Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mai 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over dannebrogsmann Anders Ølmheim Flete



Anders Ølmheim frå Sogndal prestegjeld var med i krigen mot Sverige i 1808. I trefninga ved Berby i Østfold 12. september, viste han slikt "Mod og Conduite" at han vart tildelt Dannebrogsordenen. I 1814 gifte han seg til garden Fletene i Fresvik, Leikanger prestegjeld. Han døydde i 1861. I 1946 reiste slekta ein minnestein over han i gardstunet på Fletene.

Gardstunet på Fletene sett mot sørvest. Fresvikdalen deler seg i to, Storadalen går i vestleg retning og Tundalen i sørleg retning.

Gardstunet på Fletene sett mot sørvest. Fresvikdalen deler seg i to, Storadalen går i vestleg retning og Tundalen i sørleg retning.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Inge Flæte.

Krigen og bataljonen frå Vestlandet

Danmark-Noreg kom i krig med Sverige ved krigserklæring 14. mars 1808 etter å ha gått inn i allianse med Napoleon. Ein Bergenhusisk grenaderbataljon samansett av fire kompani à 125 mann vart mobilisert straks etter. Det var mannskap frå Sogn og Fjordane i tre av kompania. Bataljonen ekserserte i Bergen før styrken vart forflytta til Østfold sommaren 1808.

Fjerde-kompaniet var sentralt plassert i slaget ved Berby, og kommanderande sjef, oberst Krebs, var svært godt fornøgd med vestlendingane. I ein rapport skriv han: "De ere så tapre og brave Folk, som ei vige et Hårbred, forinden den største Overmagt nøder dem dertil." Obersten melder om fleire døde og såra. Ein av dei såra var Anders Ølmheim.

Anders Ølmheim Flete

Anders Ølmheim frå Ølmheim i Norum sokn, Sogndal prestegjeld, var fødd 11. desember 1780. Han gifte seg 6. november 1814 med Unni Erichsdotter Flete, Fresvik i Leikanger, og vart med henne bonde på garden Fletene. Dei hadde fem born som alle vart gifte til gardar i Fresvik. Anders Flete døydde 11. oktober 1861 som "kaarmand og dannebrogsmand".

Held fram i striden etter han vart såra

Anders Ølmheim Flete er omtala i fleire trykte kjelder, med noko ulike opplysningar om kva det var som kvalifiserte han for Dannebrogsordenen. Munnlege kjelder i Fresvik nemnde han i 1962 som Gamle-Flæten, mannen som var dekorert fordi han berga ein såra norsk offiser frå å falla i hendene på fienden. I eit sogehefte som kom ut i 1921 står det at han fekk ei kule gjennom leggen om morgonen, men stod likevel på til striden var slutt.
I rapporten oberst Krebs skreiv same dagen, står fylgjande: "Grenader Anders Ølmen af 2den Division Bergenhus har, uagtet han strax ved Affairens begyndelse blev blesseret [såra] i Anklet, vedblevet at giøre Tienste, indtil den var endt." Det står ingen ting om offiseren han skal ha berga, og ikkje noko om korleis, eller i kva grad han vart såra.
Han vart innstilt til å verta dannebrogsmann 19. september 1808, utnemnd 28. januar året etter av kong Fredrik 6, og tildelt den høge utmerkinga, eit sølvkors, 19. juli 1809.

Ætta reiste minnestein

Det var to personar, Ingebrigt Høgheim og Johannes P. Bøthun, som gjorde opptak til å reisa ein minnestein heime på garden Fletene, men mange vart med i arbeidet som måtte gjerast. Ola A. Solheim fann steinen ein stad oppi Fresvikåsen, og han trong berre å hogga litt av han så kunne han køyra han ned til Fletene. Sigurd J. Bøthun, som var snikkar og tok på seg mangt slags arbeid, hogg inn innskrifta, som slett ikkje ser så verst ut. Dei fundamenterte han i ein betongfot.
Steinen vart avduka i 1946. Inge Flæte, fødd 1936, minnest det var mange samla og at steinen var sveipt i det norske flagget.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lokalhistorieskriftet Pridlao. 2/2000. Vik lokahistoriske arkiv.
Heimbygdi vaar Sogndal. Årbok 1, 1921.
Barstad, H. J.: Bergenhusingerne i felten 1808-1811. Kristiania 1908.
Opplysningar frå Inge Flæte, Vik kommune.
Kommunearkivet i Leikanger, formannskapsarkivet, møtebok 1838-1856, møte 13.05.1839, sak 11.

PERMANENT IDENTIFIKATOR