Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Andrias Bryn i Gudvangen



Tett attmed vegen i Gudvangen står ein minnestein over matros Andrias Bryn, fødd 1918. Han reiste til sjøs før krigsutbrotet i 1939 og miste livet i ei forferdeleg eksplosjonsulukke på hamna i Algér i juli 1943. Folket i Nærøydalen reiste minnesteinen i 1946.

Minnesteinen over Andrias Bryn står på austsida av vegen i tettstaden i Gudvangen. Han er innhegna med eit flettverksgjerde.

Minnesteinen over Andrias Bryn står på austsida av vegen i tettstaden i Gudvangen. Han er innhegna med eit flettverksgjerde.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Den prismeforma steinen i lys granitt er innhegna av eit flettverksgjerde. Han står i tunet der Andrias voks opp, attmed vegen eit par hundre meter frå ferjekaia. Øvst på steinen er det norske flagget sett inn, og noko under midten er det slipt ut eit felt for innskrifta. Det står:

Falt for sitt land * ANDRIAS BRYN * GUDVANGEN * født den 16/6 1918 * Omkommet i Algier, Nord * Afrika den 16/7 1943 * Reist av folket i Nærøydalen * den 21/7 1946

Omtale i bokverket Våre falne

"BRYN, ANDRIAS A., matros, Aurland. Født 16. juni 1918 i Aurland, s. av Anders Emil Larsen, og Martha Lassedotter Bryn, f. 1898 i Aurland. Var på d/s Bjørkhaug og omkom 16. juli 1943, da en mine eksploderte under innlastingen i Algier i Nord-Afrika."

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka søndag 21. juli 1946. Sokneprest Rudjord heldt avdukingstalen og klokkar Per Hatlelid las Nordahl Grieg-diktet "Til den falne". - Mykje folk var samla, skreiv ein meldar til avisa "Sogn og Fjordane", og alle vart etterpå trakterte med mat og kaffi.

Katastrofen i Algér

Lasteskipet D/S "Bjørkhaug" låg 16. juli 1943 ved kai i Algér og lasta skrapjern, tomme patronhylser og tyske og italienske landminer. Dette var sommaren etter at allierte styrkar gjekk til offensiv i Nord-Afrika og tok til å driva tyske og italienske styrkar tilbake. Minene skulle etter det som var sagt, vera ufarlege.

*Kl. 15.25, medan mannskapet hadde kaffipause, kom ein fælsleg eksplosjon som sprengde bort heile framskipet og reiv opp og trykte inn store delar av midtskipet. Akterskipet heldt seg flytande med midtskipet delvis nede i sjøen. Mannskapet akterut kom seg i land ved eiga hjelp, folka i midskipet, der det var sju såra, vart berga i ein motorbåt, medan alle som oppheldt seg i framskipet, og 3 mann midtskips omkom.

Av heile mannskapet miste 9 mann livet; 4 nordmenn, 3 britar, ein danske og ein russar. Eksplosjonen utløyste fleire eksplosjonar i hamneområdet med katastrofalt utfall. Ein reknar med at kring 1000 menneske miste livet, dei fleste arabiske hamnearbeidarar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 31.07.1946. Leikanger.
Våre falne. Fyrste bind. Oslo 1948.
Hegland, Jon Rustung: Nortraships flåte. Krigsseilasen under den allierte offensiv. 2. del. 1942-1945. Oslo 1976.

PERMANENT IDENTIFIKATOR