Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein i Fardal om soldatar i ufredsåra 1807-1814



Sogndal kommune har to minnesteinar over soldatar som var med i krigen mot Sverige i ufredsåra 1807-1814. Den eine står i Fardal på ein bergknaus nedmed sjøen på Storekleivi.

Minnesteinen i Fardal står på Storekleivi på ein bergknause nett attmed den gamle bilvegen. Vegen vart lagd om her kring 1960 og går no beint gjennom ei skjering oppom minnesteinen, til venstre i biletet.

Minnesteinen i Fardal står på Storekleivi på ein bergknause nett attmed den gamle bilvegen. Vegen vart lagd om her kring 1960 og går no beint gjennom ei skjering oppom minnesteinen, til venstre i biletet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Ufredsåra 1807-1814

I 1807 kom Danmark-Noreg i krig med Sverige. Mange frå Sogn og Fjordane vart innkalla og i fleire vender sende austover for å verja landet. Dei hadde det hardt på fleire vis, - smått med mat og klede, elendige sanitærforhold, sjukdom herja og det kom til krigshandlingar fleire gonger. Mange miste livet eller fekk livsvarig mein, og fleire av sjukdom enn av krigshandlingar.

Mange 1814-steinar i Indre Sogn

Ved årsskiftet 1913/1914 rykte den sterkt nasjonalsinna oberst Henrik Angell ut i lokalbladet Sogns Tidende med ei sterk oppmoding, og med særleg adresse til ungdomslaga, om å reisa bautasteinar over dei som i ufredsåra 1807-1814 "frelste vaar fridom og vaart sjølvstende." Angell slutta det sterke og kjensleladde avisinnlegget sitt med fylgjande sats: "Hogg so inn i steinen anten namni paa hine fedrelandsforsvarar eller so berre dette: "Steinen er reist til minne um dei som skreiv 17. mai 1814 med sitt blod" eller noko liknande. Men skriv paa norsk!"
 

Fleire sende lesarbrev til avisa og støtta oppmodinga, noko avisa sjølv også gjorde, jamvel fleire gonger. "Slike steinar", skreiv avisa, "vil staa som minne fyrst og framst yver dei som dei er sette til minne um, men framigjenom aari vil dei ogso staa som talsmenn um tankegangen i den tid som reiste steinane. Dei vil staa som fedralandet sine talsmenn, og binda tankar og kjenslor saman fraa ætt til ætt, fraa hundradaar til hundradaar."

Nørene reiste bautastein

I Norum kyrkjesokn gjekk dei i gong med å reisa minnestein over soldatane frå deira bygd som var med i Svenskekrigen 1807-1814. (Norum er namn på kyrkjesoknet, kyrkja heiter Norum kyrkje og folk inne i Sogndal seier "uti Noradn". Nører er ei folkeleg nemning på folk frå Norum kyrkjesokn). Dei sette han tett attmed bygdevegen i Fardal på ein bergknaus med ope utsyn mot fjorden.

Steinen

Den kring 8 meter lange steinen kom frå Svihaug langt ute i Ølmheimsmarka. Steinen bar spor som kunne tyda på at han hadde vore under arbeid før, og folk meinte han ein gong var påemna til bautastein på Sverdavollen. Dei drog han inn til Ylvisåker, skaut ut ei steinkista i ein bergnabbe attmed vegen på Storekleivi og reiste han der.

Innskrifta

Innskrifta er vanskeleg å lesa fordi skriftteikna er små og grunt innhogne eller innrita. Tal og bokstavar har ein gong vore måla i raud farge, men fargen er i år 2001 nesten heilt borte. På framsida, som vender mot sjøen, står: MINNE * UM DEI NØRER * SOM VAR MED * I KRIGEN 1807-14 * (så eit mellomrom markert med ei kort line og) 17. MAI 1914

Avdukingshøgtida

Steinen vart reist i 1914 som markering av 100-årsjubileet for Grunnlova. Lokalavisa Sogns Tidende, som kom ut i Sogndal, hadde ei kort notis om avdukinga. Over 100 menneske var med. Dei gjekk i tog frå Nygard skule til bautasteinen på Storekleivi. Jakob Holen stod for avdukinga og etterpå var det to talar. Olav Fjæren heldt tale for dagen og Hans Fardal heldt tale om Henrik Wergeland. Om kvelden var det fest hjå Sigvald Ylvisaker.

Andre "1914-steinar" i Indre Sogn

Indre Sogn har tilsaman 10 bautasteinar reiste til minne om forsvaret av landet i åra 1807-1814 og grunnlovsåret 1814, - åtte krigsminnesteinar og to minnesteinar over Eidsvoll-menn, dvs. representantar i grunnlovforsamlinga som sat saman frå 10. februar til 19. mai 1814.

Den fyrste blei reist i Lærdal i 1902 som hundreårsmarkering for opprettinga av Det Lærdalske lette Infanterie Compagni og innsatsen i ufredsåra. Dei to neste vart oppsette i Årdal (1903) og Fresvik (1913). Dei andre vart reiste i jubileumsåret 1914.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Tidende. 1905.1914. Sogndal.
Heimbygda vår Sogndal. Årbok VII. Sogndal 1938.

PERMANENT IDENTIFIKATOR