Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Skog og minnestein på Ersholmen



På Ersholmen mellom fastlandet og Selja vart første freistnaden på skogplanting i Selje gjort av sokneprest Johan Daniel Stub Landmark i 1876.

Ersholmen sett frå fastlandet med øya Selja i bakgrunnen til venstre og Stadlandet til høgre.

Ersholmen sett frå fastlandet med øya Selja i bakgrunnen til venstre og Stadlandet til høgre.

Eigar: Borgny Dam-Nielsen.

Datering: 2001.

Fotograf: Borgny Dam-Nielsen.

Presten som planta eit varig minne etter seg

Johan Daniel Stub Landmark var fødd i Fjaler i 1820. Han vart sokneprest i Selje i 1875, og døydde der i 1882. Han var gift med Elisabeth Laurense Rein, dotter til diktarpresten og Eidsvoll-mannen Jonas Rein. Landmark ga ut fleire lærebøker i rekning og rettskriving. I Selje sette han eit varig minne etter seg då han i 1876 fekk planta skog på den skogfrie Ersholmen. Dette vart ei god prøve på skogplanting i eit barskt kystklima.

Ersholmen og skogplantinga

Ersholmen ligg vêrhardt til for mest alle slags vindretningar, og grovsjøen vaskar ofte langt innover den vesle holmen. Jorda var svært sur og våt, difor måtte det grøftast før plantinga kunne ta til. Deretter vart det planta 500 buskfurer, 500 vanlege furutre, 200 kvitgraner, 100 vanlege grantre, 400 lerketre, 24 asketre, 24 svartor og 12 eiketre. Det vart dessutan sådd frø av svartor, bjørk, lønn, rogn og asal. Skogen voks og trivdes, og ei tid vart det drive hogst på Ersholmen.

Nyttårsorkanen i 1991

Etter kvart som skogen voks seg høg og tett, gav han fastlandet innafor god livd for vinden. I meir enn 100 år stod mesteparten av trea der og trassa all slags vêr, men under nyttårsorkanen i 1991 gjekk det hardt ut over skogen. Ennå i dag ligg det svære vasar av store, rotvelta tre på heile området, og inne frå fastlandet kan ein tydeleg sjå at skogen er vorten meir glissen.

Minnstøtta på Ersholmen

Skogverget reiste ein minnestein på Ersholmen over sokneprest Landmark. Den om lag to meter høge steinen står på sørsida i ein bjørkelund heilt nede i sjøkanten.
Følgjande tekst er hogd inn i steinen:

Johan Daniel Stub Landmark
Sognepræst til Selø
1875 - 1882

Sin moders brøst han dække vil
Det er en kjærlig tanke
Henr. Wergeland

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Band 1. Oslo 1957. Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Oslo 1957.

PERMANENT IDENTIFIKATOR