Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. februar 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Minnestein over Eystein Gjelsvik



”Han var den fremste strateg og utøvar av bureisingsarbeidet i si tid.” Eystein Gjelsvik, jordbruksmann, fødd i Vevring, leiar for bureisingsselskapet Ny jord i over 30 år, frå 1917 til 1950. Sommaren 1955 reiste dei ein minnestein over Eystein Gjelsvik. Steinen står på på Moldstad på Smøla.

<p><em>Ny Jord</em>, tidsskriftet til selskapet Ny Jord.</p>

Ny Jord, tidsskriftet til selskapet Ny Jord.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Eystein Gjelsvik

Kyrkjeboka for soknepresten i Vevring viser at Eystein Gjelsvik vart fødd 8. januar 1881. Han var son til gardbrukar Nils Henrikson og Oline Rasmusdotter. Dei budde på garden Gjelsvik, i dåverande Vevring kommune. Skrivemåten i kyrkjeboka er på førenamnet ”Øistein Matias”, og på garden: ”Gillesvik”. Norsk Allkunnebok (1953) har følgjande omtale (forkortingar er her skrivne fullt ut):

Gjelsvik, Eystein (…) (1881-1950), norsk jordbruksmann, fødd i Vevring. Eksamen frå Vinterlandbruksskulen 1903, eksamen frå Noregs Landbrukshøgskule 1911. Gardsstyrar 1903-1909, mellom anna i Nord-Noreg. Frå 1911 landbrukslærar ved Nordland landbruksskule. Frå 1917 konsulent i Ny Jord der han var leiar for bureisingsarbeidet. Da det kom fart i bureisinga etter 1. verdskrigen, var det Gjelsvik som la planane og i åra mellom dei to verdskrigane fekk han gjort eit stort arbeid her. Gav ut Bureising (1939), [og] Nybrott (1948).
 

Minnesteinen

Gjelsvik gjekk inn for bureising på stader der folk ikkje hadde tru på at det let seg gjera å dyrka jord. Først tok han opp arbeidet i Hustad, seinare i Vesterålen og så på Smøla. På Smøla fekk han bygt forsøksgard. I 1950 var det opparbeidd og bygt 30 bureisingsbruk på Smøla. Moldstad på Smøla vart difor den naturlege staden å reisa Eystein Gjelsvik ein minnestein.

Minnesteinen vart avduka i juni 1955. I ei notis i Firda Folkeblad 27. juni 1955, står:
 

”Ved ei høgtid på prøvegarden til Ny jord på Smøla hin sundagen vart det avduka ein bauta over konsulent Eystein Gjelsvik. Det var K.J. Ramsvik som heldt avdukingstalen. Han minte om det utrøyttande arbeidet Gjelsvik hadde gjort i Ny jord for å leggja grunnlaget for nye, lukkelege heimar. Son til Eystein Gjelsvik takka på vegner av mor si og familien elles, og fru Nina Gjelsvik og dotter hennar, la blomar ved minnesteinen.”
 

Stor vokster

Bureisingselskapet Ny jord gav ut tidsskriftet med same namn, Ny Jord. Det hadde som undertittel: ”Tidsskrift utgitt av Ny Jord, selskap for landets indre kolonisasjon og emigrasjonens innskrenking.” Tidskriftet kom ut første gang i 1913. Nekrolog over Eystein Gjelsvik stod i nr. 4, 1950. Det står mellom anna om utviklinga dei åra Gjelsvik var leiar. I 1917 hadde selskapet kjøpt inn to nydyrkingsfelt på 2732 dekar. Seks stykke var selde; av dei tre bygde. Då Gjelsvik døydde i 1950, var det i alt kjøpt 229 648 mål. Det var utstykka 877 bruk; rundt 500 var ferdigbyde. ”Det er denne utviklinga Gjelsvik har planlagt og ledet.” (..) Vi vil vil minnes ham med takk for velgjort arbeid”, slutta G.H. Paulsen minnestykket i Ny Jord.

Norsk Myrmuseum

Selskapet Ny Jord dreiv forsøksgarden Moldstad som ein sjølvstendig forskingsstasjon fram til 1976. Då vart Ny Jord slege saman med Det norske myrselskap til Det norske jord- og myrselskap. Seinare vart tunet med alle bygningane og 23 dekar tunområde skilt ut til Norsk Myrmuseum. Minnesteinen over Eystein Gjelsvik står i museumstunet.
 

kjelder:

Norsk Allkunnebok.
Firda Folkeblad, 27.06.1955
 

Informasjon frå:
Odd Williamsen, Nordmøre Museum.
Digitalarkivet, skanna kyrkjebøker, Vevring.