Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein ved Oppstryn kyrkje over falne 1940-1945



Fem menn frå Oppstryn sette livet til i kampen for freden og fedrelandet i krigsåra 1940-1945. 17. mai 1946 vart det avduka ein minnestein over dei ved Oppstryn kyrkje på Fosnes.

Den kring fire meter høge minnesteinen over falne i krigen 1940-1945 står på sørsida av kyrkja på Fosnes. I bakgrunnen ser me Oppstrynvatnet og Flogrenda.

Den kring fire meter høge minnesteinen over falne i krigen 1940-1945 står på sørsida av kyrkja på Fosnes. I bakgrunnen ser me Oppstrynvatnet og Flogrenda.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Minnesteinen er av lys granitt og tilnærma prismeforma. Han er 3,80 m høg, 68 cm x 40 cm nede og 48 cm x 26 cm i toppen. Steinen går minst 50-60 cm ned i bakken, der han står i eit fundament av stein og betong.

Innskrifta står på ei metallplate. Mellom to flaggsymbol øvst står kongevalspråket ALT FOR NORGE. Deretter fylgjer namna, fødsels- og dødsdato, kvar dei fall og kvar tre av dei er gravlagde. Nede på plata står:

BYGDEFOLKET REISTE DETTE MINNET * I TAKKSEMD FOR OFFERET DEI YTTE * I STRIDEN FOR FRIDOM OG FEDRELAND * 17. MAI 1946

Biografiar i bokverket Våre falne

"BERGE, JOHAN ANDREASSEN, Stryn. Fødd 8. desember 1918 i Stryn, s. til Andreas J. Berge, f. 1885, og Synneve f. Kirkeide, f. 1887, båe i Stryn. Han hadde gått framhaldsskule, og var gardsarbeidar. Var med i striden 1940 ved Høljerast bru som ordonans for kompanistaben. Vart råka av ein granat og døydde med ein gong 23. april 1940. Gravlagd ved Bruflat kyrkje i Etnedal."

"BERGE, BERGFINN MALVIN JONSEN, fyrbøter, Stryn. Født 14. juni 1918 i Stryn, s. av Jon Jonsen Berge, f. 1876, og Ingeborg Sakariasdatter, f. 1872, begge i Stryn. Skoleskipskurs, reiste sidan med forskjellege båtar til hausten 1939. Var heime til februar då han igjen drog ut. Omkom då d/t Davanger vart torpedert 11. oktober 1940 på veg frå Curaçao via Halifax til England."

"FLO, MARTIN, handverkslærar, Stryn. Fødd 29. august 1912 i Stryn, s. til Bent Berntsen Flo, f. 1878, og Kristianna Amundsdatter, f. 1874. Fylkesskule, kunsthandverksskule og småbrukslærarskule. Gjekk på ski til Sverike. Kom til England etter å ha reist jorda rundt. Var i Kompani Linge og skulle vera med i eit fallskjermslepp i Noreg, men misste livet på veg til flyplassen då dei køyrde mot ein bil som stod parkert på feil side. Gravlagd i Greenwich Cemetry, Shooters Hill, England."

"EGGE, ANTON, handelsreisende, Ålesund. Født 5. mars 1896, s. av Per A. Egge, f. 1863 i Breim, d. 1938 i Stryn, og Petrine f. Grov, f. 1865 i Stryn. Gift 1921 i Ålesund med Nelly Iversen, f. 13. desember 1897 i Bergen. 1 barn. Handelsskole. Spreidde illegale nyheter. Arrestert 12. januar 1942. Sat først i Kretsfengselet i Bergen, seinare på Møllergata 19 og Grini. Vart send til Sachsenhausen 1942, og sat der til 1944, så i Natzweiler, Dachau og til slutt i Mathausen i Østerrike. Døydde der 28. januar 1945."

"BOLSTAD, KOLBJØRN, gardbrukar Stryn. Fødd 28. desember 1913 i Stryn, s. til Kolbein Larssen Bolstad, f. 1871, og Kristina f. Grov, båe Stryn. Jordbruksskule. Hadde jordbruksarbeid heime på garden eller hos andre. Var i teneste på Svalbard frå våren til hausten 1943, og var med ved det tyske åtaket der. Var i Finnmark frå 11. november 1944 til han fall ved Billefjord i kamp med tyskarane 7. februar 1945. Gravlagd i Stryn."

Arbeidet med å reisa minnesteinen

Straks etter krigen vart det bestemt at Oppstryn Ungdomslag skulle stå føre arbeidet med å reisa ein minnestein for dei fem unggutane frå Oppstryn som fall i krigen. Dei byrja om hausten. Ivar Aaning var arbeidsleiar, Erik Guddal var med på å kila ut steinen og hogga han til, og elles var mange i ungdomslaget med i dugnadsarbeid.

Steinen vart utkila frå ei stor steinblokk nokre få meter ovanom vegen til Tunål mellom Tunålsvika og Einesvaet. Dei la eine enden av steinblokka på ein steinslede, spende føre gamlemerra (etter at unghesten synte seg for lett) og fekk steinen ned til hovudvegen. Der vart han plassert på to steinsledar og dregen etter lastebil inn til Fosnes.

For å reisa steinen vart det brukt ein stubbebrytar, men sidan steinen var nesten fire meter over bakkenivået, måtte dei ha ein ekstra høg brytar, kan henda ein som vart laga særskilt til dette føremålet.

Avdukinga

Formannen i Oppstryn Ungdomslag, Ivar Aaning, kunne ynskja ei uvanleg stor forsamling velkomne til avdukingshøgtida 17. mai 1946. Mange frå Nedstryn hadde òg teke turen oppover for å vera med på avdukinga. Soknepresten heldt avdukingstalen. Han mintest i vakre ordelag dei fem oppstryningane som gav alt i kampen for å få att fridomen. - For den store innsatsen dei gjorde, sa talaren, - har dei no fått namna sine innrita på denne bautaen.

Etter avdukinga tala ordføraren i Stryn, John Øvre-Flo, og lærar Olav Brekke las eit dikt han sjølv hadde skrive. Til slutt takka Andreas Berge, far til ein av dei falne, for den ære og vyrdnad som var vist dei falne frå sambygdingane ved det minnesmerket som no var reist. Under høgtida medverka elles eit kor frå Oppstryn og Stryn Hornmusikk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Oppstryn Ungdomslag - 100 år. Stryn 1994.
Våre falne. Oslo 1948.
Fjordingen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR