Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Amerikansk krigsgrav - Bernt A. Fosnes frå Oppstryn



Bernt A. Fosnes frå Stryn utvandra til Amerika i 1910. I eit brev heim til Stryn i 1917 fortel han at det er innført tvungen verneplikt og at han ventar på å verta innkalla. Eitt år seinare, den 30. november 1918, kunne Fjordenes Blad melda at Bernt Fosnes hadde falle i krigen. Han ligg gravlagd på ein amerikansk krigskyrkjegard i Frankrike.

Anders Fosnes (fødd 1850) og kona Marie (fødd 1852) og dei fem borna deira. Bernt er nr. 3, men han var reist til Amerika då biletet vart teke. Fotografen har "limt" han inn.

Anders Fosnes (fødd 1850) og kona Marie (fødd 1852) og dei fem borna deira. Bernt er nr. 3, men han var reist til Amerika då biletet vart teke. Fotografen har "limt" han inn.

Eigar: Oddgeir Brekke

Datering: Kring 1912.

Fotograf: Ukjend.

 

Fødd og oppvoksen på Fosnes

Bernt A. Fosnes, fødd 14. desember 1889, var son til Anders Fosnes, fødd 1850, og Marie, fødd 1852. Han var nummer tre i ein søskenflokk på fem. Den 15. mars 1910 utvandra "snedkersvend Bernt Andersen Fosnæs" frå Bergen.

Brev frå Amerika hausten 1917

Det er teke vare på eit brev frå Bernt til foreldra og syskena, skrive 17. september 1917 frå Forston, Clearbrook, Minnesota. Bernt fortel at han om sommaren har "arbet mit eget land". Han let vel. Avlingane har vore gode og det har vore gode prisar. Han helsar frå "Mons" som lever berre eit kort stykke unna. Bernt bygde fjøs og lade til han "i sommer". Han helsar og frå "Anna Høialmen (Fosnes)", - ho er frisk og rask "enda sin høie alder."

Brevet inneheld også eit varsel om den pågåande verdskrigen. Bernt fortel at det er innført tvungen verneplikt. Det har vore loddtrekking og han ventar på å bli innkalla med det første.

 

"Uppstryning fallen i krigen"
Den 30. november 1918, snaue tre veker etter at 1. verdskrigen var slutt, hadde Fjordenes Blad eit stykke, signert "A.F." om at Bernt A. Fosnes var fallen. Kjelda til opplysningen var siste nummeret av den amerikanske avisa Skandinaven. Stykket fortel at foreldra hadde fått brev frå Bernt etter han var komen til Frankrike. Han hadde skrive at om Gud ville spara livet hans, ville han koma ein tur heim til "gamle Norig og heimen sin" før han reiste tilbake til Amerika. I staden for besøk kom det dødsbodskap. "Det er eit tungt syrgjebod for foreldre og syskin", skriv innsendaren til slutt.

Krigsskadebot

Våren 1919 kom det offsielt brev til Anders R. Fosnes frå den amerikanske krigsassuransetenesten. I følgje lov av 6. oktober 1917 i den amerikanske kongressen skal det utbetalast 10 000 dollar i krigserstatning for Bernt Fosnes. Faren har førsteretten på erstatninga som skal utbetalast med faste beløp i tida 20. september 1918 - 20. september 1938.

Krigsgrav

Korleis bar det til at Bernt fall i kampane på Vestfronten? Det veit me ikkje, men me veit at han fekk si grav på ein amerikansk kyrkjegard, og at grava er der enno (2007). På Internett finn me hjå American battle monuments commission opplysningar om grava og bilete av kyrkjegarden. Det står, omsett til norsk:

Bernt A. Fosnes
Menig, US Army
360. Infanteri-regiment, 90. divisjon
Oppteken i tenesten frå: Minnesota.
Døydde: 19. september 1918
Gravlagd på: Felt C, Rad 10, Grav 28
St. Mihiel amerikanske kyrkjegard
Thiaucourt, Frankrike.

 

kjelder:

Fjordenes Blad. 30.11.1918.
2 dokument frå Oddgeir Brekke, Stryn.
Informasjon frå Oddgeir Brekke ved Inge Fænn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR