Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juni 2000

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Kommune

Minnestein over Hans Vigdal



Ved Dale kyrkje står det ein vel 4 meter høg stein på ei av gravene. På steinen er det hogge inn HANS VIGDAL 1855-1903. Emnet til steinen vart kila ut or ei svær steinblokk som losna høgt oppe i Fivlenosi og rasa heilt ned i Dalsdalen. Vigdals Sva opp mot Store Skagastølstind har fått namnet sitt etter Hans Vigdal.

Vigdal-steinen på kyrkjegarden i Dale i Luster. Steinen til venstre står på grava til systera, Martha (1857-1945). Ho budde mange år hjå broren. Straks etter ho døydde ordna lærar Sigurd Fjøsne på eige initiativ med at namnet hennar vart hogge inn på broren sin stein. Dette vekte harme, og enden på visa vart at innskrifta vart fjerna.

Vigdal-steinen på kyrkjegarden i Dale i Luster. Steinen til venstre står på grava til systera, Martha (1857-1945). Ho budde mange år hjå broren. Straks etter ho døydde ordna lærar Sigurd Fjøsne på eige initiativ med at namnet hennar vart hogge inn på broren sin stein. Dette vekte harme, og enden på visa vart at innskrifta vart fjerna.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Hans Vigdal

Hans Vigdal var fødd i 1855 på garden Li i Nedre Vigdalen i Luster. Han viste tidleg stor lesehug og las alt han kunne få tak i. Vigdal kom seinare på lærarskulen i Balestrand der han "svalt seg fram til eksamen". Etterpå var han lærar på Austlandet, Sørlandet og i Årdal før han i 1885 søkte seg heim til Vigdal og Jostedalen.

Kring 1890 kjøpte Hans Vigdal eit gamalt loft i nedre Vigdalen som han flytta opp på Vigdalstølen om lag 800 m o.h. Her hadde han fått sitt eige stykke som han gav namnet Sagarvollen. Nokre år seinare bygde han seg ei lita stove attmed loftet, der han seinare budde store delar av året.

Hans Vigdal var eit mangslunge menneske, - fjellmann og skogreisar, plantekjennar og naturmedisinar, folkedokter og kulturminnesamlar, målmann og fedrelandselskar, fråhaldsmann og fritenkjar (meinte somme) og versemakar (for seg sjølv). Han levde som ungkar all sin dag, og døydde i 1903 berre 48 år gamal.

Naturelskar og tindebestigar

Hans Vigdal elska naturen og ferdast heile livet i skog og mark og høgt til fjells. Han hadde ein særleg trong til å prøva og finna ut av det ukjende, og vart etter kvart ein meister i å ta seg fram i "uframkomeleg fjell". Ein sommardag i 1890 for han heilt åleine frå Turtagrø til toppen av Store Skagastølstind, "Storen". Hans Vigdal var blant dei første som var på Storen åleine. På veg opp til toppen tok han seg fram over eit sva som den dag i dag heiter Vigdals Sva.

Folkedokter

I mange år var Hans Vigdal lustringane sin medisinmann. Han hadde lese seg til mykje medisinsk kunnskap, og han hadde god kjennskap til lækjande planter. Sjølv levde han på sunt vis, var mykje ute i frisk luft, var fysisk aktiv og åt næringsrik plantekost. Kaffi, tobakk og alkohol skydde han som pesten.
Etter kvart søkte fleire og fleire råd hjå Hans Vigdal for sjukdom. Han sa då som oftast: "Var det meg, so vilde eg gjera soleis, og han la gjerne til: Naturi lækjer sjølv ho, berre me steller oss på rette måten." Folk kom til han og spurde om råd, eller dei bad han vera med og sjå til den sjuke. Skulemedisinaren i Luster på denne tida, dokter Paasche, tykte vel om Hans Vigdal sin innsats for folkehelsa. "Han var en kjernekar, en som ofret sig for andre uten å tenke på seg selv," sa han etter at Vigdal var død.

Ein av dei fyrste målmennene

Hans Vigdal høyrer med til dei fyrste nynorskpionerane i fylket. Han skal ha vore den fyrste læraren i Sogn som let skuleborna få fortelja eller attgje leksa på sitt eige talemål. Sjølv nytta han alltid nynorsk i skrift og tale.

Minnestein frå Fivlenosi

Det var Sogns Lærarlag som gjorde opptak til å få reist ein minnestein på grava hans. Til avdukinga hadde skulemannen og forfattaren Johan Austbø frå Lavik skrive minnedikt.
Emnet til steinen fann minnesmerkenemnda på eit noko merkeleg vis. Medan dei gjekk og leita etter eit høveleg emne framme i Dalsdalen, ramla det ned eit svært steinstykke frå Fivlenosi. Ut or dette steinstykket kila dei ut emnet til minnesteinen. Somme meinte etterpå at det var som eit teikn, at sjølve brattfjellet ville vera med å heidra denne gjeve fjellmannen.

"Minneskog" på Vigdalstølen

Hans Vigdal sin heim på Vigdalstølen er den dag i dag eit synleg spor etter mannen som bygde og budde der. Granene han planta står enno, og stova han budde i er nytta som sjølvbetjeningshytte av Den Norske Turistforening. Men Vigdalsloftet er borte. Det vart flytta til Sogn Folkemuseum fyrst på 1940-talet.

kjelder:

Forthun, Knut og Fjøsne, Sigurd: Naturmannen Hans Vigdal. I Den norske turistforenings årbok. Oslo 1944.
Lothe, Anders A: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. 1950.
Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band IV, Gaupne sokn. Luster 1991.
Informasjon frå:
Hans Lavoll, Luster.