Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. november 2001

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnesmerke over Anders Askevold



Kunstmålaren Anders Askevold (1834-1900) er særleg kjend for dyremotiva sine."En specialist av rang i dyremaleriet", er karakteristikken i standardverket Norsk Kunsthistorie som kom ut i 1927. I 1934 vart det avduka eit minnesmerke over han på Korseberget i Askvoll.

Anders Askevold er særleg omtykt for dyremotiva sine, men måla og gode landskapsbilete og bilete med folk og bygningar. Målarstykket <i>Korn på staur</i> er frå 1857.

Anders Askevold er særleg omtykt for dyremotiva sine, men måla og gode landskapsbilete og bilete med folk og bygningar. Målarstykket Korn på staur er frå 1857.

Eigar: I Anders Askevold. Studier og malerier.

Datering: 1857.

Fotograf: Ukjend.

 

Anders Askevold

Anders Askevold, fødd 25.12.1834, var son til Mons Anderson Sørebø, fødd 1806 på Sørebø i Øn, Hyllestad, død 1889, lærar og kyrkjesongar i Askvoll sokn, og Johanne Johannesdotter, Nedre Grov, Askvoll, fødd 1809, død 1901. Han var gift med Katrina Marie Didrikke Gran, fødd 1834 i Bergen.

Askevold var elev hjå m.a. landskapsmålarane H. L. Reusch, J. C. Dahl og H. F. Gude, og budde mesteparten av livet sitt i Düsseldorf. Han er m.a. representert i Nasjonalgalleriet, Bergens Billedgalleri og Trondheims Kunstforening. Derimot har førebels Sogn og Fjordane Kunstmuseum ikkje eit einaste Askevold-arbeid i si eige.

Anders Askevold døydde 22.10.1900 og ligg gravlagd i Dusseldorf.

Godt synleg på Korseberget

Anders Askevold-minnesmerket står godt synleg frå riksvegen på Korseberget eit kort stykke vest frå kyrkja. Det er sett saman av ein vel to og ein halv meter høg stein med ansiktsrelieff og innskrift. Fundamentet er ein kvadratisk fot på ca 100 x 100 cm med steinsette, skrånande sider ned til berget. Minnesteinen er omgjeven av fire kvadrisk plasserte hjørnesteinar med lekkjer mellom.
 

På eit tiljamna rektangulert felt tvers over steinen står: ANDERS ASKEVOLD * 1834 - 1900

Relieffet på 43 x 56 cm i støypt bronse er signert bergenskunstnaren Ambrosia Tønnesen.

"ein varde ved vegen"

Dei som reiste minnesmerket i 1934 ynskte at det skulle stå på ein stad det var godt synleg og folk ferdast. Korseberget like ved kyrkja og allmannvegen til båtstoppestaden og krambuene høvde godt. Abraham Strømmen sa i avdukingstalen sin noko om kvifor steinen var reist, og kvifor på Korseberget:
- Det er sagt ved eit liknande høve at steinane talar. - Ja, steinane talar. Og det er um Anders Askevolds liv og yrke, hans kunst, denne steinen skal minna oss og ættene som etter kjem. Men det er ikkje berre for å vyrdsla og verna um minnet åt Askevold at steinen er reist. Den skal ogso vera ein varde ved vegen her, - ein varde som både me og dei som etter kjem skal vilja nå fram til og sjå opp til.

Kommunestyret fastsette staden

Ei nemnd som stod føre arbeidet med å reisa minnesmerket. Det ligg ikkje føre arkivtilfang av noko slag frå nemnda sitt arbeid, men ein notis i Firda 01.09.1934 tyder på grundig arbeid. Såleis bad nemnda kommunestyret om å seia si meining om stadvalet, truleg etter tilråding frå nemnda. Kommunestyret talde til å reisa minnesmerket på Korseberget og formannen i nemnda, J. Askevold, fekk fullmakt til å skriva under heimelsdokument på minnesmerkestaden på vegner av kommunen.

Tilstelling til inntekt for minnesmerket

Ein annan avisnotis seier noko om finansieringa. Firda Folkeblad hadde hausten 1934 eit stykke om ei tilstelling i heradshuset i Askvoll til inntekt for det påemna minnesmerket. Det var utlodning av ymse ting, m.a. eit målarstykke av fru Bolette Karsten (dotter til Askevold), og eit portrettmåleri av ein lokal kunstnar, Haugen i Stongfjorden. Skulestyrar Engja heldt foredrag om norsk kulturinnsats gjennom kunsten, og skodespelar Abraham Strømmen las ymse småstykke skrivne av målaren Askevold. Askvoll mannskor underheldt under dirigenten sin, Peter Ringstad.

Avdukinga

Minnesteinen var avduka 1. juledag 1934, hundre år etter Askevold vart fødd. Mellom 7- og 800 menneske var til stades. Abraham Strømmen, bibliotekar i Askvoll, heldt avdukingstalen. Askvoll mannskor song, og inne i kyrkja heldt sokneprest Søvde ein vakker minnetale i samband med altertavla som Anders Askevold måla i 1859.

Vågeleg flaggpynting i 1944

Like før jul i krigsåret 1944 snakka Theodor Askvold og eit par andre om å pynta Askevold-steinen med granbar og det norske flagget. Eit slikt føretak var vågeleg på denne tida. Det var mange tyskarar på Askvoll og bruk av flagget var strengt forbode for folk flest. Det skulle lite til før det vart reagert.

Karane let seg ikkje skræma. Seint på julekvelden ordna Leif Pedersen og far hans med pyntinga. Mange gjorde store augo på veg til kyrkje 1. juledag, og somme ottast nok for kva som no kunne henda. Det kom ingen tyske reaksjonar, og natt til 2. juledag vart pynten teken ned.

Nei til flytting i 1999

I 1999 kom det opp spørsmål om å flytta Askevold-steinen. Ordføraren kasta fram tanken om at minnesmerket ville koma betre til sin rett i Prestegardshagen, påtenkt som tusenårsstad for Askvoll. Utspelet vart kontant avvist av Kjell Ask, medlem av Askvoll Sogenemnd. Han argumenterte mellom anna med at den opphavlege staden var å sjå på som ein del av minnesmerket.

Det vart ikkje flytting, men derimot ei stadfesting på at Anders Askevold-minnesteinen skal stå på Korseberget.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn og Fjordane kunstnarsenter: Anders Askevold. Studier og malerier. Førde 1987.
Anders Askevold. I Folkebladet. 15.01.1897. Kristiania.
Firda Folkeblad. 02.01.1935. Florø.
Norsk Biografisk Leksikon. Bind 1. Oslo 1999.
Firda. 14.04.1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR