Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. august 2014

Sist oppdatert 05. desember 2017

Kategori

Minnestein over spelemannen Lars Hjellbakk



«I dag er det Lars Hjellbakk vi heidrar for at han ved sitt virke både har teke vare på tradisjon og sjølvskapt musikk som bind gammalt og nytt saman til levande vitnemål om honndølenes tonekunst. Monumentet her skal vitna om dette. La duken falle.» Med desse orda slutta Rolf Myklebust avdukingstalen sin då minnesteinen over Lars Hjelbakk vart avduka, laurdag 5. juli 1978.

Frå avdukinga laurdag, 5. august 1978. Frå venstre: Ragnvald Lunde, Knut Jarle Kroken, Gunn Gausemel og Rolf Myklebust.

Frå avdukinga laurdag, 5. august 1978. Frå venstre: Ragnvald Lunde, Knut Jarle Kroken, Gunn Gausemel og Rolf Myklebust.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 1978

Fotograf: Ukjend

Omtale i Jol i Nordfjord

«Lars Hjellbakk har fått sin bauta.» var overskrift på stykke i Jul i Nordfjord 1978. Der er også heile avdukingstalen til Rolf Myklebust attgjeven. Nordfjord Folkemuseum gjev ut bladet Jol i Nordfjord. Museet har gjeve løyve til at stykket om avdukingshøgtida vert teke inn som artikkel i Kulturhistorisk leksikon. Inndeling i avsnitt med mellomtitlar er gjort av KL-redaksjonen.

Fest

Laurdag 5. juli var Hornindalsbygda pynta til fest, med flagga til topps i strålande sol. Fleire hundre menneske, bygdafolk og lengvegsfarande gjester var samla på Grodås der minnesteinen over spelemannen, slåttediktaren og felemakaren vart avduka.

Prolog og avdukingstale

Hornindals Spelemannslag, som feira 20-års jubileum same dagen, opna avdukingshøgtida med komposisjonar av Lars Hjellbakk. Den kjende felespelaren Ragnvald Lunde har vore formann i nemnda som har arbeidd med å reise bautaen, og han leia også programmet ved høgtida. Ordføraren, Paul O. Thomasgard, las ein sjølvskriven prolog, og tidlegare programsekretær i radioen, Rolf Myklebust, heldt avdukingstalen (…). Sjølve avdukinga var det to «små-honndøler» som stod føre (...)

«Helsing til Lars Hjellbakk»

Etter avdukinga takka Magnar Hjellbakk på vegne av slekta til Lars Hjellbakk, og det var musikk av eit eige «Hjellbakk-spelemannslag», sett saman av av i alt 9 eldre og ikkje minst yngre felespelande slektningar. Hornindal Songlag song «Hornindal du er meg så kjær» av Lars A. Lødemel. Det vart meir felemusikk av fire juniormedlemmer i Hornindal Spelemannslag, og av Ragnvald Lunde og Erling Kroken som heidra læremeisteren sin ved å spele «Helsing til Lars Hjellbakk» ved Ragnvald Lunde. Det var helsingstale ved formannen i Landslaget for Spelemnn, Rikhard Hilde, helsing frå kulturstyret i kommunen ved Borgny Haug og frå Stryn kommune. Til slutt vart minnesmerket overlevert til Hornindal kommune.

Relieff og innskrift

Minnesteinen står midt i sentrum, på grøntanlegget på andre sida av vegen ved hotellet. [Merknad: Hjellbakk-steinen vart seinare flytta og står pr. 2014 på «grøntanlegg» på austsida av kommunehuset.] Den har eit bronserelieff av Lars Hjellbakk, modellert av treskjeraren Rolf B. Taraldset, og under relieffet er innhogge: «Lars Hjellbakk 1889 – 1976. Bonde spelemann komponist og felemakar. Vener og bygda takkar deg.»

Med i spelemannslaget

Det var Hornindals Spelemannslag som tok opp tanken om å reisa ein minnestein over denne hovudpersonen i musikklivet i Hornindal gjennom meir enn ein mannsalder. Lars Hjellbakk var aktivt med i laget dei 10 første åra det eksisterte, og han førde over i laget av dei rike musikktradisjonane han sat inne med

Komposisjonane hans utgjer i dag dessutan hovudparten av repertoaret til spelemannslaget. Å avduke denne minnesteinen var ein verdig måte å markere 20 års jubileet på. Sjølve jubileumsfesten vart halden i Døleheim same kvelden. Til høvet var det prenta eit pent programhefte med artiklar om gamle spelemenn i Hornindal, om Lars Hjellbakk, og frå soga til spelamannslaget. (…)

 

kjelder:

Jol i Nordfjord, 1978.