Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein i Balestrand over skiparane av Fylkesbaatane



Sogn og Fjordane har to minnesteinar fylket sjølv har medverka til å få reist. Ein står i Holmen i Balestrand, reist i 1911 til minne om ein prest og ein fylkesmann som var med og skipa Fylkesbaatane. Det var på nære nippet at steinen vart flytta same sommaren han var komen opp, - på grunn av to bokstavar i innskrifta.

Minnesteinen over to sentrale personar i skipinga av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane står på Kvikne's Hotell sin eigedom, tett attmed hotellet.

Minnesteinen over to sentrale personar i skipinga av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane står på Kvikne's Hotell sin eigedom, tett attmed hotellet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesmerket

Fylkesbaatane-minnesteinen står ved sjøen tett attmed Kvikne's Hotel. Det er ein slank, temmeleg høg stein som er festa i eit vakkert forma fundament med fire "støttande" steinar i kvart hjørne.

Framsida vender mot fjorden. I to felt er øvst hogge inn bokstavane N.B.A.D. (Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane) og eit relieff av D/S "Framnæs", det fyrste skipet til Fylkesbaatane. I feltet under står namna på dei to mest sentrale personane i skipinga av fylkesreiarlaget, amtmann M. C. Aubert og sokneprest H. U. Sverdrup. Lenger nede er hogge inn skipingsåret 1858. På baksida står årstalet 1911.

Portrettbilete av Michael Conrad Sophus Emil Aubert.

Portrettbilete av Harald Ulrik Sverdrup.

Tanken om å reisa minnesmerke

Den 21. mai 1908 feira Fylkesbaatane 50 årsjubileet sitt i Bergen. Fylkestinget i Sogn og Fjordane og mange prominente personar var med. Om ettermiddagen var dei på jubileumstur med D/S "Gudvangen" i skjergarden utafor Bergen og om kvelden på fest på Holdts Hotel. Avisa Sogningen melde etterpå om ei svært vellukka markering, mellom anna med "en uendelighed av taler."

Me kjenner ikkje til når tanken om eit å reisa eit Fylkesbaatane-minnesmerke kom opp, eller kven som fyrst lanserte ideen, men det kan godt ha skjedd på jubileumsdagen i Bergen i ein av dei  mange talane. I ei kort notis i Fjordenes Blad 24. februar 1909 står det at "nokre menn" i Sogn "heve teke upp arbeidet med å samla inn pengar til ein bauta for vaare amtsbaatar." Det går fram at amtmann John Utheim var ein av mennene.

Arbeidsnemnd

Det fyrste skriftlege vitnemålet om at tanken var omsett i handling, er eit brev til Anders Skaasheim (på denne tida tilsett som kontorist i Bergens Noteforretning) frå hotelleigar Ole Kvikne. Skaasheim har teke tak i saka, og Kvikne er positiv. Minnesmerket kan reisast på hans eigedom, og han lovar elles å hjelpa til etter beste evne.

I 1911 høyrer me om ein komite, ei arbeidsnemnd, men me kjenner ikkje til kven som eventuelt utnemnde komiteen eller når det skjedde. Me saknar eit arbeidskomite-arkiv, men kjeldematerialet elles viser at Anders Skaasheim var drivkrafta i arbeidet og at han hadde gode hjelparar i fanejunker og ordførar O. Tjugum og hotelleigar Ole Kvikne i Balestrand, og truleg også D. O. Bakke i Fjaler.

Reisinga

Arbeidskomiteen fann eit høveleg emne til minnestein på garden Lindane, om lag 15 km utover fjorden frå Balestrand, og jekteeigar Hermund Thue frakta det tunge kolliet inn til Holmen i april 1911. Det vart gjort på den måten at han fyrst var i Kaupanger og "underlasta" med trelast, dvs. fylte rommet opp med trelast, og så etter alt å døma plasserte det tunge kolliet på tvers i jekta.

Så fylgde ei travel tid. Det kom to fagfolk frå Bergen. Steinhoggar Kolstad arbeidde i fleire dagar med inskripsjonen, og ein Johnsen var sjef for arbeidet med fundamentering og reising. Han kom med spesialhjelpemiddel som vinsjar, kjettingar og trosser. Trematerialar som bord, plankar og stokkar fekk dei leiga frå trelasthandlar Schreuder i Skjerjehamn.

Den 13. mai kom steinen i rett stilling, med enden ståande på fjellgrunn og rota sett i ein solid betongfot. Nokre dagar seinare tok dei ned støttereisverket.

Bilete av innskrifta.

Avduking utan hurra-rop

Steinen vart avduka 17. juni 1911 i samband med at fylkestinget hadde si årlege tingsete i Balestrand dette året. Råma var den beste: strålande vêr, eit flaggpryda D/S "Kommandøren" ved kaien, festkledde folk frå fjern og nær, heile amtsformannskapet oppstilt ved minnesteinen og Ingolf Elster Christensen, fylkesmann frå 1910, på talarstolen. Men, den heilt store stemninga mangla. Det høyrdest verken begeistra hurra-rop då duken fall, eller triumferande fløytesignal frå "Kommandøren", skal me tru ei dame som var til stades. Ho skriv i eit brev dagen etter:

"Saa kom amtmanden med amtsformandskabet som stillede sig paa begge sider af ham og holdt sin tale. Den var laber, rigtig en jomfrutale, meget kort, ja, jeg har ikke mer at sige om talen. Der var ingen stemning, [og] det var vel skylden. Men tenk dig skandalen, som fru Brynildsen sagde, idet tøiet faldt af stenen stod alle og maabte og glante paa stenen [...], og ikke en eneste havde forstand at udbringe et 3 x 3 hurra. Kommandøren hilsede med flaget, det var det hele. Der kom vel en del telegrammer for anledningen, men intet blev oplæst. Saa reiste amtmanden, [og] Heiberg med flere hjem med Kommandøren og alt var slut. Du kan bare være glad, du ikke kom."

To bokstavar skapte røre

Kva var det som gjorde at den store begeistringa uteblei då duken fall? Det var to bokstavar, n i amtmann (i staden for amtmand) og k i sokneprest (i staden for sogneprest). Det var kome landsmål i innskrifta i staden for riksmål! Minnesteinen vart med eitt meir ei kampsak i målstriden enn eit minnesmerke over eit storverk av to framsynte menn. Spørsmålet riksmålsfolket stilte seg, var korleis ei slik innskrift med to "maalord" hadde vorten sniken inn. Det skulle koma til å hagla med skuldingar og harde ord, ikkje minst i lokalavisa "Sogns Tidend."

Kunne vorte flytta same året

Hotelleigar Ole Kvikne var riksmålsmann. Han sette i brevet sitt til Anders Skaasheim, 23.1.1909, eit klårt vilkår for å reisa steinen på eigedommen sin: innskrifta skulle vera på riksmål! Hotellet ynskte ikkje å "representere Landsmaalet".

Det er ikkje å undrast over at han reagerte sterkt då det kom for ein dag at steinhoggaren hadde hogge inn to "maalord" på steinen, amtmann og sokneprest. Det same gjorde riksmålsmannen og ordførar i Sogndal,  godseigar G. F. Heiberg. Han tok kontakt med fylkesmannen. Innskrifta kunne ikkje bli ståande slik!

Fylkesmann Christensen laut straks til med oppklaringsrundar for å finna ein veg ut or uføret, ei oppgåve som ikkje vart lettare ved at leiaren i arbeidsnemnda, Anders Skaasheim, ikkje var til stades. Fylkesmannen var òg klår over at han i verste fall måtte leggja fram saka formelt for fylkestinget, og be tinget finna ein annan stad for den nyreiste minnesteinen! Christensen greidde å avverga den store skandalen, og avdukinga kunne haldast som planlagt, om enn i svært avdempa former.

Bilete av steinen.

Vanskeleg finansiering

Utpå sommaren 1911 vart det minnestein-rekneskap i eit lesarinnlegg i "Sogns Tidende". Skaasheim hadde ikkje anna enn dystre tal å koma med, samla kostnad kr 1263,50, mot innkome ved gåver kr 116,00! Minnestein-entusiastane hadde tydeleg hatt heilt andre forventningar til utlagde gåvelister enn røyndommen skulle syna. Ein ny gåveliste-runde sommaren 1911 og oppmoding til kommunestyra om tilskot gav òg magert utbyte.

Enden på visa vart at fylkestinget heller motvillig gjekk med på ei løyving i 1912 for å få saka ut av verda. Fleire representantar bad om ordet. Ordføraren i Sogndal, godseigar Heiberg, sa mellom anna at etter hans meining burde Balestrand kommune, som den kommunen som kom til å få den største fordelen av minnesmerket, gje eit "klekkelig" tilskot før noka fylkesløyving kom på tale. Vidare etterlyste han tinglyst heimelsdokument på plasseringa, og skrivne ord om eigarforhold og vedlikehaldsansvar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Tidend. Fleire nummer. Sogndal 1911.
Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger. Bergen 1911.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-88047 Skaasheim, Anders.

PERMANENT IDENTIFIKATOR