Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestøtte over Torvald Lægreid



Sjømannen Torvald Lægreid frå Årdalstangen omkom i krigsforlis under andre verdskrigen. I 1948 reiste bygdefolket ei minnestøtte over han. Ho står ved riksvegen, nær heimen hans i Vassbugen.

Frå avdukinga 17. mai 1948. På talarstolen i bakgrunnen til venstre står marineløytnant Andersen som heldt avdukingstalen. Støtta var sveipt i det norske flagget og "duken" er i ferd med å falla.

Frå avdukinga 17. mai 1948. På talarstolen i bakgrunnen til venstre står marineløytnant Andersen som heldt avdukingstalen. Støtta var sveipt i det norske flagget og "duken" er i ferd med å falla.

Eigar: Årdal kommune.

Datering: 1948.

Fotograf: Fotrograf: Aase Udberg.

Biografi i bokverket Våre Falne

LÆGREID, TORVALD SØRENSON, matros, Årdal i Sogn. Fødd 3. mars 1916 i Årdal, son til Søren A. Lægreid, fødd 1868, død 1927 same stad, og Jørgine, fødd 1876. Skoleskipskurs. Var matros på d/s Augvald som vart torpedert 2. mars 1941 i Nord-Atlanteren. Berre ein av mannskapet vart berga. Omtala i avisa Sogn og Fjordane 6. november 1945.

 

Berre ein av tretti vart berga

D/S Augvald gjekk frå Halifax 13. februar 1941 i konvoi HX 109 lasta med 7000 tonn stål og traktorar. Konvoien kom ut i eit forferdeleg uver og konvoien gjekk i oppløysing. Skipa kom etter kvart til rette, men så seint som 14. mars hadde ein ikkje opplysningar om to av dei. Det eine var Augvald. Same dag fann korvetten Pimpernell ein flåte med ein sterkt forkomen matros, Rasmus Kolstø, om bord. Han kunne fortelja kva som hadde hendt.

Augvald vart torpedert natt til 2. mars og skipet køyrde seg straks ned i sjøen framme (forut) og gjekk ned etter kort tid. Då Kolstø kom seg opp frå dragsuget, høyrde han rop om hjelp men makta ikkje å padla flåten åleine. Ved daggry såg han tre mann i ein gigg (liten robåt) som Augvald hadde hatt liggjande på akterskipet. Båten hadde ikkje årar eller anna utstyr slik at mennene om bord var avskorne frå å styra eller koma seg fram. Flåten og giggen rak snart frå kvarandre.

Flåten til Rasmus var utstyrt med vatn og kjeks og ein seglduk han kunne ha over seg. Det skulle gå 11 døgn før han vart oppdaga og teken hand om.

Minnestøtta

Lægreid-støtta er laga av lys granitt. Ho er vel tre meter høg og har øvst innfelt eit portrettrelieff i bronse. Innskrifta er plassert i tre felt og det står:

TORVALD S. LÆGREID * 3. MARS 1915 * FALL I * FRIGJERINGSKAMPEN * 2. MARS 1941

ELSKAR DU NOREG * OG HEIMEN * OG VAKTAR DU * ATTVUNNEN FRIDOM * DAA HEIDRAR DU * HANS MINNE

REIST AV * SAMBYGDINGAR * 17. MAI 1948

Minnestein-nemnd

Arbeidet med å reisa minnesmerket var kome godt i gang ved årsskiftet 1946/1947. Det var skipa ei arbeidsnemnd med Tomas Hæreid som formann, Tomas Brekken (sekretær), Sigrid J. Lægreid (kasserar), Helge Asperheim, Sjur Lægreid og Jan S. Hæreid.

Minnesmerket skulle lagast etter utkast av kunstnaren Dagfinn Werenskiold som også skulle laga eit portrett-relieff i bronse. Arbeidet med steinen skulle Johan Pettersen i Kinsedalen ta seg av. Dei tenkte seg avduking seinast 17. mai same året.

Seinare enn tenkt

Minnesmerket vart likevel ikkje ferdig til 17. mai 1947. Det gjekk eitt år til. I februar 1948 sende nemnda melding til Sogn Folkeblad om stoda. Ved årsskiftet stod det vel 3000 kroner på bok i Årdal Sparebank. Pengane var komne inn ved innsamling i alle krinsane i kommunen. Det kunstnarlege arbeidet med relieffet var ferdig og sendt til støyping, men ikkje signert Dagfinn Werenskiold. Etter samråd med nemnda hadde Werenskiold overlete oppgåva til bilethoggaren Torleiv Agdestein. Ute i Kinsedalen var Johan Pettersen ferdig med steinen. Formannen gjekk no ut frå at alt skulle vera klart til avduking 17. mai.

Avdukinga

Det lukkast. Minnestøtta vart reist på framsida av ungdomshuset på Årdalstangen og avduka 17. mai 1948. Om ettermiddagen gjekk folketoget frå kinolokalet til ungdomshuset. Marineløytnant Andersen heldt avdukingstalen. Tanken var at det skulle vore fleire frå marinen til stades. Det skulle kome eit marinefarty inn til Årdal, men det kom hindringar i vegen i siste liten.

Løytnant Andersen la ned krans frå marinen sin overkommando på Vestlandet, og elles vart det lagt ned krans frå Årdal kommune, Tangen Ungdomslag, Nedre Årdal Arbeidarforening og fleire.

Minnebilete

I ungdomshuset vart det seinare hengt opp eit bilete av Lægreid med den same teksten som innskrifta på støtta. Bilete er eit portrett av Torvald som sjøgut då han tok kurs på skuleskipet "Statsraad Lemkuhl". Det heng no i ungdomshuset på Farnes.

Minnefond

Hausten 1945 skreiv Thomas Hæreid eit stykke om dei to "falne årdøler", Jon Lemvik og Torvald Lægreid, i avisa Sogn og Fjordane. Lemvik var fødd og oppvaksen i Årdal, men hadde flytta ut då krigen kom.

Torvald Lægreid ville bli sjømann. Han var på skuleskipet "Statsraad Lemkuhl" i 1935 og drog etterpå til sjøs i utanriks fart. Hæreid skreiv i stykket sitt at det skulle skipast eit minnefond i heimekrinsen hans. Fondet skulle bera namnet hans og medverka til å halda minnet hans levande mellom ungdommen.
Vi kjenner ikkje til om det vart noko minnefond.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogningen 13.05.1948.
Hegland, Jon Rustung:Nortraships flåte. Del 1. Oslo 1976.
Årdal Før og No. Nr. 5. 1995.
Sogn Folkeblad. 17.02.1947, 10.02. og 18.05.1948. Høyanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR