Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. september 2007

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Minnestein over Jacob Walnum - prest og omstreifarmisjonær



"Bysten gjengir noe av både den mildhet og sterke tro og vilje som preget presten og mennesket Walnum". Det skreiv Olav Bjørnstad i 1933 om minnesmerket over Jacob Rostrup Suur Walnum på grava hans i Oslo. Walnum sitt namn er framom alt knytta til Den norske omstreifermisjon.

Stor trebygning i Strandavegen. Mange av dei godt vaksne på Leikanger nemner han som Barneheimen. I år 2003 er det barnehage i huset. Frå 1891 til 1974 var denne bygningen Sogn Barneheim.

Stor trebygning i Strandavegen. Mange av dei godt vaksne på Leikanger nemner han som Barneheimen. I år 2003 er det barnehage i huset. Frå 1891 til 1974 var denne bygningen Sogn Barneheim.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Omtale i Norsk Allkunnebok

"Walnum, Jakob Rosted Suur (1851-1925), norsk prest, fødd i Hommedal, Aust-Agder. Cand- theol. 1877, sokneprest i Leikanger 1884-96. Skipa Forening til Omstreifervæsenets Motarbeidelse (..), var generalsekretær i organisasjonen 1894-1918 og fekk i gang fleire barneheimar og omstreifarkolonien Svanviken."

Minnesmerket

Hausten 1919 var Jacob Walnum utnemnd til sokneprest i Botne prestegjeld, Aust-Agder. Han hadde då overlete arbeidet sitt i omstreifarmisjonen til yngre krefter. Ein søndag etter påske 1925 seig han saman ved alteret i Hillestad kyrkje. Det var hjerneblødning. To dagar etter døydde han og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Søndag, 9. oktober 1927 vart det avduka ein minnestein på grava hans. På postamentet står: JACOB R. S. WALNUM * DE HJEMLØSES VENN * REIST AV * OMSTREIFERMISJONENS VENNER * OG BOTNE MENIGHET * SALME 23

Bysten er laga av sokneprest Erling Grønland, Oslo. Grønland (1860-1939) hadde kunstnartalent, han var elev hjå bilethoggar Mathias Skeibrok (1851-1896) og laga m.a. eit godt kjent portrettrelieff av Hans Nielsen Hauge.

Minnesmerket over Jacob Walnum har pr. 2007 referansenummer B 042-02-008. Det er registrert som verneverdig og vil ikkje verta fjerna.

Starta Sogn Barneheim

Jacob Walnum arbeidde på fleire felt dei åra han var sokneprest i Leikanger (1884-1896). Han vart leiar for Midtre Sogn Indremisjon i 1893, etter at han hadde gjort opptak til nye reglar for samskipnaden. Føremålet var "å arbeida for vekkjing av kristeleg og kyrkjeleg liv innan kyrkjelydane og sameina dei kristne i dette arbeidet." Målet skulle dei mellom anna nå ved å arbeida for "sjukerøkt, barneheim, fattigstell og sundagsskule."

Same året - i 1893 - var "barneheim" alt vorte røyndom. Saman med broren, sokneprest Hersleb Walnum i Vik, var Jacob Walnum drivkrafta i arbeidet med å reisa ein barneheim i Sogn. Den 19. mai 1891 la dei ned grunnsteinen til "Sogns Børnehjem" på Leikanger, og om hausten same året, vart heimen vigsla og teken i bruk. Barneheimen var samanhengjande i drift til 1972.

Omstreifarmisjonær

I 1896 reiste Walnum frå Leikanger. Han hadde då i fleire år engasjert seg sterkt i "omstreifarsaka" (ein omreisande vart i si tid heller nedsetjande omtala som tater, fant, splint, fark). Walnum meinte det var på tide å ta opp att arbeidet som Eilert Sundt hadde teke tak i på midten av 1800-talet. Han ville "bekjempe" omstreifarane, dvs. kristna dei og få bort den omreisande livsforma. Dette ville han oppnå ved å iverksetja hjelpetiltak for borna og ved å setja dei vaksne i fast arbeid, om naudsynt ved tvang.

I 1893 skipa han ein førebels "komite for det frivillige arbeid for omstreiferne" med politiinspektør C.G. Flood som formann. Fire år seinare vart "Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet" skipa. Namnet vart endra to gonger seinare, i 1922 til Den norske omstreifermisjon, og i 1935 til Norsk misjon blant hjemløse. Walnum var generalsekretær til 1919.

Etter søknad frå komiteen løyvde Stortinget i 1893 kr. 5000 til ei gransking av omstreifarane. Walnum påtok seg arbeidet, og resultatet kom med i Stortingsmelding nr. 100, 1896. Walnum rådde til å byggja barneheimar for omstreifarborn og arbeidskoloniar for omstreifarfamiliar og lausgjengarar.

Ei god sak

Walnum si livsgjerning hadde brei tilslutning i samtida. Ved århundreskiftet 1900 kom to sosiallover som var til støtte for omstreifarmisjonen, - verjemålslova om forsømde born og lova om lausgjengarar, betleri og drukkenskap (lausgjengarlova). Eit hovudpunkt i lausgjengarlova var å busetja omstreifarar.

Raske resultat

Olav Bjørnstad fortel i biografien om Jacob Walnum (1933) at det snøgt viste seg at "her var rette mann kommet på rett plass. Han hadde innflytelsesesrike forbindelser og en sterk posisjon. Han hadde vilje og pågangsmot og talte de hjemløses sak med stor frimodighet. Til tider kunne noen synes han var vel pågående. For Walnum var dette en trossak. "Vi må ikke be om undskyldning for at vi legger folk Frelserens sak på hjertet. Foreningen fikk god tilslutning og den praktiske utbygging av arbeidet kunne snart ta til. Det første barnehjem - Askviknes i Os - ble innviet i 1900."

To år etter barneheimen på Askviknes fekk Austlandet og Trøndelag sine barneheimar, og seinare fylgde tre til, slik at omstreifarmisjonen ei tid hadde seks barneheimar. Dessutan fekk misjonen rett til - på vegner av verjeråda - å syta for plassering i fosterheimar.

Arbeidskolonien Svanviken

Men dei vaksne omstreifarane måtte óg få hjelp til å koma bort "fra livet på landeveien." Svaret på dette var arbeidskoloniar. I 1899 fekk Walnum melding om at fru Augusta Astrup, enkja etter statsråd H.R. Astrup, ville tilby "foreningen" den store eigedommen Svanviken i Eide på Nordmøre. Ikkje minst høvde eigedommen godt ved at det i fleire år hadde vore drive med myrdyrking.

Walnum gjekk straks i gang med å setja seg inn i faget myrdyrking. Han reiste på studieferd til utlandet, og var i 1902 med på å skipa Det norske myrselskap. Håpet hans vart no å gjera omstreifarfamiliar fastbuande og skapa "arbeidssomme samfunnsmennesker" gjennom myrdyrking på Svaneviken. Foreningen takka ja til tilbodet frå enkefru Astrup.

Det gjekk nokre år før arbeidskolonien kom i gang. Men då Lausgjengarlova blei iverksett i 1907, og det ved kgl. Resolusjon av 27. november same år vart fastsett nærare reglar for busetjing av omstreifarar og Foreningen til motarbeidelse av omstreifervesenet vart pålagd å stå føre arbeidet, kunne Svanviken opna. Arbeidskolonien vart innvigd og teken i bruk hausten 1908. Walnum fylgde sjølv personleg med ved at han tidvis budde på Svanviken.

Lysande ettermæle

Bjørnstad oppsummerer Jacob Walnum og livsverket hans med desse orda: "Walnum hadde gått til dette arbeid som kirkens mann. Den kristne barmhjertighet skulle være nerven i arbeidet. Samtidig satset han stort på samarbeid med det offentlige. Det arbeid Walnum i disse år bygde opp kan stå som et skoleeksempel på hvordan det offentlige og frivillig tjeneste kan gå sammen om løsning av betydelige samfunnsoppgaver."

Revidert syn

Femti år seinare har det "offisielle" synet på arbeidet for å "bekjempe" omstreifarane endra seg. I 1989 ba den norske staten "omstreifarane" (dei reisande, romanfolket) om orsaking for umennskeleg framferd i fortida. Denne erkjenninga kjem tydeleg fram i det nye norske biografiske leksikon. Thor Gotaas skriv i si oppsummering, 2005:

"Jakob Walnums ettermæle er omdiskutert. Fra eget og kollegenes ståsted gjorde han en stor innsats for å kristne og bosette tatere og løsgjengere. Han så sultne taterbarn, store barnekull og familier med en etter hans syn ukristelig livsform. Tidens anerkjente teorier hevdet at "vagabonderi" var en sykdom, som det tok generasjoner å helbrede. Fordi taterne ikke visste bedre, behøvdes det tvang.

I dag ser vi hvordan en privat, kristen og statsstøttet organisasjon fikk drive en til dels brutal reformpolitikk nokså uhindret frå slutten av 1890-årene til 1989. Ikke i noe annet land fikk én organisasjon så mye makt som Norsk misjon blant hjemløse."

kjelder:

Norsk biografisk leksikon -.
Norsk biografisk leksikon. Bind 9, 2005.
Midtre Sogn Indremisjon gjennom 75 år. 1946.
Gotaas, Thor: Taterne. Livskampen og eventyret. 2000.