Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein over Andreas Hesjedal



Attmed kyrkja i Eikefjord står ein minnestein over Andreas Hesjedal som omkom i ei forferdeleg ulukke ved Florø 1. september 1945. Ein fullasta lekter med krigsammunisjon gjekk i lufta under arbeid med å dumpa sprengstoffet. 19 mann miste livet. Kameratar og ungdomslaget reiste steinen i 1947.

<p>Minnesteinen over eitt av offera ved eksplosjonskatastrofen p&aring; Stavfjorden hausten 1945.Steinen som st&aring;r ved Eikefjorden kyrkje, har denne innskrifta:<br />
ANDREAS HESJEDAL - FALL I TENESTA - FOR - FEDRELANDET - 1945.</p>

Minnesteinen over eitt av offera ved eksplosjonskatastrofen på Stavfjorden hausten 1945.Steinen som står ved Eikefjorden kyrkje, har denne innskrifta:
ANDREAS HESJEDAL - FALL I TENESTA - FOR - FEDRELANDET - 1945.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2000

Fotograf: Kolbjørn Løken

Minnesteinen

Den vel 3 meter høge prismeforma steinen står like ved Eikefjord kyrkje, framfor to store bjørker som kan vera planta i 1947 då steinen vart reist. Det var kameratar til Andreas Hesjedal og ungdomslaget i Eikefjord som reiste steinen. Steinen vart avduka 17. mai 1947, og kvart år seinare har det vorte lagt ned krans.

Omtale i bokverket Våre falne

HESJEDAL, ANDREAS SIGVARD, bygningssnikkar, Kinn. Fødd 10. mars 1917 i Kinn, s. til Lyder Olai Vilhelm Hesjedal og Anna Maria Bertia, f. Helle. Var med i kampane i 1940 i ein bombekastartropp i Valdres. Vart innkalla til vakthald sumaren 1945. Miste livet under esplosjonsulukka ved Florø 1. september 1945, då eit farty som var lasta med ammunisjon, eksploderte.

Katastrofen

Kva var det som skjedde katastrofedagen 1. september 1945, fire månader etter freden? Florøbladet Firda Folkeblad skreiv om ulukka dagen etter. Befolkningen i Florø hadde kvelden før vorte oppskremde av eit voldsomt brak. Det viste seg at det var ein nederlandsk lektar som hadde sprunge i lufta ute på Stavfjorden. Båten vart nytta til transport av krigsammunisjon som skulle søkkjast i havet.
Lektaren var komen til Vassreset mellom Furesundet og Oddane då ulukka skjedde. Eksplosjonen var enorm. Dei som kom ut til ulukkesstaden like etterpå, fann berre fliser av båten og nokre klesfiller. 19 mann var borte.

M/S Theklas himmelferd

I 1997 kom det ut ei lita bok om hendinga på Stavfjorden hausten 1945. Forfattaren, Inger Cecilie Stridsklev, kallar boka eit minneskrift. Etter omfattande undersøkingar har ho langt på veg kasta lys over det som skjedde. Ho fortel om mennene som var om bord, gjev kvar av dei eit ansikt. Dessutan reiser ho spørsmålet om kven som hadde ansvaret for at store mengder sprengstoff, til dels ekstremt farleg, vart handsama av eit heilt ukvalifisert mannskap: fem tyskarar som var mannskap om bord på "Thekla", to andre tyskarar, 10 utkommanderte fangar som venta på rettargang, ein brite og vaktmannen Andreas Hesjedal. Var det ikkje eit klart brot på den internasjonale folkeretten?

kjelder:

Stridsklev, Inger Cecilie: M/S Theklas himmelferd.1997.
Avisa Firda Folkeblad 04.09.1945.