Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Markeringsstein for Vakre vegars pris på Værlandet



I 2003 vart øysamfunna Værlandet og Bulandet knytte saman med veg. To år seinare vart den nye vegen tildelt Vegdirektøren sin Vakre Vegars Pris. Prisen er markert med ein stasleg stein attmed vegen på Værlandet.

Fylkesveg 365 Værlandet-Bulandet i Askvoll. "Å køyre på vegen er ei oppleving - han slynger seg leikande lett gjennom landskapet."  I 2006 vart vegen kåra til vinnar av  Vegdirektøren sin pris for Vakre Vegar. Sitatet er henta frå grunngjevinga til juryen. Biletet er teke på Langøya med utsyn nordover mot øyane Reksta og Kinn vest av Florø.

Fylkesveg 365 Værlandet-Bulandet i Askvoll. "Å køyre på vegen er ei oppleving - han slynger seg leikande lett gjennom landskapet." I 2006 vart vegen kåra til vinnar av Vegdirektøren sin pris for Vakre Vegar. Sitatet er henta frå grunngjevinga til juryen. Biletet er teke på Langøya med utsyn nordover mot øyane Reksta og Kinn vest av Florø.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Steinen

Vegen mellom Værlandet til Bulandet er om lag 5,5 km. I begge endane er vegen av eldre dato. Det nye vegstykket midt i mellom vart bygd i åra 2001-2003. Steinen som markerer at vegen vart tildelt Vakre Vegars Pris i 2006, står på Værlandet, om lag der den nye vegen byrjar.

Markeringssteinen er laga av den lokale bergarten grønsteinbreksje. Han forma som ein likesida trekant, er om lag 1,5 m høg og har slipt framside. På ei støypt metallplate står:

VAKRE VEGAR 2006
Vegdirektøren sin pris er tildelt
Bulandet-Værlandet
Fylkesveg 365, Askvoll
Olav Søfteland [namnetrekk]
Olav Søfteland Vegdirektør
[Nede:] Statens Vegvesen

Statens vegvesen Region Vest skaffa steinen, mens Statens vegvesen Vegdirektorat skaffa metallplata.

For anlegg godt tilpassa landskapet

Vegdirektøren sin Vakre Vegars Pris vart oppretta i 1988. Brosjyra Vakre Vegar - Vegdirektøren sin pris (2006) seier kva prisen er: "Prisen er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene. Det kan vere vegar, gater, bruer, tunnelar eller tilhøyrande anlegg og utstyr. Anlegget må vera ein del av det offentlege vegnettet."

"forståinga av landskapet"

Brosjyra har òg med noko frå grunngjevinga til juryen for at fylkesveg 365 Værlandet-Bulandet vart heidra med Vakre Vegar-prisen i 2006:

"I eit nake, sårbart landskap har ein med fagleg forankring, estetisk sans og respekt for omgjevnadene bygt ein veg som er eit vakkert møte mellom det menneskeskapte og den storslåtte naturen."

"I dette prosjektet er det ikkje tilgangen på økonomiske ressursar som er grunnen til det vellykka resultatet, men forståinga av landskapet. Det som pregar denne vegen er det enkle og reine, både i utforming av bruene og materialbruk og forming av vegen sitt sideterreng".

"Å køyre på vegen er ei oppleving - han slynger seg leikande lett gjennom landskapet. Samspelet mellom vegen si lineføring og naturen vitnar om evne til å forstå både landskap og vegplanlegging. Denne bygdevegen har skapt eit heilt nytt kvardagslandskap for dei som bur der.

"Vinnarprosjektet er eit føredøme på korleis ein bygdeveg kan planleggjast og byggjast."

Vegsambandet Værlandet-Bulandet

Kulturhistorisk Leksikon har ein eigen artikkel om vegsambandet Værlandet-Bulandet. Kampen for vegsamband til Bulandet pågjekk i mange år. I 1981 la Askvoll kommune fram eit forslag til bru- og vegsamband mellom dei to øysamfunna. 3. juli 2001 byrja arbeidet med den nye fylkesvegen, og 17. desember 2003 vart vegen offisielt opna av fylkesordførar Nils R. Sandal.

kjelder:

Vakre Vegar Vegdirektøren sin pris 2006 (..) Statens Vegvesen 2006
Informasjon frå:
Dagrunn Husum, Statens vegvesen Region Vest