Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnesmerke i Måløy over omkomne fiskarar



I åra 1756-1955 kom i alt 84 fiskarar frå Sør-Vågsøy kommune bort på havet. I 1957 vart det avduka eit minnesmerke over dei attmed kyrkja i Måløy.

Fiskarminnesmerket ved kyrkja i Måløy, reist i september 1957, er bygd inn til muren mot kyrkjegarden på oppsida av kyrkja. Opphavleg var det ei minneplate, men seinare er det sett to til med namn på bortkomne etter 1957.

Fiskarminnesmerket ved kyrkja i Måløy, reist i september 1957, er bygd inn til muren mot kyrkjegarden på oppsida av kyrkja. Opphavleg var det ei minneplate, men seinare er det sett to til med namn på bortkomne etter 1957.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Avdukingshøgtid

Fiskarminnesmerket i Måløy vart avduka i samband med kyrkjejubileum og bispevisitas i september 1957. Minnehøgtida tok til ved at dei fleire hundre frammøtte song Bernt Støylen sin sjømannssalme "Gud signe vårt folk der det siglar og ror." Biskop Ragnvald Indrebø heldt avdukingstalen. Han minna om dei harde livsvilkåra for fiskarane. Mange gonger såg det vonlaust ut, men som ved eit under vart dei berga. Andre gonger måtte dei gje tapt. "Det er minnet deira som fekk ei våt grav der ute vi vil heidra med denne minneplata", sa biskopen til slutt i talen sin og let duken falla. Etterpå orienterte formannen i minnesmerke-nemnda, lærar Ervik, om arbeidet med å finna fram til dei 84 bortkomne fiskarane og om arbeidet med å reisa minnesmerket

Bortkomne på havet

Bygdeboka for Selje og Vågsøy, som kom ut i 1957, innheld eit oversyn over omkomne på sjøen i åra 1669-1950. (Kommunane Nord- og Sør Vågsøy vart skilde ut frå Selje i 1909, begge gjekk inn i den nye Vågsøy kommune frå 1964). Fiskarminnesmerket i Måløy omfattar 84 omkomne personar frå det geografiske området Sør-Vågsøy kommune per 1957, og det er sett til namn på bortkomne i tida etterpå.

På Raudeberg reiste dei i 1999 eit minnesmerke over omkomne fiskarar frå området som omfatta Nord-Vågsøy kommune.

Minnesmerket

Minnesmerket er ei støypt bronseplate sett i ei innramming av stein med eit blomefelt framfor. Biletfeltet øvst viser ei kvinne og eit båtvrak. Deretter kjem denne innskrifta: "Havet gav og havet tok." Så kjem namna med dødsår og alder, og nede står desse orda frå ei salmestrofe: "Dei kviler derute, men vaknar ein gong og stemner frå havet til himmels med song."

Vanskar med finansieringa

Minnesmerket kosta i alt 3876 kr, - plata 226 kr, kunstarløn 1500 kr,- og frakt og andre utgifter ca. 100 kr. - Då minnesmerket var på plass, hadde soknerådet berre dekning for ein del av beløpet: - 1000 kr i kommunalt tilskot, og 700 kr innkome ved ofring i kyrkja. Soknerådet vende seg fyrst til mange fiskarar som rådde til at det vart sendt søknad til Sogn og Fjordane Fiskesalslag. Der vart det avslag med grunngjevinga at laget som fylkeseining ikkje kunne yta tilskot til eit heilt lokalt føretak. Etter dette såg soknerådet ingen annan utveg enn å løyva 1000 kr av kontoen sin "feste av graver", og det resterande beløpet 31 kr av soknekassa.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Oslo 1957.
Fjordenes Tidende. Måløy, 16.09.1957.
Kommunearkivet i Vågsøy. Formannskapsarkivet, Saksdokument.