Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Språk

Minnestein ved Askvoll kyrkje over falne 1940-1945



På kyrkjegarden i Askvoll står ein minnestein med 16 namn, - alle frå Askvoll kommune som sette livet til under krigen 1940-1945. Minnesmerket vart avduka 17. mai 1956.

Minnesteinen over falne i krigen 1940-1945 ved Askvoll kyrkje, avduka 17. mai 1956. Det var ti år etter at arbeidet med å reisa eit minnesmerke vart teke opp. I 1947 melde bladet Firda at det var vedteke å reisa steinen i hagen framfor kommunehuset og at ein skulle nytta ein naturstein funnen i Askvoll. Men så gjekk tida, utan at det kom opp noko minnesmerke. I 1955 etterlyste signaturen S. Klokkernes minnesteinen med særleg adresse til kommunen ved ordføraren. ".. dette er en æressak for kommunen, og en slik sak må ikke henlegges!"

Minnesteinen over falne i krigen 1940-1945 ved Askvoll kyrkje, avduka 17. mai 1956. Det var ti år etter at arbeidet med å reisa eit minnesmerke vart teke opp. I 1947 melde bladet Firda at det var vedteke å reisa steinen i hagen framfor kommunehuset og at ein skulle nytta ein naturstein funnen i Askvoll. Men så gjekk tida, utan at det kom opp noko minnesmerke. I 1955 etterlyste signaturen S. Klokkernes minnesteinen med særleg adresse til kommunen ved ordføraren. ".. dette er en æressak for kommunen, og en slik sak må ikke henlegges!"

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Form og storleik

Minnesteinen er prismeforma, har 65 cm x 33 cm sider og er kring 3 meter høg. Det opphøgde, rektangulære innskriftsfeltet er 60 cm x 175 cm. Minnesmerket står i grasbakke og har eit par små blomar på framsida om sommaren.

Innskrifta

På steinen står namna på alle frå det området Askvoll kommune omfatta under krigen. Øvst på steinen står: FALNE FRÅ ASKVOLL HERAD * I KRIGEN 1940-1945
Deretter fylgjer namna og dødsåra, ordna kronologisk etter dødsår:
KRISTOFFER LUTENTHUN 1940 * ANDREAS FRANK TELLEFSEN 1940 * OTTO NYBERG 1940 * ALFRED FURRE 1940 * REINHARD HERLAND 1941 * KÅRE SEINES 1941 * BERNHARD SMELVÆR 1942 * KRISTIAN FJELDET 1942 * GERHARD LERVÅG 1942 * KNUD LANDØY 1943 * TRYGVE DALSØREN 1944 * VEMUND MELVÆR 1944 * ASBJØRN MELVÆR 1944 * HARALD MYRVÅG 1944 * BERNT MYRVÅG 1945 * TRYGVE VERØYVIK 1945
Under namnerekkja står: DEN SOM ER TRU TIL DØDEN * VINN LIVSENS KRUNE
Orda er henta frå Bibelen. I Johannes Openberring 2.8 står: "-- ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens krone."

Avdukinga

Minnesmerket vart avduka 17. mai 1956, i "ruskevêr av likaste slag." Høgtida vart opna med at Hornmusikken spela Landkjenning [Grieg, Op. 41] og forsamlinga song Ja, vi elsker. Deretter ynskte formannen i nemnda for steinen, Sverre Ringstad, velkomen og gav ordet til admiral Hostvedt som heldt avdukingstalen. Etter avdukinga overleverte Ringstad minnesmerket til kommunen ved ordførar Flokenes. Han sa mellom anna at "når ikkje lenger nokon av oss lever som kan fortelje [..] skal steinen stå og gjeve dette enkle, men mektige bod til komande slekter om offervilje og fedrelandshug."

16 falne

Ein av dei 16 falne var gutunge. Dei andre var ungdommar og menn i sin beste alder. Åtte sette livet til i alliert fart, ein var sjømann innanriks, tre omkom i alliert krigsteneste og tre miste livet i tysk fangenskap etter arrestasjon for motstandsaktivitet. Alle er omtala med korte biografiar og bilete i bokverket Våre Falne som den norske staten gav ut i 1948. Nedanfor er dei sette opp i same rekkefylgje som på minnesmerket.

"LUTHENTHUN, KRISTOFFER ANDREAS, kaptein, Askvoll. Født 30. desember 1899 i Askvoll, s. av båtbygger Kristoffer Sørensen Tviberg, f. 1873 i Sandøy, d. 1899, og Anne Petrine f. Luthenthun, f. 1873 i Askvoll. Gift 1930 i Bergen med Ragna Karine Vilnes, f. 1899 i Askvoll. 2 barn. Styrmannsskole, skipperskole. Dro til sjøs 16 år gammel. Var sist kaptein på d/s Hop som gikk fra Bergen 3. februar 1940, og forsvant sporløst på vei til Middlesbrough.

"TELLEFSEN, ANDREAS FRANK, stuert, Askvoll. Født 7. oktober 1899 i Vestre Moland, s. av Jørgen Tellefsen og Anna f. Kalvild. Gift 1924 i Askvoll med Gunhild Petersdatter Ask, f. 1896 s. st. 3 barn. Var stuert på d/s Dokka, og omkom 17. oktober 1940 da skipet ble senket av tysk u-båt, på reise mellom Barry-Docks og Quebec."

"NYBERG, OTTO JOHANNES, lettmatros, Askvoll. Født 22. desember 1917 i Hosanger, s. av Anton Nyberg og Josefine f. Bernes. Gift 1938 i Askvoll med Petra Stafsnes. 1 barn. Reiste med m/t Fosna i alliert fart til han omkom 18. oktober 1940 ved et ulykkestilfelle i Auckland. Gravlagt s.st."

"FURRE, ALFRED EMIL, skipstømmermann, Askvoll. Fødd 29. mai 1903 i Bergen, s. til verdipostbod Peder Johan Furre, f. 1876 i Askvoll, og Martha, f. Nilsen, f. 1882 i Bømlo. Gift 1936 i Askvoll med Olava Kathinka Furset, f. 1912 s. st. 2 born. Snikkarfagskule. Var skipstømmermann på d/s Samnanger, som gjekk frå Oban i konvoi og vart torpedert av tysk u-båt i Sør-Atlanteren 21. desember 1940."

"HERLAND, REINHARD, fisker, Askvoll. Født 10. juni 1906 i Askvoll, og hustru Arnikke, f. 1875 s. st., d. 1908 s. st. Seilte under krigen i alliert fart til han druknet i Methil i Skottland 26. mars 1941.

"SEINES, KÅRE, ANTONIUS, jungmann, Askvoll. Født 25. september 1914 i Bodin, s. av Karls Seines, f. 1878, og Anna f. Johansen, f. 1879, begge Bodin. Var før krigen fisker. Drev flyktningehjelp, og måtte selv flykte til England i august 1941. Omkom 21. desember s. å. Da d/s Annavore ble torpedert i Atlanterhavet, 7 dagsreiser fra Gibraltar.

"SMELVÆR, BERNHARD MATHIAS, 2. styrmann, Bergen. Født 28. mai 1906 i Askvoll, s. av Johan K. Smelvær, f. 1878, og Oline Margrethe f. Berntsen, f. 1876, begge i Askvoll. Gift 1931 i Bergen med Solveig Christiansen Solheim, f. 1911 s. st. 2 barn. Styrmanns- og radiotelegrafistskole. Omkom 15. februar 1942 da d/s Birk, som lå på havnen i Kirkenes, slet fortøyningene i en storm og drev ned på et minefelt.

"FJELDET, KRISTIAN, sjømann, Askvoll. Fødd 28. august 1894 i Fjaler, s. til Kristoffer Fjeldet, f. 1855, d. 1942, og Oline f. Eliasen Njøsen, f. 1857, d. 1944. Gift i Amerika med Nettie, f. i Norfolk U.S.A. Var sjømann og for i kystfart på Amerika. Sette livet til på d/s Nordvangen då skipet vart borte på reise frå Paramaribo til Trinidad. Drog frå Paramariobo 18. februar 1942, sidan har ein ikkje høyrt noko frå fartyet.

"LERVAAG, GERHARD JOHAN, styrmann, Askvoll. Fødd 31. juli 1905 i Askvoll, s. til redaktør David Gerhardson Lervaag, f. 1862, og Astrid f. Ubostad, f. 1869. Skuleskipskurs, styrmannsskule, skipperskule. Reiste ut 1939 som båtsmann på m/s Torvanger. Var seinare 2. styrmann på m/t Vardefjell som gjekk i alliert fart. Skipet råka ut for ein sterk storm i desember og gjekk i to. Forskipet, der han var, vart borte med 12 mann 13. desember 1942."

Kom bort på havet

Gerhard Lervaag sette livet til som offiser om bord på det norske handelskipet m/t Vardefjell i fart for dei allierte. Vardefjell avgjekk i konvoi frå Clyde, USA, for Nord-Afrika fredag 11. desember 1942 lasta med olje. Skipet mista kontakten med konvoien. Sjøen gjekk tung, og om kvelden den 13. brotna skipet i to. Forskipet med 12 mann om bord kom bort, medan akterskipet heldt seg flytande og let seg manøvrera i sakte fart akterover for eigen maskin. I 13 døgn gjekk det halve skipet baklengs, og greidde å nå inn til Færøyane på julaftan. Ein båt kom ut og berga alle om bord. Men Gerhard Lervaag var mellom dei 12 på forskipet.

"LANDØY, KNUT ANDREASSON, fiskar, Askvoll. Fødd 11. mars 1896 i Askvoll, s. til fiskar Andreas Landøy, f. 1859, og Anne Cecilie f. Vilnes, f. 1868 s. st. Motorkurs. Vart arrestert av tyskarane 17. juli 1942 av di han ikkje hadde levert inn radioapparatet. Sat i ulike fengsel i Noreg til han vart send til Tyskland 15. februar 1943. Kom til Sachsenhausen, men vart seinare flytt til eit anna læger ei tid. Kom sjuk attende til Sachsenhausen, og døydde 29. april 1943.

"DALSØREN, TRYGVE, skulegut, Askvoll. Fødd 21. juli 1935 i Askvoll, s. til butikkbetjent Adolf Emil Thomasseon Dalsøren f. 1908 i Askvoll, og Else Marie f. Pedersen, f. 1907 i Bergen. Gjekk 17. juni 1944 saman med nokre jamaldringar innanfor ei piggtrådsperring rundt eit minefelt, og vart hardt såra då ei mine sprang i lufta. Døydde på veg til sjukehuset.

MELVÆR, ASBJØRN og
MELVÆR, VEMUND. (Sjå artikkel KAL/SFF- 046.1428).

"MYRVÅG, HARALD, fiskar, Askvoll. Fødd 27. september 1914 i Askvoll, s. til gardbrukar og fiskar Teodor Myrvåg, f. 1896, og Sofie f. Nikøy, f. 1888, båe Askvoll. Gift 1937 med Kristine Kalvåg, f. 1910, d. 1938. 1 barn. Gøymde våpen som kom frå England, tok seg av spesialsendingar og hjalp tilrettes og var med i eksportorganisasjonen på Bulandet. Vart arrestert 19. mai 1942, førd til Bergen og Grini, og derifrå 30. september 1943 til NN-læger i Tyskland. Døydde 13. mai 1944 i Natzweiler. Broren Bernt fall 1945.

"MYRVÅG, BERNT, TEODORSEN, fiskar, Askvoll. Fødd 22. januar 1921 i Askvoll, [..] Rømde frå den tyske arbeidstenesta og reiste til England sumaren 1941. Vart soldat og fallskjermjeger, kom med i den troppen som vart kalla "dei grøne djevlar". Var med på invasjonen i Belgia og Nederland. Fall på Walcheren 14. januar 1945. Gravlagd på Walcheren. Broren Harald døydde i Tyskland 1944."

"VÆRØYVIK, TRYGVE, fyrbøter, Askvoll. Født 2. januar 1922 i Askvoll, s. av Torvald T. Værøyvik, f. 1896 s. st., og Johanne f. Helgheim, f. i Jølster. Var fisker, men reiste fra Værlandet til England i august 1941 med en motorskøyte, og kom inn i Den norske marine. Var på forskjellige båter, bl.a. på korvetten Tunsberg Castle. Fartøyet ble minesprengt utenfor Nord-Norge 12. desember 1944, men Værøyvik ble reddet. Omkom 8. mai 1945 da minesveiperen N.Y.M.S. 382 ble senket i Den engelske kanal.

kjelder:

Hegland, Jon Rustung: Nortraships flåte. Krigsseilasen under den allierte defensiv. 1. del. Oslo 1976.
Våre falne. Oslo 1948.
Firda 14.05.1947. Førde.
Firda Folkeblad. 21.04.1955. Florø.
Firda Folkeblad. 24.05.1956. Florø.