Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Bautasteinen i Ålfoten



Eit kort stykke nedanfor kyrkja i Ålfoten står ein 4,5 m høg stein til minne om soldatar frå Ålfoten som var med i krigen 1807-1814. Bygdefolket omtalar han som "Bautasteinen". Ålfoten Ungdomslag reiste steinen i 1914. Innskrifta er særs fint hoggen.

Bautasteinen i Ålfoten, reist i 1914 til minne om soldatar frå Ålfoten som var med i krigen 1807-1814, står på eit dyrka jordstykke tett ved bygdevegen inn langs fjorden. Vegen som tek av til høgre, går opp til kyrkja, som ligg kring hundre meter frå hovudvegen.

Bautasteinen i Ålfoten, reist i 1914 til minne om soldatar frå Ålfoten som var med i krigen 1807-1814, står på eit dyrka jordstykke tett ved bygdevegen inn langs fjorden. Vegen som tek av til høgre, går opp til kyrkja, som ligg kring hundre meter frå hovudvegen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa

Steinen

Bautasteinen i Ålfoten vart sett opp i 1914 for å markera 100-årsdagen for Eidsvolls-grunnlova, og det var Ålfoten Ungdomslag som gjorde opptaket til reisinga og stod føre arbeidet. Steinen er av ein lokal gneisbergart og kan ha vore funnen ved foten av Kårnykjen, fjellet som reiser seg i vest på nær 1000 m o.h.
 

Skriftteikna er større enn vi til vanleg ser på minnesteinar, og svært fint hogne. Dei er 13-16 cm høge med djupn på frå 7 til 10 mm. Harald Bruland, fortel at det var far hans, lærar og kyrkjesongar Anders K. Bruland som var mann for innskrifta. Han laga seg meislar av gamle filer og laga ein bokstav for kvelden.

Markering 17. mai

Kvar 17. mai vert det lagt ned krans ved steinen, hornmusikken spelar og det er herifrå 17. mai-toget startar.

Ålfoten Ungdomslag

Ålfoten Ungdomslag vart skipa 24. juni 1896 etter at det nokre år hadde vore eit leselag i bygda. Kyrkjesongar Thuland stod i brodden, og laget gjekk godt i fleire år. I 1908 vart lærar og kyrkjesongar Anders Bruland frå Utvik ei berande kraft i laget. Heilt frå starten var opplesing frå det handskrivne lagsbladet "Kåre", oppkalla etter fjellet Kårnykjen, ein fast programpost på møta. Dei eldste nummera er diverre bortkomne. Laget har eige hus og er framleis i drift.

Andre minnesteinar

Bautasteinen i Ålfoten er ein minnestein om innsats i krig for fedrelandet. To andre minnesteinar av same slaget med tilknyting til Ålfoten må òg nemnast. Den eine er ein minnestein på Nordfjordeid, reist i 1914, til minne om   a l l e    frå Nordfjord som miste livet i krigsteneste i åra 1807-1814. Den andre står inne på kyrkjegarden i Ålfoten. Den er sett til minne om ein frå Ålfoten som kjempa for fred og fridom nær 150 år seinare. Rasmus M. R. Nyvoll fall på slagmarka i Italia 24. mai 1944.

kjelder:

Sande, Ola: Firda Ungdomslag i 25 aar (1896-1921). Sandane 1922.
Aaland, Jakob: Bygdesoga Innvik Stryn. Bind II, ny utgåve. Sandane 1974.
Opplysningar frå:
Harald Bruland, Bremanger kommune.