hadde brei dekning av hendinga, og eit utførleg referat etterpå.
Det går fram at det var Sunnfjord Bondelag som tok opp tanken om å reisa ein minnestein til 100-års fødselsdagen til Landmark, 24. oktober 1936, men at avdukinga vart utsett til årsmøtet året etter. Steinen vart sett mellom gardane Tysse og Leite sidan begge gardane hadde vore i Landmarksætta si eige.
Formannen i stemnenemnda, lærar Hauge, opna høgtida med å lesa fleire helsingstelegram frå fleire i Landmarksætta. Krinssekretæren i bondelaget, Harald Hope, fortalde litt om arbeidet med å reisa steinen, og gav så ordet til ordførar Fraas frå Hafslo som heldt avdukingstalen. Han hadde vore elev hjå Landmark på Ås.

Fjaler kommune fekk steinen som æresgåve

Etter avdukingstalen leverte Harald Hope minnesteinen til Fjaler kommune. Ordførar Fagerheim tok imot på vegner av kommunen, og leverte den til krinsen si "varveitsle" (varetekt). Krinsformannen, løytnant Hauge, tok imot og sa at det var ei ære for krinsen at steinen var reist for ein av Landmarksætta som hadde hatt så mykje å seia for bygda.
Deretter var det fleire talar, allsong og song av Flekke songlag under leiing av lærar Vik. Etter høgtida ved steinen, samlast stemnelyden i sorenskrivargarden på Tysse. På Leite var det "Kaffihus" heile dagen. Det var laga til matsal i løa, og oppvartningsjentene gjekk til og frå mellom kjøkenet og matsalen.

Prolog

Wilhelm Tveit skreiv prolog til avdukinga. Prologen opnar med ei skildring av Fjaler, landskapet Johan Landmark vart fødd og voks opp i, "fedrejord, med lier og fjell, med gard og grunn", held fram med eit bilete av faren, Nils Landmark, "skrivaren på Tysse" og arbeidet hans til beste for bygda, og set så sonen Johan Theodor Landmark, "den gjeve mann som me i dag vil minnast" inn i dette biletet.

Og etter arbeid her i heimelag og grend
Han fekk sin plass med utsyn over landet.
Og som profet i frå høge send, han vart ein merkesmann for bondestandet.
Og no, når Norges Bondelag tel tusenvis av lemer rundt i alle fylki -.
Me minnest han som slo det fyrste slag
Me minnest han som skipa dette lag - i attenhundrad-seks og nitti.

Sak i Fjaler heradstyre

"Oreigning, bautastein og klokkarløner i Fjaler" var overskrifta på eit stykke i Firda kort tid etter om det siste kommunestyremøtet, 10. juni. Ordførar Fagerheim gav då melding om at han på vegner av kommunen hadde teke imot "Landmark-bautasteinen" og at han hadde gjeve tilsegn om at kommunen såg det som ei ære å vyrdsla om dette minnesmerket.

Sterke protestar mot flytting år 2000

Fredag 28. juli 2000 vart Landmarksteinen flytta til Lillingstonheimen av Vestre Fjaler Bondelag og styret for stiftinga Lillingstonheimen. Dei ynskte å gje steinen ei betre plassering. Det kom straks harde protestar, spørsmål om mandat til å flytta steinen, ei rekkje argument for at steinen burde stått der han stod, jamvel krav om å flytta han attende. Avisa Firda vart no arena for eit langvarig oppgjer om flyttinga.

Dei ansvarlege for flyttinga vedgjekk at dei nok kunne ha informert betre, men meinte dei ikkje hadde gjort noko ulovleg. Korkje Sogn og Fjordane bondelag eller kommunen hadde hatt innvendingar. Motstandarane utfordra både det fylkeskommunale kulturforvaltningsnivået og det kommunale. Fylkeskultursjefen gjorde det klårt at det her ikkje var tale om eit kulturminne som kom inn under Kulturminnelova, og at det difor ikkje var ei sak for fylkeskommunen. Frå Fjaler kommune kom det fram at det ikkje ligg føre klåre retningsliner for saker av dette slaget, men per april 2002 var det ikkje kome noko teikn - i alle høve ikkje i Firda - på at kommunen akta å gjera noko meir med saka.

Det bør leggjast til at ikkje noko i avisfeiden tyder på at det er brukt skriftlege kjelder som seier noko om eigartilhøve, vern og vedlikehald. I tillegg til lokalavisene, er her minst tre arkiv å gå til: Sunnfjord krins av Norges Bondelag, Fjaler kommune - formannskapsarkivet, og Fjaler kommune - krinstilsynet for Tyssedalen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda. Førde. Fleire nummer 1937 og 2000-2002.
Jol i Sunnfjord. 1969 og 1996.
Avisa Firda Folkeblad. Florø. 11.06.1937.
Øvre-Eide, R.: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Nordfjord Sogelag 1973.

PERMANENT IDENTIFIKATOR