Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnesmerke om Lodalsulukkene 1905 og 1936



Lodalsulukkene i 1905 og 1936 kravde 135 menneskeliv. Begge gongene rasa det veldige steinmassar frå Ramnefjellet ned i Lodalsvatnet som skapte enorme flodbylgjer. Gardane Nesdal og Bødal vart særleg hardt råka, men i 1936 gjekk det også med liv og eigedom på andre gardar. Til minne om ulukkene vart det sett opp 6 minnesmerke, men berre fem finst att. Det sjette vart teke av flodbylgja i 1936.

Ramnefjellet på austsida av Lodalsvatnet. Rasa i 1905 og 1936 kravde 135 menneskeliv. I eit stort ras i 1950 gjekk det ikkje med menneskeliv.

Ramnefjellet på austsida av Lodalsvatnet. Rasa i 1905 og 1936 kravde 135 menneskeliv. I eit stort ras i 1950 gjekk det ikkje med menneskeliv.

Eigar: Stryn kommune.

Datering: 1963.

Fotograf: Normann (postkort)

Raset og flodbylgja i 1905

Søndag kveld 15. januar mellom klokka 23 og 24 høyrde folk i Lodalen to fæle brak frå Ramnefjellet som reiser seg stupbratt opp til vel eitt tusen meter o.h. på vestsida av vatnet. Eit fjellstykke losna om lag 500 meter oppe i fjellet og tok med seg ei stor steinur nedunder. Alt saman fór på vatnet og ei veldig flodbylgje braut straks etter inn over gardane Bødal og Nesdal.

Fjellstykket som rasa ned var om lag 100 m høgt, 50 meter breitt og 10 meter tjukt, eller 50 000 kubikkmeter stein med ei vekt på om lag 125 000 tonn. Medrekna ura og auren raset reiv laust nedunder, fór ufattelege 870 000 tonn masse ut i vatnet.

Gravstein og minnestøtte etter 1905-ulukka

61 menneske omkom og berre 9 vart funne. Av dei vart sju gravlagde 20. januar, ein 27. januar og ein 29. april. Seinare vart det sett opp ein felles gravstein med namna og orda: HER KVILER 9 AV DE 61 * SOM OMKOM VED ULYKKEN * FRA RAVNEFJELD 15/1 * 1905. Steinen står på nordsida av kyrkja i Loen.

Dei andre 52 fekk si grav i vatnet. Til minne om desse vart same året reist ein om lag 5 meter høg bautastein på det høgste punktet på Nesodden. Avdukinga skjedde 13. juni 1905 i samband med ei minnehøgtid. Under ein kross øvst stod denne innskrifta:

MINDE * om ulykken * 15/1 1905 * hvorved 27 * paa Bødal og * 34 paa Nesdal * omkom

Lærar Bernt Hogrenning skreiv ein song på 12 vers til avdukingshøgtida. Siste verset lyder slik:

Den bautastein, me her har sett
med ålvor manar unge ætt.
Ver alltid budd! Du veit ei visst
når livet sloknar ut til sist.

Minnesteinen om ulukka i 1905 finst ikkje lenger. Berre tre bøygde jarnboltar står att. Den 13. september 1936 gjekk det eit nytt ras frå Ramnefjellet. Flodbylgja sopte med seg minnestøtta som alt anna som kom i vegen. Det hjelpte ikkje at steinen stod i ein betongfot på 2x2x1 meter bolta fast i berget med 4 svære jarnboltar. Den eine vart riven laus or festet sitt. Dei tre andre står att, nedbøygde langs berget.

Raset og flodbylgja i 1936

Raset i 1936 gjekk i halv femtida søndag morgon 13. september. Eit nytt fjellstykke, den gongen mykje større enn i 1905, på omlag ein million kubikkmeter, losna 800 meter oppe i fjellsida og styrta rett i vatnet. Flodbylgja som var opp mot 70 meter på det høgaste, fekk katastrofale fylgjer, jamvel om dei fleste husa no stod lenger inne på land og høgare oppe enn i 1905. På Bødalsbruka miste 44 menneske livet og på Nesdalsbruka 23. Også nedover vatnet gjorde flodbylgja i 1936 stor skade på liv og eigedom. På eit bruk under Hogrenning miste to smågutar livet, og heilt nede i Vassenden omkom to menneske. Utover hausten gjekk det fleire større og mindre ras, men til all lukke gjekk det ikkje med fleire menneskeliv.

Gravminne og minneplate

Dei fann 33 omkomne etter raset i 1936. Alle vart gravlagde på kyrkjegarden på sørsida av kyrkja i Loen, og gravene er markerte med einsarta gravminne.
På årsdagen for ulukka, 13. september 1937, vart det avduka ei minneplate festa i berget ved vegen inn til Kjenndalen. Her står namna på alle som ikkje vart funne både etter ulukka i 1905 og i 1936. Dessutan står fylgjande oppe:

TIL MINNE UM DEI EIN IKKJE FANN ATT MEN SOM FEKK * SI GRAV I VATNET HER VED DEI TO LODALSULUKKENE * DEN 15. JANUAR 1905.

Nede står:

UM FJELLI VIK OG HAUGARNE SVIKTAR, SO SKAL * IKKJE NÅDEN MIN VIKA FRÅ DEG OG MI FREDSPAKT * SKAL IKKJE SVIKTA, SEGJER HERREN SOM * MISKUNNAR DEG

Minnetavle i Loen kyrkje

13. september 1981, 45 år etter ulukka i 1936, vart det avduka ei namnetavle i Loen kyrkje. På tavla, utskoren av Magne Holter, og med omsyn til innhaldet laga som kopi av minneplata dei sette opp i 1937, står namna på dei omkomne som ikkje vart funne. Eilert Eriksen, tidlegare sokneprest i Stryn, heldt avdukingstalen.

Minnesmerke ved Loen kyrkje

Det sjette minnesmerket om Lodalsulukkene står på parkeringsplassen framfor Loen kyrkje og vart oppsett i 1988. Den eine steinen minner om ulukka i 1905, den andre om ulukka i 1936. På steinane står namna på dei omkomne huslydsvis og med alder.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nesdal, Sigurd: Lodalen - fager og fårleg. Norsk Folkeminnelags skrifter 125. Oslo 1983.
Informasjon frå:
Stryn kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR