Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Erik Kjøsnes



Erik Kjøsnes frå Jølster var under krigen 1940-1945 busett i Bergen. Han kom med i motstandsrørsla, vart arrestert i 1941 og seinare send til Tyskland. Det siste ein veit om Erik Kjøsnes, er at han var med ein fangetransport for å koma unna russarane i 1945. 17. mai 1947 var det avduka ein minnestein over han ved Helgheim kyrkje.

Frå avdukinga 17. mai 1947. Biletet står i bygdeboka for Jølster på side 481 og i biletteksten står namna på dei fleste personane.

Frå avdukinga 17. mai 1947. Biletet står i bygdeboka for Jølster på side 481 og i biletteksten står namna på dei fleste personane.

Eigar: I Bygdebok for Jølster.

Datering: 1947.

Fotograf: Ukjend.

Minnesteinen

Minnesteinen over Erik Kjøsnes står på kyrkjegarden på Helgheim, attmed muren i vestre enden, nær inngangen til kyrkja.
Øvst står i boge over eit ansiktsrelieff: ALT FOR NOREG
Under relieffet står: ERIK KJØSNES * FØDD 17. MAI 1899 * DØYDDE I TYSK FANGENSKAP * FOR FRIDOM OG FEDRELAND * KRIGEN 1940-45 * TIL MINNE * OG MANING!

Biografi i bokverket Våre falne

KJØSNES, ERIK, postbetjent, Bergen. Født 17. mai 1899 i Jølster, son av Moses Kjøsnes, f. 1874 i Jølster, og Marta f. Klakegg, f .1878 same stad. Gift 1924 i Hamre med Marie Hamre, f. 1901 i Hamre. 4 barn. Var medlem av Stein-organisasjonen. Ble arrestert 7. oktober 1941 og senere sendt til fangeleir i Breslau. Kom på transport i januar 1945 da russerne rykket fram, og er siden saknet.

Heile Jølsterbygda med

Dei frilynde ungdomslaga gjekk i brodden for å reisa ein minnestein, og det vart sett ned ei arbeidsnemnd. Arbeidet tok til i mai 1946 med Bjarne Sandnes som kasserar. Heile Jølster var med. Det kom inn gåver frå ungdomslag, einskildpersonar og kommunen. Året etter var steinen oppsett og avdukinga lagt til 17. mai 1947.

Avdukingshøgtida

Mykje folk var samla til høgdtida då Stardalen mannskor opna med å syngja Per Sivle sin song Varde, til tone av Johannes Haarklou. Sokneprest Guttorm Kallhovd heldt avdukingstalen. Han tala om livslagnaden til Eirik Kjøsnes, om offeret hans for eit fritt Noreg, og om ansvaret kvar einskild har til å vera med og tryggja og byggja landet. - Minnet etter Erik Kjøsnes skal leva mellom oss, sa han til slutt. "Så skal steinen stå der og tala om det han ofra og gav, - til maning for oss og for ættene som kjem! Lat duken falla!"
Lars Klakegg, ein slektning av Erik, takka frå slekta for arbeidet som var gjort med å få reist steinen.

Steinorganisasjonen

Steinorganisasjonen var ein motstandsorganisasjon i Bergen leia av postekspeditør Kristian Stein. Gruppa, som var aktiv frå sommaren 1940 til oktober 1941, dreiv med mange illegale tiltak, - som aviser, englandsfart, etterretning, radiosending og våpenøvingar. Etter kvart voks organisasjonen til bortimot 1500 personar.
Den 2. oktober 1941 slo Gestapo til. Saman med over 200 vart Kristian Stein arrestert og sommaren etter sende til Tyskland som NN-fangar. (Nacht und Nebel - fangar som skulle forsvinna i "natt og tåke"). Stein vart dømd til døden og avretta 28. juni 1943. Åtte andre vart og avretta i Tyskland, medan 46 døydde under fangenskapet.

kjelder:

Firda. 13.05. og 16.09.1947.
Befring, Sverre J.: Ungdomsår i hærsett land. 2002.
Norsk krigsleksikon 1940-1945. Oslo 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR