Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Henrik Angell



Framfor omsorgssenteret i Dale i Luster står ein ruvande minnestein over ein mann som vart vide kjend for stor innsats innan idrett og friluftsliv, forsvarssak, målsak og den frilynde ungdomslagsrørsla. Henrik August Angell (1861-1922) vart fødd og voks opp i Luster. Familien flytta til Bergen då han var 10 år gamal.

HENRIK ANGELL Relieffet er laga av bergenskunstnaren Ambrosia Tønnesen.
Datering: 2000.

HENRIK ANGELL Relieffet er laga av bergenskunstnaren Ambrosia Tønnesen. Datering: 2000.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Angell-steinen

 

Avdukinga

Oberst Henrik August Angell døydde 26.1.1922. Året etter tok Sogns Ungdomslag opp spørsmålet om å reisa ein minnestein på fødestaden hans. I eit opprop i fleire aviser vart alle ungdomslaga i Sogn særleg oppmoda om å støtta arbeidet. Responsen var god. Den 22. august 1924 var alt klart for avdukingshøgtid. Kring 1200 menneske møtte fram. Lærar Jens Kvåle heldt avdukingstalen. Formannen i Sogns Ungdomslag, Sigurd Fjøsne, overleverte steinen til Luster kommune, og ordførar Jens Døsen takka og lova å ta vare på minnesmerket på det beste. Sonen Atle Angell takka frå familien for den æra som her vart synt far hans.

Henrik August Angell

Henrik August Angell (1861-1922), son av kaptein Johan Møllmann Lysholm Angell og Marie With Bonnevie, var fødd 22.8.1861 på Kvåle i Luster. Familien flytta til Bergen 1870. H.A. Angell vart offiser, gjorde teneste på fleire eksisstader, steig i gradene og vart i 1911 oberst og sjef for Akerhus infanteriregiment.

Året 1890 gifte Henrik Angell seg i København med Gerda Henriette de Serene de Acqueria. Dei busette seg seinare på Bygdøy.
Henrik Angell vart i samtida og seinare kjend for stor innsats på ei rekkje felt: idrett - serleg skisport -, forsvarssak, målsak og den frilynde ungdomslagsrørsla. Han var ein mykje etterspurd talar og foredragshaldar. I 1893 reiste han t.d. rundt i Sogn og Fjordane og heldt foredrag om skibruk og skiidrett. Elles var Henrik Angell ein flittig skribent, og fekk m.a. utgjeve fleire hefte og bøker med historisk innhald. Nokre av publikasjonane illustrerte han med eigne skisser og teikningar, t.d. Skotteferdi som kom ut i 1912. Ei anna bok med tittelenKaptein Jürgensen og Leirdølerne hanshandlar om ufredsåra 1807-1814.

Reiste mykje

Angell tok seg og mykje fram på sykkel, og reiste på denne måten gjennom store delar av Europa og Algerie.

Statue i Holmenkollen

Henrik August Angell har ein sentral plass i den norske idrettssoga. Han var sjølv ein eminent skiløpar, og arbeidde på fleire måtar for å utbreia og styrkja denne sportsgreina, ikkje minst på skriftleg måte. I verket Norge 1814-1914 har Angell ein artikkel om norsk idrett, og han skreiv den første skiidrettssoga,Norsk Skilauparsoge, som kom ut 1908. Henrik Angell var den første nordmannen som vart innvald i den internasjonale olympiske komite.

Dette er noko av bakgrunnen for at det vart reist ei minnestatue i Holmenkollen i 1923, året etter han døydde. "Eventyreren, skiløperen Angell, en av pionerene i friluftssport, .." skreiv Aftenposten i ein reportasje om avdukinga.

Bok om Angell år 2000

I oktober 2000 kom det ut bok om Henrik Angell, ei forteljing skriven av journalist Roy Andersen. Utgangspunktet til forfattaren er tre statuar av tre sentrale personar i norsk skisport i skisenteret Holemnkollen. Alle kjenner to av dei, kong Olav og Fridtjof Nansen. Den tredje derimot, Henrik Angell, veit folk flest mindre om. Med boka siHenrik Angell - en nordmann på tvershar Roy Andersen som mål å få den tredje mannen på sokkel i Holmenkollen ut frå gløymsla. Samstundes ynskjer han å visa at han fortener ein slik heidersplass.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hagen, Johan: Henrik Angell. Idrottsmann, målmann, forfattar og offiser. I Jol i Sogn. 1996.
Norsk biografisk leksikon.1923.
Tvinnreim, Jon: Skiidrett i Sogn og Fjordane.1998.
Kløvstad, Jan: Ungdomslaget, Noregs Ungdomslag 1896-1996.1996.
Angell. H: Norsk Idræt I Norge 1814-1914.

PERMANENT IDENTIFIKATOR