Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. oktober 2001

Sist oppdatert 15. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Bernt Askevold



Like ved kyrkja på Askvoll står ein nær 3 meter høg minnestein over Bernt Askevold. På baksida er innhogge: "Venner paa begge sider av havet reiste dette minne". Askevold utvandra til Amerika i 1873, tok teologisk utdanning og var prest i fleire kyrkjelydar. Han kom heim att i 1922 og budde dei siste leveåra i Askvoll.

Askvoll kring 1860. Teikninga er laga etter ein samtidig akvarell av Bernt Askevold. Oppe til høgre er husa på garden Askvoll, øvre, der Askevold vart fødd og voks opp. Prestegardstunet ligg til venstre for kyrkja med hovudbygning, bispestove, borgstove med paktarbustad, stabbur og andre uthus. Korskyrkja midt i biletet er Askvoll-kyrkja, bygd 1859, som brann ned berre 2 år seinare.

Askvoll kring 1860. Teikninga er laga etter ein samtidig akvarell av Bernt Askevold. Oppe til høgre er husa på garden Askvoll, øvre, der Askevold vart fødd og voks opp. Prestegardstunet ligg til venstre for kyrkja med hovudbygning, bispestove, borgstove med paktarbustad, stabbur og andre uthus. Korskyrkja midt i biletet er Askvoll-kyrkja, bygd 1859, som brann ned berre 2 år seinare.

Eigar: I: Frå heimbygda.

Datering: Kring 1860.

Minnesteinen

Minnesteinen over Bernt Askevold er prismeforma, 64 x 24 cm nede og 270 cm høg. På framsida er øvst ein innhoggen kross, nedanfor er innfelt eit 54 cm høgt, ovalt forma ansiktsrelieff og nedst står innskrifta PASTOR * BERNT ASKEVOLD * [f.] 1846 - [d.] 1926

Bilete av minnesteinen.

På baksida står kven som reiste steinen, vener på begge sider av havet. Skrifta her er diverre noko vanskeleg å lesa. Steinen vart reist kort tid etter Askevold døydde, truleg i 1928 eller 1929. Relieffet er signert "Ambrosia Tønnesen 1928."

Bilete av relieffet på minnesteinen.

Foreldra

Bernt Askevold, fødd 16. mai 1846 i Askvoll, var son til bonde Mads Mathiasson Askevold (1798-1873) og Ingeborg Pedersdotter Askvolløyra (1809-1894). Mads Askevold var gift to gonger. I fyrste ekteskapet, med Anne Marie Stub Heiberg, dotter til prost Gerhard Severin Heiberg, sokneprest i Askvoll i åra 1816-1825, hadde han tre born. I andre ekteskapet hadde han ni born, med Bernt og tvillingsystera Dorthe som nummer 6 og 7 i rekkja.

Portrettbilete av Bernt Askevold.

Arbeid og utdanning

Bernt Askevold gjekk den obligatoriske allmugeskulen og vart konfirmert i 1861. Deretter arbeidde han på farsgarden i tre år, og var to vintarar på vårsildfisket ved Kinn. I åra 1864 -1866 var han elev på lærar Anders Høvig sin private "lærlingeskole" på Askvoll, ein skule som var meint å hjelpa ungdom fram mot lærareksamen. Hausten 1866 fekk han vikararbeid i Kinn, men flytte same hausten til Bømlo i Hordaland då han fekk fast lærarpost der. Her vart han verande i tre år, som lærar i fleire krinsar, seinare også som postekspedidør hjå handelsmann Både. Frå 1869 til han utvandra i 1873, budde Askevold i Bergen. Her gjekk han m.a. underoffisersskulen, arbeidde som lærar i Laksevåg og gav ut si eiga avis "Laxevaags Avis" ein kort periode. Elles las og studerte Askevold alltid på eiga hand, og lærde seg fleire språk, - engelsk, tysk og fransk.

Til Amerika og attende

I Amerika arbeidde han som lærar før han tok presteutdanning ved Luther College, Iowa, i åra 1880-1882. Seinare vart han prest i 14 kyrkjelydar, sist i Brooklyn, New York, frå 1917 til 1920.

Postkort med Luther College, Iowa, som motiv.

Askevold vart gift tre gonger i Amerika, og alle ektefellene var av norsk ætt. Tre born i dei fyrste ekteskapa døydde, medan sonen Gerhard, i det tredje eksteskapet vaks opp og vart buande i Amerika. Tredje kona døydde i 1909 og seinare var Bernt Askevold einsleg. Askevold var heime på vitjing fleire gonger, men i 1922 kom han attende til Norge for godt og busette seg i Askvoll. Den heimvende Amerika-presten vart straks med i kyrkjelydsarbeidet, vikarierte ei tid i prestekallet og vart godt kjend av folket i begge kyrkjesokna, Vilnes og Askvoll. Han døydde 10. juni 1926.

Bilete av Norwegian Lutheran Church, Eldorado, Iowa.

Gravferda

Sokneprest Lyngstad skreiv minneord om han i kyrkjelydsbladet. Folk frå heile prestegjeldet samlast i heimen hans på Øyra der soknepresten tala over 2. Tim. 4, 6-8: "Tiden for min bortgang er for hånden, jeg har stridt den gode strid, fullkommet løpet, bevaret troen. Så ligger retfærdighetens krans rede for mig, den som Herren, den retfærdige dommer skal gi mig på hin dag, dog ikke alene, men alle som har elsket hans åbenbarelse." Det var dei same orda Askevold hadde tala over siste gongen til kyrkjelyden.

Etter talen vart det lagt ned kransar frå Askvoll kommune, Vilnes sokn, og Bergens krins av Norges finnemisjonselskap. Frå kyrkjelyden på Askvoll vart det lagt ned blomar med takk for "ordet om korset". Soknepresten gjorde teneste ved jordfestinga ved grava.

Boksamling

Like før Askevold døydde i 1926 gav han boksamlinga si til Askvoll kommune. Bøkene vart seinare sette til sides i eit kott og fyrst tekne fram på 1970-talet. Samlinga står no i lokalsamlinga i biblioteket. Det er laga innhaldsliste og folk kan få låna bøkene til bruk på biblioteket, men det står att å laga ei bibliotekfagleg registrering tilgjengeleg på data.

Boksamlinga på over 1000 titlar avspeglar mannen som bygde ho opp. Om lag 350 titlar omhandlar religiøse emne, mange bøker gjeld språk og opplæring, og elles dekkjer bøkene eit vidt emneområde, - geografi, samfunnskunnskap, historie, m.m.

Bilete frå dagboka til Bernt Askvold.

Livsminne

Saman med bokgåva fylgde òg seks store handskrivne bøker med livsminne. I den fyrste står skrive på "tittelbladet": "Optægnelser om mig selv, min slægt og min Hjembygd, samt et og Andet af hvad jeg ellers har hørt og seet." Alle bøkene er førde med Askevold si karakateristiske handskrift, og bak i kvar bok er det personregistre med tilvising til sidetal.

Askvoll kulturstyre gav kring 1980 ut boka "Frå heimbygda. Etter Bernt Askevold sine minnebøker." Her er stykke om slekta, barndommen og ungdommen, om namn og sogehendingar i Askvoll, om kriminalitet og ulukker, om nokre prestar og kyrkjesongarar i Askvoll, "Lærlingeskolen" på Askvoll, m.m.

Personarkiv

Ei samling brev, postkort, fotografi, handskrivne bøker og andre papir Bernt Askevold etterlet seg er ordna som privatarkiv (personarkiv) og oppbevart i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Arkivet inneheld m.a. 290 Amerikabrev (brev sende til BA frå avsendarar i Amerika og Norge). Dei er registrerte i eit eige Amerikabrev-register.

Bilete av framsida på eit sleksregister.

Bilete av program for Mads Askevold's kranslegging.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Menighetsblad for Askvoll og Vilnes. Juli 1926.
Frå heimbygda. Etter Bernt Askevold sine minnebøker. Askvoll kulturstyre.
Firdaposten. Florø. 21.01.1999.
Fylkesarkivet:
Privatarkiv SFF-88110 Askevold, Bernt.

PERMANENT IDENTIFIKATOR