Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. september 2001

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein om dødsulukke i Fresvik



I 1904 skjedde ei stygg arbeidsulukke i Fresvik. Anna Thorkildsen fekk ei tung grasrodde (ein rund høyball) over seg som kosta henne livet. Ei tid etter vart det sett opp ein stein på ulukkesstaden ssom mange år seinare ramla over ende. I 2001 gjenoppdaga skuleelevar minnesteinen.

Elevane ved Fresvik skule som hadde uteskule ein dag i veka skuleåret 2000/2001. Her er dei samla ved den nedramla minnesteinen dei fann og seinare var med og sette opp att på den opphavlege staden.

Elevane ved Fresvik skule som hadde uteskule ein dag i veka skuleåret 2000/2001. Her er dei samla ved den nedramla minnesteinen dei fann og seinare var med og sette opp att på den opphavlege staden.

Eigar: Anne Marie Bøtun Øyri / Fresvik skule.

Datering: 2001.

Fotograf: Anne Marie Bøtun Øyri.

Skuleelevar fann steinen

I skuleåret 2000/2001 hadde 4. klasse ved Fresvik skule uteskule ein dag for veka. På uteskulen er terrenget, kultur- og naturlandskapet "klasserommet" deira. Ein dag var dei på Nybø som ligg eit lite stykke oppom skulen, for å leita etter ein minnestein. Bjørg Nybø, som eig området, hadde vore på besøk på skulen. Ho hadde fortalt om ei fæl ulukke der oppe, og at det etterpå vart sett opp ein minnestein, men at steinen ikkje lenger var å finna. Elevane leitte etter steinen fleire gonger utan å lukkast, men til slutt fann dei han. Han var fallen ned, og vanskeleg å oppdaga.

Sette han opp att

Det synte seg å vera ein så stor og tung stein at elevane og dei to lærarane deira måtte ha hjelp til å få lyfta han opp og sett ned i det same holet han stod opphaveleg. Den nyreiste steinen står akkurat i overgangen mellom den gamle innmarka og skogen. Framsida er flat medan baksida er meir ujamn, og det er ikkje innskrift på han. Uteskulegruppa har ikkje funne ut kven som reiste steinen eller når det vart gjort. Hausten 2001 var elevane av garde og rydda rundt han slik at han no syner betre. Dei har og planar om å laga til ein liten sitjeplass.

Bilete av minnesteinen.

Anna Torkildsen

Anna Torkildsen Haukenes, fødd 1843, vart i 1872 gift med lærar Johan Thorkildsen frå Indrelid i Aurland. Saman med huslyden kom ho til Fresvik i 1869 då Johan tok til som lærar og klokkar. Dei hadde 13 born i lag, men to av dei døydde tidleg. Dei budde på eit lite gardsbruk, men måtte også slå oppe i bakkane for å få nok gras. Då dei heldt på med denne "utkantslåtten" den 31.august i 1904, skjedde den tragiske ulukka. Anna fekk ei tung høyrodde over seg og vart drepen. Ho vart gravlagd 8. september.

Ulukka

Anna var saman med mannen og ein av sønene den dagen ulukka hende. Dei var oppe ved Svartagytta og slo gras som dei så samla i hop til ei stor rodde, ein grasball. Graset var vått og tungt, og grasroddene fekk alltid stor fart nedover dei bratte bakkane.

Anna gjekk heimover før dei andre. Ho visste ho måtte vera på vakt for rodda var nesten klar til å sendast nedover. Før dei slepte ho, ropte sonen at "no kjem rodda!". Rodda kom så fort på Anna at ho ikkje greidde å koma seg til sides. Ho vart truffen og kasta mot ein stein med så stor fart at ho vart drepen momentant. Far og son visste ikkje om ulukka før dei kom nedover noko seinare og fekk høyra det av ein mann som slo lenger nede. Augevitne fortalde etterpå at rodda fór same vegen som Anna sprang.

Skisseteikning av steinen.

Skisseteikning av steinen.

Minneord

Signaturen "P.H.", skreiv minneord om Anna ved årskiftet 1904/1905. Det står mellom:
"Med hende er en af vore bedste kvinder vandret bort. Det var sagt ved hendes baare, at hun var en arbeidskvinde i ordets rette betydning, og det var saa. Kraftig og sterk som hun var, orket hun meget; hun fostret saaledes 13 børn. Men alt hendes arbeide og strev var igrunden for at hun kunde have at give. Det gudsord: "Giver, saa skal eder gives", levede hun efter og fik rigelig erfare sandheden heraf."
Med brændende iver og megen selvopofrende kjærlighed tog hun sig af kjærlighedsarbeidet i menigheden, især ofret hun sig for de svage og fattige. Uden frygt tilsaa og pleiede hun ogsaa tæringssyge, og sparede hverken tid, møie eller besvær, naar det gjaldt at hjælpe de nødlidende.

kjelder:

P.H.: Anna Torkildsens Død og Begravelse. Ukjend publikasjon. 1905.
Opplysningar frå:
Fresvik skule, Hege Strømme og Anne Marie Bøthun.
Hermund Kleppa, 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR