Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. desember 2000

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om utvandring frå Stryn



25. juni 2000 var ein stor "utvandringsdag" på Fjelli. Fleire hundre menneske var tilstades. Det var urframføring av eit utvandringsspel ved Sølvbergnausta, tilskiping i ungdomshuset Fjellvarden med mange programinnslag, m.a. foredrag om utvandringa frå Stryn av emigrasjonsforskar Rasmus Sunde, og, det vart avduka ein minnestein.

Steinen til minne om utvandringa ved ungdomshuset på Fjelli. På steinen står skrive: <i>Til minne * om utvandringa til * Amerika. *    Reist av * folket på Fjelli  *  år 2000.</i>

Steinen til minne om utvandringa ved ungdomshuset på Fjelli. På steinen står skrive: Til minne * om utvandringa til * Amerika. * Reist av * folket på Fjelli * år 2000.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnestein

Minnesteinen om utvandringa frå Fjelli (og Stryn) står ved ungdomshuset Fjellvarden på Fjelli. Det er ein kring 1,7 meter høg hellestein med gravert innskrift måla i svart. Innskrifta vender mot vest som skal symbolisera at utvandrarane heile vegen reiste vestover.
Fylkesdirektør Lidvin Osland hadde det ærefulle oppdraget å avduka steinen. Han understreka at steinen er sett både til minne og takk. - Vi har ei æresgjeld til dei som drog, sa han, og understreka kor viktig det er å halda kontakt med slektningar i Amerika.
Ordførar Nils Støyva, som bur på staden den siste stryningen utvandra frå i 1960, rosa alle som hadde vore med å laga eit minnerikt program, og takka på vegne av Stryn kommune.

Fann steinen på beite

Arne Sølvberg var leiar i nemnda for utvandringsmarkeringa. Alle oppgåvene var fordelt på undergrupper og einskildpersonar. Jon Slettenes hadde ansvaret for steinen. Han la merke til ein høveleg stein under hjortejakta om hausten og fann seinare eit anna høveleg emne på eit beite hjå Audun Fjell på Bergset. Valet fall på den siste, ei ca 10 cm tjukk steinhelle som dei ikkje endra det minste på. Sølvberg laga teksten til innskrifta som Per Arne Tysse i Utvik graverte inn.
Fundamenteringa skulle bli enklare enn dei hadde rekna med. Då dei grov vekk molda der steinen skulle stå, kom det til syne ei sprekke i berget som passa akkurat. Det var berre å setja steinen nedi og kila fast med stein. Den samla pengekostnaden kom på ca 5000 kroner som vart dekka av bygdefolket gjennom velforeininga Bygdas Vel.

Lauv i staden for duk

For kring hundre år sidan snakka ein gjerne om å avsløra ein minnestein. Steinen eller støtta var svøypt i eller tildekka av eit slør. Seinare vart ordet avduking den vanlege nemninga. "Duken" var i mange høvet det norske flagget. Utvandrings-minnesteinen på Fjelli var ikkje dekka med duk av noko slag, men av lauv. Frå lauvet gjekk det ei snor over ei grein på eit tre like ved og ned til "avdukaren", kulturdirektør Lidvin Osland. På neverlur-signal frå Audun Sølvberg, drog Osland i snora og avlauva minnesteinen.

Utvandringa frå Stryn

Utvandringa frå Stryn (prestegjelda Stryn og Innvik) starta i 1851 med ungkarane Anton Sølvberg og Anders Roset, men skaut fyrst fart frå slutten av 1860-åra. I alt reiste kring 3000 frå noverande Stryn kommune. Mange slo seg ned i Wisconsin og Minnesota som farmarar.

Bilete av eit frimerke som illustrerer utvandring.

Utvandringssoga

Rasmus Sunde held på å skriva soga om utvandringa frå Stryn. Etter planen skal boka vera i sal hausten 2002. I 1995 fann Sunde eit interessant dokument på 213 handskrivne sider. Det handlar om Isak Rasmussen Sølvberg (1844 - 1913), som reiste til Amerika i 1870. Isak kom til Crawford County i Wisconsin der han kjøpte seg land og vart farmar. Sunde skal nytta skriftet som ein gjennomgåande tråd i soga om utvandringa frå Stryn. Boka skal etter planen vera ferdig i 2002.

Bilete av steinen på grava til Isak Rasmusson Sølvberg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Fjordingen. 26.06., 28.06.2000.
Arne Sølvberg, Stryn.
Rasmus Sunde, Nalestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR