Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. november 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein om mellomalderkyrkje i Hyen



Ein av dei største minnesteinane i Sogn og Fjordane står i Hyen. Han vart reist i 1950 til minne om ei kyrkje ein reknar med stod her på 12- og 1300-talet. "Ei Kirkia i Hya" er nemnd i 1306, og stadnamna Kyrkjevika og Kyrkjeåkeren er teikn på kyrkje og kyrkjestad.

Minnesteinen på Steffensbruket på Hope, i vestre enden av Hopsvatnet. Sentrum i Hyen i bakgrunnen.

Minnesteinen på Steffensbruket på Hope, i vestre enden av Hopsvatnet. Sentrum i Hyen i bakgrunnen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Staden

Kyrkjesteinen på garden Hope i vestre enden av Hopsvatnet. Han står på Tommesbruket eller Steffensbruket, gardsnummer 27, bruksnummer 7. Steffensbruket er den første garden på Hope ein kjem til når ein køyrer riksvegen frå Straume. Gardstunet ligg på venstre side av gardsvegen som tek av frå riksvegen. Steinen står på kanten av ein morene rett nedom løa.

Minnesteinen

Kyrkjesteinen på Hope ragar høgt i veret. Han er minst fem meter høg, bortimot ein meter brei ved rota og smalnar berre lite toppen. Rundt steinen er sett fire steinar med lenkje mellom. Det var vegvaktar Gabriel Holme som fann steinen oppe i Hopsmarka, og det var han som stod føre den krevjande transporten. Holme var også mannen som leia reisinga og som hogg inn innskriftene.

Kross og skrift

Steinen har innskrift på begge sider. Under ein kross høgt på framsida står først:
 

MINNE
OM
HYEKYRKJA
I
MILLOMALDEREN
 

og deretter

GUDS ORD
DET ER VÅR
FEDREARV

På baksida står:
 

REIST
AV
HYEN
KYRKJELYD
1950
 

Avdukinga – ei stemne

Det var Hyen sokneråd som tok opp arbeidet med å reisa ein minnestein på den gamle kyrkjestaden på Hope. Steinen vart avduka søndag 2. juli 1950, med stort stemneprogram. Mange var møtt fram trass i mindre godt ver. To prestar var med, prost Kvaale og residerande kapellan Bakke. Formannen i soknerådet, bonde Øystein Ommedal, helsa velkommen. Han orienterte om arbeidet med å reisa steinen, og takka Gabriel Holme for det store arbeidet han hadde gjort.

Sentral del av fedrearven

I avdukingstalen skildra prost Kaale gudshuset på denne gamle kyrkjestaden og kva det hadde hatt å seia for folk i sorg og glede gjennom tidene. ”Her på denne kyrkjetufta stod ein andlet til andlet med det sentrale i fedrearven vår, den arven som det er vår heilage oppgåve å vyrdsla og verna slik at han kan gjevast over til dei som kjem etter oss,” sa prosten i talen sin.

Fleire talar

Etter ein matpause samlast folket igjen ved minnesteinen. Klokkar Ommedal tala og fortalde om minne frå kyrkje og kyrkjeferd frå barndommen. Etterpå tala stortingsmann Ola Gjengedal om emnet Kyrkje og kristenliv i mellomalderen. Stemnefolket fekk høyra om gudstenesta og kyrkjeskikkar, prestar og presteløner, og om biskopane sitt tilsyn med prestar og kyrkjelydar omkring i bygdene.

Lærar Ommedal las to prologar skrivne for høvet. Tidlegare sokneprest i Gloppen, Gunnar Fitje, tala og takka Hyefolket for at dei hadde reist denne steinen. Han sa at det var ei ære for folket å ha denne steinen mellom seg. Han vona at han ville verta ståande som ei påminning til folket om å ta vare på arven etter fedrene våre. Formannen i soknerådet takka Fitje for at han var komen til høgtida, og minte om at det var Fitje som fyrst målbar tanken om å reisa ein stein til minne om den mellomalderkyrkja i Hyen.

”den store steinen stod att”

Til slutt takka John Gjengedal for frammøtet og ynskte kvar og ein vel heim kvar til seg. ”Og den store steinen stod att på Kyrkjeåkeren og skoda ut ut over Kyrkjevika der dei gamle la til på kyrkjeveg og lyfter liksom synet mot nyevegen og Straumsholmen der folket i dag finn vegen til det nye Gudshuset”, avslutta signaturen H.O. eit stykke om avdukingshøgtida i Fjordabladet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordabladet. 00.08.1950

PERMANENT IDENTIFIKATOR