Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mai 2001

Sist oppdatert 07. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om vegbygging i Lifjorden



Vegen frå Risnes i Lifjorden til kommunesenteret på Hyllestad vart bygd i fleire etappar. Arbeidet byrja i 1902 og heldt på til 1923. Seinare har det vore utvidingsarbeid. I år 2000 vart det reist ein stein til minne om vegbusen og den fyrste bygdevegen i Lifjorden.

Minnesteinen står i ein betongfot pryda med flate strandsteinar. Me ser baksida med symbolet spett og spade og årstala 1902-1905.

Minnesteinen står i ein betongfot pryda med flate strandsteinar. Me ser baksida med symbolet spett og spade og årstala 1902-1905.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesteinen om vegen i Lifjorden står ved vegdelet til Helleim. Det er laga til avkøyrsle for ferdafolk som ynskjer å sjå nærare på han. Steinen er tilnærma prismeforma, 1,25 meter høg, kring 50 x 20 cm nede og jamnt brei oppover. Han er fundamentert i eit kvadratisk forma fotstykke i betong pryda med små flate strandsteinar.

Det er innskrift på to sider. På framsida, som vender mot vegen til Hyllestad, står eit stilisert element av krosslagd spett og slegge og teksten: MINNE OVER VEGBUSEN * VEGEN HELLEM - RISNES 1902-1905 * VIDARE TIL HYLLESTAD 1914-1923
På baksida, som vender mot vegen til Helleim, står også figurelementet spett og slegge og årstala 1902-1905.

«bus» - «bondeslusk»

Vegarbeid var mellombelse arbeidsplassar og vanlegvis sesongarbeid. Folk kunne ha vegarbeid som eineyrke eller i kombinasjon med noko anna, t.d. småbruk. Vegarbeidaren kunne gå under tilnamn som "bus" eller "bondeslusk". Rallaren var den meir "profesjonelle" omkringreisande anleggsarbeidaren.

Bergljot Lundeland leia arbeidet

Minnesteinen kom opp hausten 2000 og fleire aviser skreiv om hendinga. Det var Bergljot Lundeland, busett i Lifjorden, som gjekk i brodden.
- Eg har brunne for denne vegen heilt sidan eg kom til Lifjorden. Og eg har tenkt mykje på dei som bygde den, kor energiske dei var, og kva den har hatt å seie for dei som kom etter. Eg har tykt dei burde få eit æreminne, og i år 2000 meinte eg det var på tide å setje tanken om i handling.
Dei leitte fyrst etter eit høveleg emne lokalt, men enda opp med stein frå Førde. Innskrifta vart ordna på Møre. Samla kostnad på den ferdige oppsette steinen kom på 18 000 kroner. Bergljot Lundeland tok ein stor del av summen sjølv.
Minnesteinen om Lifjordvegen vart avduka ved ei enkel markering fredag 24. november 2000 og det var ordføraren i Hyllestad, Harry Mowatt, som hadde det ærefulle oppdraget å stå føre sjølve avdukinga. Bergljot Lundeland og medhjelparane Magnar Fleten og Peder Hovlandsvåg fekk takk og blomar for innsatsen.

Historiske opplysningar i avisoppslag år 2000

Avisene hadde fleire historiske opplysningar om minnesteinen:
Det var kamp for å få bygd vegen. Han vart bygd i fleire etappar, 1902-1905 og 1914-1923. Vegen kosta 18 000 kroner. Sluttoppgjeret synte pengar til gode, nok til ei gullklokke til oversyningen (overoppsynsmannen) og nokre stolar til skulehuset. Gardane hadde vedlikehaldet på kvar sine stykke (roder). Dei henta grus på Hovland. På Fjoshammaren stod årstala 1902-1905 hogne inn, men dei kom bort då vegen vart utvida her på 1980-talet.

Bilete av Fjoshammaren med årstala 1902-1905 synleg i berget.

Olaf Hofland - var med på vegarbeidet

Avisa Firda slo av ein prat med 97-åringen Olaf Hofland som bur på garden Hovland i Lifjorden. Han var med på vegarbeidet. - Eg hugsar godt då vegen var ferdig, for kista til bestefar min, Mathias Hofland som døydde i 1923, var den første dei kunne køyre heilt fram til kyrkja etter at brua over Myklebustelva var ferdig.
Hofland var også på vegarbeid andre stader i Hyllestad. Han fortel at alt arbeidet i fyrstninga gjekk føre seg med handemakt. - Vi tok oss fram med handboring, og elles var det trillebåra, spettet, sleggja, feiselen og spaden som var dei viktigaste hjelpemidla.

Kjelder til kunnskap om Lifjordvegen

Historisk kunnskap om Lifjordvegen, og andre bygdevegar, kan ein finna mange stader. Nedanfor er nokre opprekna i stikkordsform.
a) Sjølve vegen - spor etter "gamlevegen": stabbesteinar, stikkrenner, innhogde årstal o.l.
b) Minnestoff - kontakta folk som minnest eller veit noko om bygging, vedlikehald og utviding opp gjennom åra.
c) Uprenta skriftlege kjelder, fyrst og fremst kommunearkivet, fylkesmannsarkivet, og historisk arkivtilfang på vegkontoret for Sogn og Fjordane.
d) Gamle fotografi og stadnamn.
e) Ymse slag trykte kjelder: fylkestingsforhandlingane, lokalaviser, lokalhistorisk litteratur, t.d. fylkesmann Seip si bok om Sogn og Fjordane fylke som kom ut i 1958), og meir allmennhistorisk litteratur.

Om Lifjordvegen i fylkestingsforhandlingane 1999

I 1899 står det om den fyrste sakshandsaminga hjå fylkesmannen (amtmannen) av den påemna Lifjordvegen.
Saka kom til fylkesmannen etter at oppsitjarane i Lifjorden tidleg på året hadde vendt seg til kommunestyret i Hyllestad med underskriven kontrakt og søknad om kommunal løyving på 1/5 mot at dei sjølve tok 3/5. Kommunestyret slutta opp om søknaden ved løyving i møte 21.2.1899, og sende saka til fylkesmannen med garanti for fullføring av prosjektet og søknad om fylkesløyving tilsvarande den attståande femteparten.
Amtsingeniøren, overingeniør Christopher Engebreth Borch, kostnadsrekna den 4870 meter lange strekninga til kr 18 000, og amtstinget løyvde kr 3600 fordelt på 4 år.
Kva tid dei for alvor gjekk i gong med å byggja vegen, står det derimot ikkje noko om i denne kjelda.

Bilete av saka.

Merknad: Ved århundreskiftet 1900 var det to grupper vegar, hovudvegar og bygdevegar. I 1890-åra kom bygdevegsbygginga inn i faste former som heldt seg langt inn på 1900-talet. Det vart gjengs praksis at fylket løyvde 1/5 av kostnadsoverslaget og seinare tillegg mot at kommunen løyvde det same. Til vanleg fall det såleis 3/5 på interessentane. Etter kvart vart det òg ytt statsbidrag til bygdevegane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda. 14.10. og 25.11.2001. Førde.
Nordstrand, Ingemar, red: Vegfolk fortel. Vegminne frå Sogn og Fjordane. Førde 1994.
Nordre Bergenhus Amtsthings Forhandlinger i Aaret 1899. Bergen 1899.
Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR