Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. mai 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Heimevernet – skulptur på Skei



I 1990 flytte Heimevernet, distrikt 10 Fjordane, frå Bergen til Skei i Jølster. Tre år etter overtok HV 10 ny fane og reiste ein skulptur ved stabskvarteret. Skulpturen var laga av bilethoggaren Nils Bruland. Heimevernet fekk kort levetid på Skei. I 2005 vart HV 10 avvikla og anlegget selt til privat kjøpar. Jølster kommune takka ja til å overta skulpturen.

HV-skulpturen står på oppsida av det tidlegare heimevern-kvarteret på Skei.

HV-skulpturen står på oppsida av det tidlegare heimevern-kvarteret på Skei.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Heimevernet i skulptur

Den tidlegare heimevern-bygningen ligg eit kort stykke oppom kommunehuset. Skulpturen står ved hovudinngangen på oppsida av huset. Kunstverket er sett saman av to betongelement, det eine i lys farge, det andre i mørk farge. På framsida av det lyse elementet er det forma ein stor H, og på det mørke, ein V og talet 10. På ei motgåande side av det mørke elementet er det forma tre symbol for fred; ei open hand, ordet PAX og ei due. Elementa vart støypte på Førde Sementvarefabrikk i 1993 i former laga av bilethoggaren. Kvart element veg 2,5 tonn.

HV 10 på Skei nedlagt etter 15 år

Heimevernet vart oppretta i 1946 og organisert med 18 distrikt, om lag 50 krinsar og om lag 560 område under leiing av 1 generalinspektør. Distrikt 10, Fjordane, omfatta Sogn og Fjordane fylke. Stabskvarteret var først lokalisert på Voss (Tvildemoen) deretter i Bergen (Bergenhus festning) før det i 1990 vart flytta til Sogn og Fjordane (nytt anlegg på Skei).

Ved omorganisering av Heimevernet 2003-2004 vart HV 10 avvikla. Kommandoen vart formelt lagt ned ved markering på Skei 16. juni 2005. Sogn og Fjordane vart etter dette geografisk delt ved Sognefjorden mellom eit nytt HV-09 med distriktsstab i Bergen (Bergenhus) og HV-11 med distriktsstab på Åndalsnes (Setnesmoen).

HV-skulpturen på flyttefot

 I 2005 kjøpte Bergen Diakonissehjem heile eigedommen. Skulpturen følgde ikkje med i salet. Heimevernet hadde ikkje interesse av å halde på kunstverket. Gjennom det statlege Utsmykkingsfondet fekk Jølster kommune tilbod om å overta skulpturen. Kommunen takka ja. Ordørar Gerd Dvergsdal uttalte til Firda at det ikkje var fastsett kvar skulpturen skal få sin nye plass. Det endelege vedtaket skulle fattast av formannskapet. Åtte år seinare, i 2013, står skulpturen på same staden.

 Kunstnaren – Nils Bruland

Nils Bruland, fødd 27. september 1922 i Eivindvik i Gulen, var son til Arne Bruland og Helga, fødd Brosvik. Han tok utdanning ved Kunstfackskolan i Stockholm, og underviste også der i mange år. Frå 1974 budde Nils og Inga Bruland i Gjesdal i Jølster.

Det finst arbeid av Nils Bruland fleire stader i landet. Sogn og Fjordane har: a) monumentet Steintreet på Mo i Førde (1978), b) minnestein over vegbyggjaren Per Sægrov på Lunde i Jølster (1975), c) skulptur ved det tidlegare HV10-senteret i Jølster (1993) og d) skulptur ved Førdehuset.

Andre stader: a) Treskulptur i vestibylen på Statens Handverks- og industriskole i Oslo (1948), b) minnesmerke over falne ved Torvastad kyrkje (1950), c) minnesmerke over falne ved Avaldsnes kyrkje (1950) og d) minnesmerke over falne ved Kopervik kyrkje (1950).

 Sogn og Fjordane har dessutan to private arbeid av Nils Bruland på offentlege plassar, det eine på den gamle kyrkjegarden i Rutledal, det andre på kyrkjegarden i Utvik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda Tidend. 15.06.2005
Firda. 17.06., 29.09.2005
Ytre Sogn. 19.07.2005
Norsk Allkunnebok, band 8, 1957

PERMANENT IDENTIFIKATOR