Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Eidsvoll-mannen Peder Hjermann



I byrjinga av april 1814 samlast 112 folkevalde utsendingar til riksforsamling på Eidsvoll. Tre av dei representerte Nordre Bergenhus Amt og det er reist minnesmerke over alle. Bonde Peder Hjermann frå Lærdal var ein av dei. Minnesteinen hans står på garden Stødno.

Stødno, garden til Hjermann-familien i Lærdal. Midt framfor våningshuset står minnesteinen over Eidsvoll-mannen Peder Hjermann.

Stødno, garden til Hjermann-familien i Lærdal. Midt framfor våningshuset står minnesteinen over Eidsvoll-mannen Peder Hjermann.

Eigar: I Lærdal Bygdebok IV.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Jens Hauge.

Reist 1914

Minnesteinen over Eidsvoll-mannen P. S. Hjermann står i gardstunet på Stødno. Det er ei prismeforma støtte i lys granitt fundamentert i eit rektangulært betongfundament i to nivå. På steinen står øvst 1814, deretter i boge EIDSVOLLSMANNEN og i motsett boge under: P.S. HJERMANN Nedst står: 17 MAI og 1914.Steinen vart reist til hundreårsjubileet for Eidsvolls-grunnlova 1914.

Biografi

PEDER PEDERSON HJERMANN, fødd på Stødno i Lærdal 1. desember 1754, var son til bonde og lensmann Peder Pederson Hjermann og Ingeleiv Lassedotter Øvre Eri. Han vart gift i 1775 med Berte Malene Tomasdotter Dalsøren i Luster.

Per var bonde på Stødno, og den femte på garden som skreiv seg Peder Hjermann. Alle brukarane har sidan hatt namnet Peder, - dei siste generasjonane Per.

Per Hjermann vart fyrst vald til valmann frå Lærdal prestegjeld. Valmennene møtte så i mars månad i Vik til valmøte der det skulle veljast tre av fem representantar for Nordre Bergenhus Amt. Per Hjermann vart vald saman med sokneprest Niels Nielsen i Holmedal prestegjeld og sorenskrivar Irgens i Sogndal. 
 

I 1801 skøytte Per og Berte Malene garden til systersonen hennar. Dei var barnlause. Ein munnleg tradisjon vil ha det til at det etter denne handelen melde seg eit par karar frå Hol med krav om odelsrett. Men så vart Per enkjemann i 1806. Han angra på gardsalet og løyste han inn att. I 1809 vart han gift med den 20 år gamle Elsa Sofie Sørensdotter Lem frå Årdal. Dermed var arvefølgja sikra. Dei fekk fem born.

Per Hjermann døydde i 1834 og vart gravlagd på Hauge gamle kyrkjegard. Kyrkjegarden vart nedlagt for lenge sidan og der er ingen gravminne der.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lærdal bygdebok. Bind IV, s. 587, 2001.
Øvre-Eide: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970.

PERMANENT IDENTIFIKATOR