Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kloumann-skulpturen i Høyanger



Svært få personar får oppleva å vera med på avduking av minnesmerke over seg sjølv. I Høyanger var det ei slik hending i 1929. Ingeniør Sigurd Kloumann, grunnleggjaren av industrisamfunnet og direktør ved industriverksemda NACO, var hovudperson under avdukinga av den seinare kalla Kloumann-skulpturen, - ei heidersgåve frå funksjonærar, arbeidarar, bygdefolk, fleire lag og foreiningar, og Høyanger kommune.

Utover i 1920-åra byrja det nye industrisamfunnet Høyanger å ta form. Norsk Aluminium Company (NACO) var langt føre si tid på mange område. Dei fremste arkitektane i landet vart engasjerte til å forme den nye "byen" og resultatet vekte oppsikt. På 1930-talet vart Høyanger karakterisert som den vakraste industribyen i landet.

Utover i 1920-åra byrja det nye industrisamfunnet Høyanger å ta form. Norsk Aluminium Company (NACO) var langt føre si tid på mange område. Dei fremste arkitektane i landet vart engasjerte til å forme den nye "byen" og resultatet vekte oppsikt. På 1930-talet vart Høyanger karakterisert som den vakraste industribyen i landet.

Eigar: I Gamle Høyanger.

Datering: 1920-åra.

Fotograf: Fotgraf: Ukjend.

Kloumann-skulpturen

Kloumann-skulpturen står på ein open plass ned mot kaien ved enden av Storgata og Kloumanns Allé. Det er ei bronsebyste plassert på ei kring 2,5 m høg søyle i slipt granitt. Skulpturen er laga av Dyre Vaa. På ei kvadratisk steinplate ved foten er i to ringar innskrive:

I innersirkelen:
TILEGNET·DIREKTØR·S·KLOUMANN·DER GRUNNLA·OG BYGGET·DETTE·STED·
I yttersirkelen:
REIST·PAA·HANS·50·AARSDAG·1 JULI·1929·AV·INNBYGGERE·I·
HØYANGER·VENNER·OG·MEDARBEIDERE·

Ingeniør og industrimann

Sigurd Kloumann (1879-1953), fødd i Vadsø, busett i Oslo, var son til sorenskrivar Fredrik Julius Kloumann og Karen, fødd Løwold. Han voks opp og gjekk på skule i Farsund, studerte ved Kristiania Tekniske skule og tok eksamen på bygningslina i 1899.

I åra 1902-1915 var han engasjert i utvikling av ny teknologi i kraftutbygging og kraftkrevjande industri, like eins i prosjektering og utbygging av store kraftanlegg og industrianlegg fleire stader i landet. I 1915 var han med og starta to prosjekt i Høyanger, A/S Høyangerfaldene og Norsk Aluminium Co. (NACO), utbygde i åra 1916-1918. Under leiing av Kloumann voks det på få år fram ein industriby på ca. 3000 menneske der det før berre hadde vore eit par avsidesliggjande gardar.

Kloumann var administrerande direktør i NACO til 1946. Han var samstundes engasjert i ei rekkje kraftutbyggingsprosjekt og industritiltak andre stader i inn- og utland.

Fleire heidersdikt

Sigurd Kloumann budde aldri i Høyanger sjølv om han var direktør for NACO i 31 år. Men 50-årsdagen sin, og 30-årsjubileet som ingeniør, feira han i den nye industristaden. Han kom med stort følgje i eigen skyssbåt, natta før den store festdagen.

Fleire hadde skrive heidersdikt, - Gunnar Reiss-Andersen, signaturen Th.B og S.D. Th.B. skildrar Høyanger frå det låg aude og tomt til industriutbyggjarane kom og omskapte staden til eit livskraftig industrisamfunn. Siste verset prisar industribyggjaren:

Bak det hele står en mand
En banebryter for vort land
En mand, hvis vilje, skaperånd
Naturens krefter la i bånd.
Vamma - Svælgefoss - Rjukanfoss
Bød han skaperviljens trods
Saudefaldene blev bragt
Taus i ro - i lænker lagt.
I den vilde Sognefjord
Efter sig han satte spor.
Op der reiste sig en by -
Glans faldt på hans navn påny.
Hans kjæmpeværk blev bragt i havn
Høyanger er byens navn.
Mannen - han i dag er her.
Sigurd Kloumann! Hilset vær!

Avdukinga

Nær 1000 menneske var samla under avdukinga, måndag 1. juli 1929, kl. 14.30. Fagforeningens Hornmusikk og Høyanger Mannskor deltok med fleire framføringar. Byggmeister Svendsen las dikt til Sigurd Kloumann av Gunnar Reiss-Andersen. Det var fleire talar. Gardbrukar Anders Berge heldt avdukingstalen, og elles var det tale av ordføraren, Gunnarskog og hovudpersonen sjølv.

Kloumann byrja med å seia at han hadde vore i tvil om å seia ja til ei byste til ære for seg sjølv. Men etter å ha rådført seg med gode vener, hadde han likevel gjeve sitt samtykke. Han ønskte no å dela heideren med mange. Kloumann uttalte vidare at Høyanger hadde blitt den staden som stod hjarte hans nærast. Det var her han for fyrste gong stod som øvste leiar med alt ansvar for eit heilt nytt industrisamfunn.

"Dersom denne æresbevisning er en innrømmelse av vår gode vilje til å gjøre det beste, da er jeg fornøiet og takker for den ære som er vist meg", sa han til slutt, og bad tilhøyrarane om å vera med i eit tre gonger tre hurra for Høyanger.

Helsingar og gåver

Det kom mange helsingar til heidersgjesten. Han fekk blomar frå staden og utanfrå, og utover dagen hadde personalet på telegrafstasjonen fullt arbeid med å skriva ut mellom 2 og 300 telegram.

Kloumann var elles sjølv raus med gåver i høve dagen. Folkets Hus fekk 300 bøker til boksamlinga si, Høyanger Ungdomslag 150. Dei to idrettslaga på staden, Høyanger Idrettsforening og Sportsklubben Falken fekk kvar sitt vandreskjold i drive sølv og kvart sitt silkebanner. Høyanger Svømmeklubb fekk ein vandrepokal i sølv.

Kunstnaren - Dyre Vaa

Dyre Vaa (1903-1980), norsk bilethoggar, fødd i Kviteseid, -
" - i årevis ei leiande kraft blant norske bilethoggarar. Han var den mest produktive bilethoggaren ved sida av Gustav Vigeland. Han var mannen bak Holbergmonumentet, eventyrfigurane på Ankerbrua og svanefontena ved Rådhuset i Oslo, sjømansmonumentet i Bergen, ørnene i Haugesund, Heilag-Olav på Stiklestad og ei rad andre arbeid rundt om i landet." (I omtale av Dyre Vaa-biografien 1997).

Biografien reknar opp kring 250 Dyre Vaa-arbeid. Sogn og Fjordane har minst fire: 1) 1929: Sigurd Kloumann, bronsebyste, Høyanger, 2) 1948: Mor Noreg, granittstatue, monument over falne, Nordfjordeid, 3) 1955: Gustav Indrebø, bronsebyste, Årdal i Jølster, 4) 1966: Sokneprest Olav Skarstein, relieff på minnetavle, gneis, Olden kyrkje.

kjelder:

Norsk biografisk leksikon.1936.
Høyanger Avis. 01.07, 06.07.1929. Høyanger.
Byrkjeland, Martin: Bluss. Arbeidarar og fagforening ved Høyanger Verk 1916-1986. 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR