Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. desember 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Minnestein over utflyttar frå Fresvik til Voss



Kring 1660 reiste Mads Torbjørnson Hov frå Fresvik til Voss. Han kom til garden Sæve ved giftarmål med enkja Torbjørg. Mads Sæve var lensmann i åra 1668-1707. I 1921 var det stort slektstemne på Sæve, og det blei avduka ein minnestein over ættefaren og innflyttaren Mads Torbjørnson Sæve.

Minnesteinen over Mads Torbjørnson Sæve, i utsprengd granitt,  er kring 2,5 meter høg, 45 cm brei og  12 cm tjukk. Han står like ovanom gardstunet på Sæve. Det er vakse til med skog rundt steinen. I 1921 var det ope utsyn nedover dalen.

Minnesteinen over Mads Torbjørnson Sæve, i utsprengd granitt, er kring 2,5 meter høg, 45 cm brei og 12 cm tjukk. Han står like ovanom gardstunet på Sæve. Det er vakse til med skog rundt steinen. I 1921 var det ope utsyn nedover dalen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Mads Torbjørnson Sæve

Mads Sæve (1645-1715) var son til Torbjørn Gauteson Fimreite i Sogndal. Torbjørn var av slekta Dal, ei gamla norsk adelslekt som hadde ei lilje i våpenmerket. Segnet seier at Torbjørn drap ein dreng på Fimreite og måtte då flytta til Fresvik der han vart buande på garden Hov. Torbjørn var gift to gonger, fyrst med Gjertrud Skasdotter Lystrup, deretter med Sofie Jensdotter. Han hadde 9 born. Mads var den eldste av 3 sysken i andre ekteskapet. Fleire av syskena vart buande på gardar i Vik og Fresvik.

Flytte til Voss

Mads kom til Voss i 1660-åra. Han gifte seg med Torbjørg Nilsdotter, enkje på Midtun på garden Sæve. Dei var barnlause. I andre ekteskapet med Ingeborg Larsdotter Oppheim hadde han 6 born. Mads Sæve var lensmann i åra 1686-1707.
Mads Sæve vart ein velhalden mann. Han døydde i 1715, 70 år gamal, og vart gravlagd under kyrkjegolvet i Vangskyrkja. Han hadde på førehand sikra seg gravstad inne i kyrkja for 6 riksdalar.

Minnestein over ættefar

Mads Torbjørnson Sæve fekk ei stor etterslekt. Fyrst på 1900-talet tok stasjonsmeister Ragnvald Sæve opp tanken om å samla den vidgreinte slekta og reisa ein bautastein på Sæve. Tanken var fyrst å reisa steinen i 1915, 200 år etter at Mads døydde, med det vart det ikkje noko av og steinen vart liggjande. I 1920 kom arbeidet i gang att. Ungdomane Knut Røte og treskjerar Lars Hæve hogg inn innskrifta, og steinen vart reist på ein haug straks ovanom gardstunet på Sæve.

Avdukingshøgtid

Det var mykje folk tilstades då steinen vart avduka søndag 14. august 1921. Ragnvald Sæve opna med å seia noko om tanken som ligg i det å reisa minne om dei gamle fedrane. Eit siktemål er å nøra hugen hjå folk no, sers dei unge, til meir å sjå attende på fedrane sitt liv, læra av deira liv og ferd alt som kan vera til studnad og signing i eiga livsferd.
Lars Kindem heldt avdukingstalen. Han gjorde greie for Sæve-slekta både bakover og framover, og understreka til slutt at me har mykje å vera folk før oss takksame for. Dei hev stridt, ofra og lidt, gjenom krig og hardtid, men berga so landet fritt som me hev det, til slektene som skulle koma. For dette skuldar me dei takk, kvar til sine ættefedrar. Ein maate aa syna si takksemd paa, og , er aa setja upp eit varigt minnesmerke (...) og no vil me sjaa steinen - lat difor duken falla.

kjelder:

Bladet Hordaland. 17.08.1921.
Lyngvær, Roald: Leikanger bygdebok Ættesoga. 1979.