Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. februar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på Hjelle om gravfunn frå vikingtida



På Hjelle står ein ''bautastein'' på ein tilgrodd grusrygg mellom gardsvegen og riksvegen. Steinen vart truleg sett opp kort tid etter 1914, då det vart funne ei grav frå vikingtida her.

Ein av gjenstandane i grava, eit 96 cm langt tveeggja sverd.

Ein av gjenstandane i grava, eit 96 cm langt tveeggja sverd.

Eigar: Bergens Museum.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

På Hjelle

Namnet Hjelle kjem av hjell, norrøn hjallr. Ei tyding av ordet er høgd i lendet som er flat oppå. Det høver godt. Garden Hjelle ligg på ein strandlinehjell langs ei bergside. I eldre dokument førekjem namnet i fleire former, - Hialla (ca. 1350), Hielle (1520), Hiellde (1533) og Jelde eller Jellde seinare. Hjelle (med gardsnummer 52) er truleg ein av dei eldste gardane i bygda, sjølv om det er smått med fornminnefunn. I mellomalderen (Nordisk mellomalder 1030 - 1500 e. Kr.) var her to bruk, i 1602 tre, frå 1606 fire og frå 1636 fem. I 1890 var garden delt i sju bruk.

Bruksnr. 9 vart skilt ut frå bnr. 8 i 1887 og det var på dette bruket dei kom over ei grav frå vikingtida (500 - 1030) i 1914, og seinare reiste ein bautastein på funnstaden. Eigar var Knut Arentson, gift med Synneve Knutsdotter Leivdal.

Gravfunnet

Det var under jordarbeid at vikingetid-funna kom for dagen, i eit kol-lag i toppen av ein haug. Haugen var ein naturleg grusbakke av uregelmessig, avlang form. På toppen var tilført om lag ein halv meter jordfyll. Einar Lexow føretok ettergraving i haugen i 1914. Han slo fast at funna skriv seg frå ei branngrav frå vikingtida.
I Bergen Museum sin katalog står det mellom anna dette om kvar gjenstand:

a)Tveeggja sverd, 96 cm, med hjalt og knapp av jern.
 Klinga er utanfor midten bøygd omtrent i rett vinkel.
 Sverdet er heilt og har glødeskal.
b)Øks, 18,5 cm lang, heilt bevart med sterkt glødeskal.
c)Fire små brotstykke av ein sigd.

Minnesteinen

Minnesteinen eller markeringssteinen er vel to meter høg. På eine sida er innhogge ein figur, på andre sida ei fint forma innskrift. Skrifta er vanskeleg å lesa sidan ho ikkje er markert med farge og steinen er overgrodd av lav. Det står:

EI * VIKING * GRAV * FUNNE * HER 1814

kjelder:

Opplysningar frå: Petra Nes Hjelle, Eid.
Kari Kristoffersen, Bergen Museum, De kulturhistoriske samlinger, Bergen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR