Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Ingvald Vangsnes



To menn frå Balestrand kommune mista livet i kamp mot dei tyske invasjonsstyrkane våren 1945. Den eine var Ingvald Vangsnes frå Vangsnes, den andre Georg Distad frå Fjærland. Ordføraren i Balestrand heldt minneord over dei i eit kommunestyremøte i august 1940. Ungdomslaget reiste ein minnestein over Ingvald Vangsnes i 1946.

Frå avdukinga av minnesteinen over marineoffiser Ingvald Vangsnes søndag 2. november 1946. Det var mykje folk til stades, og Marinekommando Vest hadde sendt ei ærestropp i eigen båt.

Frå avdukinga av minnesteinen over marineoffiser Ingvald Vangsnes søndag 2. november 1946. Det var mykje folk til stades, og Marinekommando Vest hadde sendt ei ærestropp i eigen båt.

Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-93144.0007.

Datering: 1946.

Fotograf: Ole P. Fosse.

Minnesteinen

Minnesteinen over Ingvald Vangsnes står eit kort stykke opp frå ferjekaia på Vangsnes. Det er laga til med brustein og planta blomar, og om sommaren vert det sett ut benker. Steinen er av granitt, 4 m høg, og hoggen av Vestlandske Granitt ved Adolf Hansen. På framsida står: KANONER * INGVALD O. VANGSNES * F.1910 * GJEKK NED MED PANSERSKIPET * NORGE I NARVIK 9 - 4 - 1940 * DET BESTE VERT SOPA BORT * AV KULOR OG SJØ. * DEI BESTE FEKK ALDRI SI FRAMTID * DEI BESTE HAR NOK MED Å DØY.
På baksida står: Reist 1946

Avdukingshøgtida

Minnesteinen vart avduka 3. november 1946. Formannen i arbeidsnemnda, Per Tveit, opna med å ynskja alle velkomne. Prost Ragnvald Reed heldt avdukingstalen. Han sa mellom anna: " - Det finst minnesmerke som ruvar meir enn dette, jamvel nær ved oss står eit ruvande minnesmerke - over ein segnfigur. Men denne steinen her er så mykje større, for han er reist or hjarta av eit folk i audmjuk takksemd over ein som gav livet for at me andre skulle få leva vidare. Steinen er hoggen or Noregs fjell, og liksom den falne sitt namn er rita inn i steinen, slik høyrde han og Noreg saman."
Etter avdukinga gav formannen i Vangsnes Ungdomslag, Henrik Vangsnes, steinen over til Vangsnes sokn ved varaordførar Per Hovland. Hovland heldt fram kor forpliktande det er med ein slik minnestein, og lova å vyrdsla vel om minnesmerket.
I alle år seinare har det den 17. mai vore lagt ned krans ved minnestøtta.

Minneord i kommunestyret

Vangsnes og Fjærland kyrkjesokner høyrde i 1940 med til Balestrand kommune. På kommunestyremøtet i Balestrand 9. august 1940 heldt ordføraren minneord over dei to falne frå kommunen. I møteboka står:
"Før møtet tok til med å handsama saklista tok ordføraren ordet, og i varme og indarlege ord heidra han minnet åt dei tvo mennene frå heradet, nemleg styrmann Ingvald Olsson Vangsnes og matros Georg Endreson Distad, som fall i krigen i Norge våren 1940. Ordføraren bar fram ei djupfølt takk til dei både for at dei sette inn og gav det kjæraste eit menneskje eig, livet. Møtelyden høyrde på minnetalen ståande.
Etter framlegg frå løytnant Hans J. Bale gjorde heradstyret samrøystes vedtak um at bilæte av dei 2 fallne vert å gjeva plass i heradstyret sin møtesal."

Panserskipet "Norge"

Den 9. april 1940 låg panserskipet Norge saman med søsterskipet Eidsvold i Narvik. Dei var begge bygde ved århundreskiftet 1900 og i 1940 temmeleg gamaldagse. Då tyske marinefarty vart observerte i fjorden, blei begge skipa sette i alarmberedskap. Etter at tysk krav om "samarbeid" var blankt avvist, opna tyske jagarar straks eld. Begge skipa vart trufne av torpedoar og sokk på få minutt. På Eidsvold omkom 175 og på Norge 101 mann.

Om Ingvald Vangsnes i verket Våre falne

VANGSNES, INGVALD, styrmann, minør, Balestrand. Født 13. august 1910 i Balestrand, s. av Ole E. Vangsnes, f. 1871, s. st., og Brita f. Berdal, f. 1876 i Leikanger. Styrmanns- og skipsførerskole, sjømilitære korps, kvartærmesterkurs. Ble innkalt til nøytralitetsvakt på p/s Norge, og omkom 9. april 1940 da skipet ble torpedert og senket på havnen i Narvik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogn og Fjordane, lokalavis, 07.11.1946.
Våre falne, Oslo 1948.
Kommunearkivet for Balestrand:
Formannskapet, møtebok, 1940-1948.

PERMANENT IDENTIFIKATOR