Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. november 2007

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Thorvaldsens Kristus-figur



Florø fekk ny kyrkje i 1882 og ein skulptur i staden for altertavle; ei etterlikning av Bernt Thorvaldsen sin Kristus-figur i Vår Frue kirke i København. To andre kyrkjer i Sogn og Fjordane har den same figuren. Den dansk-islandske bilethoggaren Bernt Thorvaldsen (1770-1844) sin Kristus-figur er elles godt kjend i bøker, på postkort, av til på eldre gravminne og som nipsgjenstand.

Thorvaldsens Kristusfigur på altaret i Florø kyrkje.

Thorvaldsens Kristusfigur på altaret i Florø kyrkje.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

I tre kyrkjer i Sogn og Fjordane

Kristus-figuren i Vår Frue kirke i København stod ferdig i 1821. Etter kvart fylgde andre kyrkjer etter med Kristus-figur på altaret i staden for den tradisjonelle altartavla, også i Sogn og Fjordane: - Eikefjord kyrkje i 1874, Florø kyrkje i 1882 og Gimmestad kyrkje i 1912.

"Den har ingen altertavle", skreiv Nordre Bergenhus Amtstidende i eit lite stykke om vigslinga av Florø kyrkje i 1882, "hvorimod der af en privatmand er foræret en alterfigur, nemlig et Kristus-bilde i legemsstørrelse. Statuen, der er særdeles vakker, skal have kostet 700 kroner fra værkstedet".

Eikefjord kyrkje, bygd 1812, vart påbygd i 1874 og utstyrt med ein etterlikning av Thorvaldsens Kristus-figur utskoren i tre. Bak statuen er det ein vegg som gjev inntrykk av innramming. På sokkelen stod (og står) skrive "Han er vor Fred."

Kristus-figuren i Gimmestad kyrkje, bygd 1912, kom som erstatning for eit bilete måla av Bernt Tunold. Det vart teke ned etter kort tid fordi kyrkjelyden ikkje likte det, og vissnok ikkje kunstnaren heller. Kristus-figuren vart kosta av sørstrendingar i Amerika.

Barndomsminne

Lars Trovik, fødd i Kinn prestegjeld i 1886, skreiv i 1930 om eit barndomsminne, - "altertavla" i kyrkja i Florø.

"Thorvaldsens Kristus.
Minne um altarprydnaden i Florø kyrkje.

Sjaa, han stend med opne armar
den uppstandne frelsaren,
og du høyrer ord som varmer:
"Kom til meg! Eg er din ven."

Ja, eg gjøymer dette minne.
fraa den tid, daa eg var barn,
det hev varma meg herinne,
løyst mi sjel or bolt og jarn.

Mangt eit fagert barndomsminne
som me gjøymde i vaar barm,
vart som vaksen, peikepinne -
naar me gjekk her sjuk og arm.

Foreldre frå Island

Bernt Thorvaldsen (1770-1844) vart i 1874 omtala som Nordens største kunstnar. Far hans, Gottskalk Thorvaldsson, fødd 1741 i Reinstour på Island, flytte til Danmark i 1757 og vart treskjerar.

I Roma det meste av livet

Bernt Thorvaldsen kom inn på Kunstakademiet i 1781 og fekk i 1793 gullmedalje for verket Peter og Johannes lækjer ein halt. Med reisestipend drog han i 1797 til Roma og vart buande der det meste av livet sitt. I 1803 laga han den vidgjetne skulpturen Jason.

Oppdrag i heimlandet

På slutten av 1700-talet vart København herja av fleire brannar og i 1807 utsett for øydeleggjande bombing. Gjenreisinga tok mange år. I 1820 var mange monumentale bygningar under oppføring, mellom dei Vor Frue Kirke. Thorvaldsen fekk tinging på utsmykkinga Kristus og apostlane. Kristus-figuren var ferdig i 1821, medan heile apostelrekkja var på plass i 1839.

Anektoder

Det har versert fleire anektode-liknande historier om korleis Thorvaldsen sin Kristus-figur vart som den vart. I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane(2000) står det:

"Thorvaldsen hadde visstnok først tenkt å framstille den sigrande Kristus med løfta hender, men valde å framstille Kristus som tek imot tollarar og syndarar. (..) Thorvaldsen streva lenge med å få det til. Ei anektode vil ha det til at han ein gong hadde hengt eit tørkle til tørk over dei løfta hendene, og då han kom tilbake hadde hendene sige ned."

"Ei kanskje meir truverdig forklaring er gitt gjennom kunstnarvenen H.E. Freund. Han kom til atelieret i Roma, og Thorvaldsen klaga over at han ikkje fekk det til. Då slo Freund ut med armane, (..) og sa: "Det kan da ikke være så vanskeligt!" - og slik fann Thorvaldsen den armstillinga han leita etter."

Indremisjonsbladet Sognevarden (1957) har ei anna forklaring:
"Det går mange fråsegner om dette arbeidet korleis meisteren vraka det eine utkastet etter det andre før han fekk fram den femnande og mottakande Kristus. Det er sagt at ein ser ikkje Frelsaren sitt andlet rett, før ein ligg på kne. M.a. er det fortalt at då han endeleg hadde funne formi, slik som ho hadde festa seg i hans kunstnartanke, sa han desse ordi: "Ja, no Thorvaldsen, no er du på retur sidan du ikkje finn meir ved Kristus-skapnaden som du kan gjera betre (..)."

Thorvaldsen-museum

Thorvaldsen flytte heim til København i 1839. Han testamenterte modellane sine og ei stor kunstsamling til byen. Thorvaldsens Museum vart bygt i åra 1839-1848.

Statue i Reykjavik

Då Island i 1874 feira 900-årsjubileum for den første innvandringa og den første landnámsmannen, Ingolv Arnarson frå Sogn og Fjordane, var gåva frå København eit Thorvaldsen-kunstverk støypt i bronse. Verket er eit sjølvportrett, Bertel Thorvaldsen stående ved Håpets gudinne. Thorvaldsen laga gipsmodellen etter at han var komen attende frå Italia. Det står óg ei avstøyping i Central Park i New York.

På statuen står - på islandsk og dansk:
Bertel Torvaldsen - født d. 19de November 1770, død d. 24de Mai 1844 - Nordens største kunstner - Paa fædrene Side af gammel islandsk Æt. - Dette Billede - støbt over Thorvaldsens egen model - gav - Landets Hovedstad - Thorvaldsens Fødeby og arving - til - Island - i anledning af dets Tusindaarsfest 1874.

kjelder:

Sognevarden. Firda Folkeblad. 25.07.1930.
På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord.
Informasjon frå:
Thorvaldsens Museum, København.