Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Andreas B. Vamraak



Andreas B. Vamraak (1861-1936) var fødd på garden Vamråk i Høyanger. Han tok eksamen ved Stord lærarskule 1880 og var lærar til 1931, frå 1893 i heimekommunen på Kyrkjebø. Vamraak var aktivt med i politisk arbeid, målrørsla og ungdomslagsrørsla. I 1938 vart det avduka ein minnestein over han på Kyrkjebø.

Vamraak-minnesteinen på Kyrkjebø, avduka 13. august 1938. I 2006 vart steinen flytta frå den opphavlege staden på ein knaus ovanom riksvegen. Der hadde Vamraak utsyn mot gamleskulen på Kyrkjebø og heimbygda Vamråk på sørsida av fjorden. Utviklinga gjorde at denne staden etter kvart vart avsides og tungvint å koma fram til. Steinen vart difor flytta til det nye bygdesenteret nedanfor riksvegen.

Vamraak-minnesteinen på Kyrkjebø, avduka 13. august 1938. I 2006 vart steinen flytta frå den opphavlege staden på ein knaus ovanom riksvegen. Der hadde Vamraak utsyn mot gamleskulen på Kyrkjebø og heimbygda Vamråk på sørsida av fjorden. Utviklinga gjorde at denne staden etter kvart vart avsides og tungvint å koma fram til. Steinen vart difor flytta til det nye bygdesenteret nedanfor riksvegen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2016

Fotograf: Hermund Kleppa

Vamraak-steinen

Vamraak-steinen er ein vel 3 m høg, tilhoggen stein med ansiktsrelieff i bronse og innskrifta A.B.VAMRAAK * 1861 - 1936. Relieffet er laga av kunstnaren Ambrosia Tønnesen. Rundt steinen er det mura opp og planert.

Minnesteinen vart avduka laurdag 13. august 1938 på ei stemne Sogns Lærarlag heldt den dagen. Mellom 3- og 400 menneske var tilstades. Overlærar Olav Hoprekstad heldt avdukingstalen. Han slutta talen med desse orda: .. Han var ein god borgar som ville bygda si vel og bygda har æra av dette minnesmerket - dei som lever i dag og dei som etter kjem. Vern om minnet!" Ordførar Opdahl tok deretter mot minnesmerket og sa at det var ein heider for kommunen å ta vare på det og verna det til alle tider.

Flytting

I 1938 stod Vamraak-steinen ope og fritt til like ved vegen gjennom Kyrkjebø-bygda. Ved tusenårskiftet var rommet blitt monaleg mindre. Utviding av vegen hadde teke plass på nedsida og eit nytt hus var kome tett inntil steinen på oppsida. Dessutan var det kronglete å koma seg fram. I 2000 tok Kyrkjebø Ungdomslag opp spørsmålet om å flytta minnesmerket til ein meir passande stad, til området ved skulen eller til ein park ved butikken i bygda.

Biografi

Andreas Bergeson Vamraak vart 10.04.1861 fødd på garden Vamråk. Han var son til Berge Olsson Vamraak og Sofie Andersdotter, fødd Dale. Vamraak vart gift med Anna Austreimsli. Dei hadde ikkje born. Andreas Vamraak tok eksamen ved Stord lærarskule i 1880. I åra 1880-1882 var han lærar i heimkommunen Kyrkjebø, frå 1882 til 1893 i Buskerud, dei siste åra der som lærar i ein ambulerande folkehøgskule. I 1893 vart han tilsett som lærar og kyrkjesongar i Kyrkjebø, der han heldt fram til han gjekk av i 1931, 70 år gamal.

Andreas Vamraak var i mange år med i politisk arbeid. Han var m.a. ordførar i Kyrkjebø kommune i perioden 1899-1904 og formann i fylkesskulestyret frå 1908. I perioden 1900-1903 var han stortings-vararepresentant for Venstre frå Nordre Bergenhus Amt. Elles var han med i styret for Vestlandske Mållag og formann i Sogn Ungdomslag i mange år. I 1932 vart Vamraak tildelt Borgardådsmedalja i sølv. Han døydde 13.8.1936.

Skriving

Andreas Vamraak tok til å skriva på landsmål eller nynorsk alt i slutten av 1880-åra. Han førte dagbøker i ungdomsåra, og hadde alltid brevskifte med slektningar, vener og kjenningar. Av og til skreiv han på vers, t.d. Ved mors kiste 1898, og livsminnestykke, t.d. Stemneminne i 40-årskriftet for Voss folkehøgskule 1935. Vamraak var og ein flittig bidragsytar til blad og aviser. Han skreiv t.d. om lærararutdanninga, om kristendomsfaget i folkeskulen, om Olaf Huseby og Blixsalmane og Bjørnstjerne Bjørnson-jubileet i 1932.

I 1931 ga Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane ut eit lite historiehefte, skrive av A.B.Vamraak til bruk i heimstadlærefaget. Det må ha vore eit av dei aller fyrste lokalhistoriske skrifta utgjevne til bruk i skulen i Sogn og Fjordane.

Vamraak for vide på talarferder. I 1909 fekk Salten Ungdomslag han nordover for å halda foredrag om "norsk skule". Mot slutten sende han to nordlandsbrev heim til Sogns Tidende. Det siste er signert om bord i dampskipet "Kong Halfdan". I eit avsnitt skildrar han Nordlands-naturen:

".. Og so alle desse øyarne med alle sine vikar og vaagar og fjellformer i endelaus skifting. Det er tindar og taarn, nut og nos, og skaft og stav, kall og kjerring, ryttarar med hjelm, og møyar med lange slæp og snjokrans um panna. Sjølve Lofotveggen saag fraa austsida aat Vestfjorden ut som eit veldugt sagblad med noko ujamn tannrekkja, - høgste toppen - Lofotkallen - naar 3000 fot upp yver havet.."

"Takk det same!"

I Firda Folkeblad, 15.9.1936 har skulestyrar Otto Huseklepp eit stykke om talaren og skulemannen Vamraak. Han fortel m.a. om ein tale han heldt i ei stove ein stad i fylket like etter hundreårskiftet 1900. I artikkelen kjem det mellom anna fram eit glimt av nynorsk-forkjemparen eller målmannen Andreas Vamraak.

"..Talaren var ein stor, sterk kar med klår røyst og livande minespel som fekk folk til å fylgja med både i ålvor og lått. Han tala um norsk mål. "Takk i lige måde!" veit De nokon god nordmann som segjer det? Det er ikkje vårt eige. Det er tillært. Frå eit flatt land i sud er det kome, og det høver der, men ikkje i Noreg. Kva skal ein nordmann seia? Takk likeeins! Takk det same!. Då jol kom, og "god jol" lydde oss i møte, svara kvar einaste ungdom i grenda: "Takk det same!"

Heidra av skulestyret og lærarlaget

År 1929 vart lærar Vamraak heidra av skulestyret i Kyrkjebø. Hqn hadde då vore med i skuelstyret i 34 år, av desse 22 år som formann. På skulestyremøtet 8. januar sa Vamraak frå seg attval. På ei festleg samkome etter møtet takka den nyvalde formannen, Nils Vattekar, Vamraak for vel utført arbeid og gav han seks sølsvskeier som eit synleg uttrykk.

Den 14. januar heldt Kyrkjebø lærarlag fest for Vamraak. Som gåve fekk han ein vakker stol.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-94105 Vamraak, Andreas


Førsund, Olav: Andr. B. Vamraak Ein åndshøvding på Vestlandet 1861-1961. 1961.


Lothe, Anders A: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.


Øvre-Eide, R: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970.


Vamraak, A.B: Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 1931.

PERMANENT IDENTIFIKATOR