Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. mars 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnesmerke over falne på Bryne - Jon Lemvik



Hesten på sokkel ved Time rådhus på Bryne, er kommunen sitt minnesmerke over falne i andre verdskrigen. Ein av dei falne var innflyttar frå Årdal i Sogn. Jon Lemvik var fødd i Årdal i 1908 og gjekk på skule der. Då mora vart enkje i 1926, flytte ho med borna til Rogaland og busette seg i Time. I Årdal vart Jom Lemvik omtala som årdøl lenge etter han flytte frå bygda.

Minnesmerket over dei falne frå Time står ved rådhuset på Bryne.

Minnesmerket over dei falne frå Time står ved rådhuset på Bryne.

Eigar: Time kommune

Datering: 2006

Fotograf: Sigbjørn Reime

Sigerskrans på sokkelen
Minnesmerket ved rådhuset på Bryne - ein steilande hest på høg granittsokkel - har ein romersk sigerkrans og årstala 1940 - 1945 hogd inn i fronten. På sida står dei siste linene i det sjette verset i Arne Garborg sin fedrelandssong Gud signe Noregs Land:

VÅR ELSK OG BESTE AKT
VÅRT LIV OG ALL VÅR MAKT
SKAL VERA NOREGS VAKT
TIL SISTE STUND

Personopplysningar om Jon Lemvik i bokverket Våre falne
"LEMVIK, JON, fyrbøter, Time. Født 4. oktober 1908 i Årdal i Sogn, s. av Johannes M. Lemvik, f. 1874 i Luster, d. 1924 i Oslo, og Ragna f. Svanøe, f. 1878 i Bergen. Gift 1933 i Time med Grete Aarsvold Henriksen, f. 1908 i Stavanger. 1 barn. Artium, handelsgymnas. Dro til sjøs som fyrbøter på d/s Solhavn. Var med under evakueringen fra Dunkerque 1940, ble såret og lagt inn på hospital, hvor han døde 11. mai(*) 1940. Gravlagt i Rouen."
*) Evakueringa av Dunkerque skjedde 20.05-04.06.1940. Dødsdatoen 11. mai må vera feil, 11. juni passar betre.

Ville ha meir enn ei minnetavle
I byrjinga av sekstiåra kom arbeidet i gang med å reisa eit krigsminnesmerke i Time. Det skulle vera eit skikkeleg minnesmerke, ikkje berre ei minnetavle. Frå før hadde ein minnetavle over dei som vart avretta i Trandumskogen 21. mai 1942 ved Time-kyrkja.

Steilande hest på granittsokkel
Det vart sett ned ein monumentkomite med Torger Erland som formann. Kunstnaren Ståle Kyllingstad fekk oppdraget med å utforma eit forslag til monumentet. Det var ikkje første gongen Kyllingstad laga krigsmonument, men ingen av dei tidlegare hadde fått ei så grensesprengande utforming: Ein steilande, trassig hingst i bronse på høg granittsokkel. At det vart ein hest er ikkje så rart: Kyllingstad er ein av våre fremste kunstnarar på dyrefigurar, og særleg hestar, som han har laga fleire av.

Avdukinga
Den 17. mai 1968 fekk så Time sitt minne over dei falne. På ein litt kulsen nasjonaldag vart monumentet avduka. Det var flaggborg av speidarar og æresvakt av heimevernsoldatar. Til opning las A.K. Fylling diktet De beste av Nordahl Grieg. Domprost Christian Svanholm heldt talen og føretok avdukinga. "Minnesmerket skal stå som eit symbol på den kraft og trass mot uretten som dei falne synte. Dei kjende seg eitt med landet og bygda si, og det var denne solidaritetskjensla som gav innsatsen deira meining", sa Svanholm mellom anna.

Ordførar Bert Tungland tok imot statuen på vegner av Time kommune og takka. Ståle Kyllingstad fortalde om arbeidet med og utforminga av monumentet. Hesten skal ikkje berre vera ein heider til dei som ofra livet sitt for fedrelandet, han skal óg minna om fridom og sjølvstende, og heidra dei som har vore med og bygt Jæren.

 

kjelder:

Våre falne. Bind 3. Oslo 1948-1951.
Kulturhistorisk leksikon:
KAL/SFF- 565.1400 Bortkomen krigsgrav i Rouen - krigsseglar Jon Lemvik
Informasjon frå:
Sigbjørn Reime, Time.
Rønnaug Lemvik, Time.

PERMANENT IDENTIFIKATOR