To minnesteinar
Værlandet og Bulandet hadde seks falne. Bernt Myrvåg fall i kampane på Walcheren for frigjeringa av Nederland. Broren Harald og Knut Landøy døydde i fangenskap i Tyskland. Trygve Verøyvik miste livet i Den Norske Marine og brørne Asbjørn og Vemund Melvær miste livet i eit flyhavari.
Den 20. mai 1947 vart det avduka ein minnestein over brørne Melvær ved heimen deira på Melvær. Minnesteinen på Værlandet vart avduka i august same året, og står til minne om alle falne frå Værlandet og Bulandet.
Steinen og innskrifta
Minnesteinen står på grava til Bernt Myrvåg. Han vart fyrst gravlagd på Walcheren, men seinare flytta heim og gravlagd på kyrkjegarden på Værlandet. Steinen er to meter høg og omgjeven av steinstøtter med lekkjer mellom.
Utanom namna (med tittel, fødsels- og dødsdato og kvar dei miste livet) er innhogge eit bibelvers (over) og eit vers frå fedrelandssalma Landet vårt av Arne Garborg (under):
Dersom desse tegjer * so skal steinane ropa* Lukas 19-40.
Her ligg dei, grav i grav
frå hei og ned til hav som
stridde so. Gud sign kvar
ærleg svein som søv der under
stein. Gud sign dei kvar
og ein der dei er no.
Biografiar i Våre falne
"LANDØY, KNUT ANDREASSON, fiskar, Askvoll. Fødd 11. mars 1896 i Askvoll, s. til fiskar Andreas Landøy, f. 1859, og Anne Cecilie f. Vilnes, f. 1868 s. st. Motorkurs. Vart arrestert av tyskarane 17. juli 1942 av di han ikkje hadde levert inn radioapparatet. Sat i ulike fengsel i Noreg til han vart send til Tyskland 15. februar 1943. Kom til Sachsenhausen, men vart seinare flytt til eit anna læger ei tid. Kom sjuk attende til Sachsenhausen, og døydde 29. april 1943."
"MELVÆR, ASBJØRN, fiskar og gardbrukar, Askvoll. Fødd 17. mai 1908 i Askvoll, son til gardbrukar og fiskar Magnus Melvær, f. 1877 og Maria f. Vilnes, f. 1878, båe i Askvoll. Gift 1935 i Bergen med Hildur Johanne Knoff Strøm, f. 1914. 3 born.
Var med på å ta imot våpen frå England og gøyma dei. Vart arrestert 20. mai 1942 og førd til fengslet i Bergen, derifrå til Ulven og Grini. Vart 30. september 1943 send til Natzweiler og døydde der 3. november 1944.
Merknad: Rigmor Norheim, dotter til Asbjørn, fortel at Asbjørn overlevde Natzweiler, og at han etterpå kom til Dautmergen, ein utekommando under Dachau."
"MELVÆR, VEMUND, fiskar, luftskyttar, Askvoll. Fødd 1. februar 1922 i Askvoll, son til gardbrukar og fiskar Magnus Melvær, f. 1877 og Maria f. Vilnes, f. 1878, båe i Askvoll. Middelskule. Drog til England 12. august 1941 og gjekk inn i flyvåpenet. Tok fleire kurs og vart luftskyttar i flyvåpenet i Marinen, 330 squadron, på Shetland. Den 4. oktober 1944 var flyet hans ute på tokt etter u-båtar i Nordsjøen, men kom ikkje attende. Krigsmedalja post mortem. Haakon VII's 70-års medalje."
"MYRVÅG, HARALD, fiskar, Askvoll. Fødd 27. september 1914 i Askvoll, s. til gardbrukar og fiskar Teodor Myrvåg, f. 1896, og Sofie f. Nikøy, f. 1888, båe Askvoll. Gift 1937 med Kristine Kalvåg, f. 1910, d. 1938. 1 barn. Gøymde våpen som kom frå England, tok seg av spesialsendingar og hjalp tilrettes og var med i eksportorganisasjonen på Bulandet. Vart arrestert 19. mai 1942, førd til Bergen og Grini, og derifrå 30. september 1943 til NN-læger i Tyskland. Døydde 13. mai 1944 i Natzweiler. Broren Bernt fall 1945."
"MYRVÅG, BERNT, TEODORSEN, fiskar, Askvoll. Fødd 22. januar 1921 i Askvoll, [..] Rømde frå den tyske arbeidstenesta og reiste til England sumaren 1941. Vart soldat og fallskjermjeger, kom med i den troppen som vart kalla "dei grøne djevlar". Var med på invasjonen i Belgia og Nederland. Fall på Walcheren 14. februar 1945. Gravlagd på Walcheren. Broren Harald døydde i Tyskland 1944.
Merknad: Flytta heim og gravlagd på kyrkjegarden på Værlandet."
"VÆRØYVIK, TRYGVE, fyrbøter, Askvoll. Født 2. januar 1922 i Askvoll, s. av Torvald T. Værøyvik, f. 1896 s. st., og Johanne f. Helgheim, f. i Jølster. Var fisker, men reiste fra Værlandet til England i august 1941 med en motorskøyte, og kom inn i Den norske marine. Var på forskjellige båter, bl.a. på korvetten "Tunsberg Castle". Fartøyet ble minesprengt utenfor Nord-Norge 12. desember 1944, men Værøyvik ble reddet. Omkom 8. mai 1945 da minesveiperen N.Y.M.S. 382 ble senket i Den engelske kanal."
Avdukinga
Minnesteinen på Værlandet vart avduka laurdag 2. august 1947. "- Det var ein stor dag," skreiv avisa Firda, "og ei gripande minnehøgtid som aldri vil gløymast av dei som var tilstades. Tidleg på dagen byrja motorbåtane å koma, og det var til slutt samla fleire hundre."
Finn Fluge Pedersen, ein av fangekameratane til dei som ikkje kom att, heldt avdukingstalen. Han skildra dei som gilde og trauste karar, gutar som brann for fridom og rettferd og som hadde ei bergfast tru på at ein gong skulle dette sigra og flagget blakra reint og fritt over landet.
Det vart lagt ned mange kransar, - frå foreldre og born, sysken og skyldfolk, vener og kjenningar, frå Den Norske Marine, Askvoll kommune, Tysklandsfangane og Englandsfararane. Høgtida vart avslutta i skulehuset.
Kåre Seines - skulle óg vore med på steinen
Kåre Seines frå Bodin kom til Askvoll kort tid før krigen. Han budde i Værlandet og livnærte seg som dreng og fiskar. Seines var med i arbeidet med å få flyktningar over til England, og måtte sjølv flykta til England i august 1941.
Namnet hans kom ikkje med på minnesteinen over falne frå Værlandet og Bulandet. Det var ein feil, vart det sagt etterpå. Namnet hans skulle vore med. Men Kåre Seines er ikkje heilt gløymd. Namnet hans er med på minnesteinen ved Askvoll kyrkje over alle falne frå Askvoll kommune.
"SEINES, KÅRE ANTONIUS, jungmann, Askvoll. Født 25. september 1914 i Bodin, s. av Karl Seines, f. 1878, og Anna f. Johansen, f. 1879, begge Bodin. Var før krigen fisker. Drev flyktningehjelp, og måtte selv flykte til England i august 1941. Omkom 21. desember s.å. da d/s Annavore ble torpedert i Atlanterhavet, 7 dagsreiser fra Gibraltar."
Minnedikt 9. april 1990
Til 50-årsmarkeringa av det tyske åtaket på Noreg 9. april 1990, skreiv Sverre J. Landøy minnediktet Minnesteinane. Det handlar om alle falne frå dåverande Askvoll kommune. Alf Tviberg las minnediktet ved minnesteinane i Melvær, Værlandet og på Askvoll. Dei fire siste linene lyder slik:
Minnesteinen ber ein bodskap om å alltid stå på vakt.
ein diktator vil vel kanskje bruke deg til å få makt.
Desse steinane skal tala: Slikt må aldri meir få skje,
set dei friske, gode krefter inn i arbeidet for FRED.