Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. januar 2008

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Island - Minnesmerke over Ingolv Arnarson i Rivedal



I åra 1955-1961 hadde Sogn og Fjordane tre store besøk frå Island. I 1955 var president Asgeir Asgeirsson framom under ei reise i Noreg, i 1957 var 30 islendingar fire dagar i fylket på ei reise på Vestlandet og i 1961 var 150 islendingar tilstades då minnesmerket over Ingolv Arnarson vart avduka i Rivedal. Denne artikkelen handlar om Ingolv Arnarson-minnesmerket i Rivedal.

Frå avdukinga i 1961. "Denne statuen skal stå som eit symbol på usvikeleg venskap mellom det norske og det islandske," sa justisminister Bjarnir Benediktsson avdukingstalen. Dale Musikklag og eit samansett blanda kor var med.

Frå avdukinga i 1961. "Denne statuen skal stå som eit symbol på usvikeleg venskap mellom det norske og det islandske," sa justisminister Bjarnir Benediktsson avdukingstalen. Dale Musikklag og eit samansett blanda kor var med.

Eigar: Petra og Kjell Ask

Datering: 18.09.1961

Fotograf: Kåre Hatlevik

Minnesmerket

Ingolv Arnarson-minnesmerket i Rivedal er ein kopi av Ingolv Arnarson-minnesmerket i Reykjavik. Statuen vart laga av islendingen Einar Jonsson (1874-1954) i 1907 men ikkje reist og avduka før i 1924. (Les meir om minnesmerket i Reykjavik i eigen artikkel.)

Nasjonalgåve

Våren 1958 vedtok det islandske Alltinget å gje ei avstøyping av Ingolv Arnarson-minnesmerket i Reykjavik som folkegåve til Noreg. Vedtaket vart gjort etter framlegg frå alltingsmenn som var med på reisa "I Egil Skallgrims fotefar" på Vestlandet året før. Det er sagt at tanken kom opp då reisefølgjet var i Dalsfjorden og Rivedal på den islandske nasjonaldagen 17. juni. Det var eit høgdepunkt for islendingane då dei gjekk i land i Rivedal og samlast ved den gamle bautasteinen der som etter bygdetradisjonen vart reist av Ingolv Arnarson, den første landnámsmannen på Island.

Staden fastsett i 1960

Ingen kan med visse hevda at Ingolv budde i Rivedal og utvandra derifrå. Dei islandske kjeldene fortel at Ingolv kom frå "Fjordane", nærare avgrensa til "Fjalir". Ein reknar at det gamle Firdafylket omfatta det området av Sogn og Fjordane fylke som i dag svarar til Sunnfjord og Nordfjord og at det geografiske området "Fjalir" omfatta eit større område i vikingtida (830-1030) enn Fjaler kommune i dag.

I siste halvparten av 1800-talet byrja diskusjonen om kvar i "Fjalir" Ingolv kunne ha budd. Striden kom til å samla seg om to alternativ: Dale og Rivedal. I 1958 trekte Rivedal det lengste strået i spørsmålet om kvar minnesmerket skulle reisast. Då ein delegasjon med den islandske departementsjefen Bjørnson, fylkesmann Nikolai Schei, o.fl. kom til Fjaler 26. august 1960 var det for å fastsetja kvar i Rivedal det skulle stå.

Etter ei grundig synfaring kom dei fram til at ein stad i nærleiken av den gamle bautasteinen ikkje høvde. Minnesmerket ville då koma så langt ned i bakken, at det var uråd å sjå det frå hovudvegen lenger oppe. Dei samla seg om Bjønnshaugen på Hans M. Rivedal sin gard, om lag 7 m nedanfor riksvegen. Her var det godt utsyn mot Dalsfjorden samstundes med at minnesmerket ville verta godt synleg frå riksvegen.

Klargjering

I 1960 vart det óg fastsett at minnesmerket skulle reisast og avdukast året etter, i mai eller september 1961. Dei tok fatt på førebuingsarbeidet i begge landa.

I april melde Firda at minnesmerket, støypt i bronse, stod ferdig i København og var klar til å sendast til Noreg.

I Fjaler vart det ordna med kjøp og utskifting av eit høveleg jordstykke til minnesmerket og utviding av vegen og parkeringsplass på oppsida av vegen. Den 11 tonn tunge sokkelen og statuen kom til Holmedal i midten av august med trondheimsbåten Eystein Jarl. Vegvesenet hadde ansvaret for transporten vidare inn til Rivedal. Dei hadde laga seg ei vogn med slede og hadde både den største lastebilen sin og ein bulldozar å hjelpa seg med. Etter at sokkelen var sett opp, vart det bygd ei heiseinnretning rundt sokkelen for å få minnesmerket på plass.

Programmet fastsett på riksplan

I månadsskiftet skreiv Erling Vindheim lesarbrev til Firda Folkeblad. Hun lurte på kvifor det var så lite kunngjort om programmet. Fylkesmannen fann det naudsynt å koma med ei orientering. Han skreiv mellom anna:

"Korkje fylket eller Fjaler kommune har oppmoding om å take del i utforminga av noko program i samband med avdukinga. Slikt program vert truleg fastsett i samråd med mellom regjeringa og den islandske ambassade.

På oppmoding har fylkesmannen saman med Fjaler kommune medverka til å få kjøpt det jordareal ein treng til monumentet og fylkesmannen har tilsagt hjelp i samband med transport og oppsetjing av monumentet."

Islendingane i hardt vêr

Programmet vart ferdig i god tid før den fastsette avdukingsdagen, søndag 17. september. Om lag 150 islandske gjester skulle koma med m/s Hekla og dei offisielle norske deltakarane med m/s Sunnfjord. Båtane skulle koma inn til Holmedal samstundes om føremiddagen.

Det vart ikkje slik. Hekla kom ut i eit gjernings vêr og vart eitt døgn forseinka. Avdukinga vart utsett ein dag, til måndag 18. juni.

Avdukinga

Sjølv om avdukinga no vart på ein kvardag, møtte mykje folk fram. Kring 2000 menneske var samla rundt minnesmerket og i bakkane ovanfor. Dei to båtane kom til Holmedal om føremiddagen. Festkledde skuleborn helsa velkommen. Dei kom marsjerande med flagg i handa, stogga på kaia og song den islandske og norske nasjonalsongen. Utanriksråd Jonsson takka frå båten før landgangen kom på plass og gjestene gjekk i land og reiste i bussar inn til Rivedal.

Mellom dei offisielle representantane frå Island var justisminister og fungerande statsminister Bjarni Benediktsson og kona hans, Sigridur Bjørnsdottir, utanriksråd Agnar Kl. Jonsson, ordføraren i Reykjavik Audur Auduns. landbruks attasche Arni Eylands og presten Brynjulvsson (han hadde for ei tid sidan vore vikar i Askvoll), og Arni Helgason, post- og telegrafmeister i Stykisholmur på Vest-Island Mellom dei norske representantane var justisminister Jens Haugland, fylkesmann Nikolai Schei, ordføraren i Fjaler, A. Hovland og lærar Ola Sørebø.

Mange aviser var til stades og NRK gjorde opptak. Firda skreiv mellom anna i sitt oppslag:

"Etter velkomsthelsing av fylkesmann Schei, heldt Bjarni Benediktsson avdukingstalen. Dagen før han reiste på denne Noregs-ferda hadde han for ein 3 månaders periode overteke det islandske fyrsteministerembetet (statsminister).

Frua hans (Sigridur Bjørnsdottir) føretok avdukinga og det gjekk eit gisp av undring gjennom folket med det same - slik skein det kraft og viljestyrke utav Ingolfr Arnarson. Det er ein utifrå vakker bauta, og då nokre solstråler, gylte bronsen idet duken glei av, lyste styrken av personen slik at agen stod gjennom ein. Ein myndig bauta, og fint står han, der Ingolfr støttande på drakehovudet i skipsstomnen skodar mot leia vestover havet.

Statsråd Haugland tok med takk imot dette venskapsteiknet som knyter dei to landa nærmare saman, og han gav bautaen vidare til ordføraren i Fjaler til vyrdsling. Hovland lova at bygda skulle ta godt vare på bautaen.

Audur Auduns, formann i Reykjavik bystyre, tala så om det Ingolfr Arnarsson har hatt å seia for Islands hovudstad. Lærar Sørebø takka Island for denne gåva og baud gjestene til Rivedal om kvelden.

Innimellom talane var det musikk av Dale musikklag og song av Askvoll, Stongfjord og Holmedal bladna kor. Smågjenter i bunad overrakte fyrsteminister Bjarni Benediktsson og statsråd Haugland nydelege bukettar.

Gildt var det at så mange av kvinnene i Fjaler møtte i bunad, og forvitneleg å sjå dei islandske kvinnene i sine bunader, dei fleste i svart silke, men og med noko av det norske i søljer og fargerike bryst- og halsklede." (Så langt Firda)

Bygdefestar

Etter avdukingshøgtida vart det halde offisielle tilskipingar om bord i båtane, først mottaking på Hekla, deretter middag om bord i Sunnfjord. Men etterpå tok bygdefolket i Holmedal og Rivedal over. Kring 150 islendingar fekk busskyss inn til Rivedal der dei vart bedne velkommen i skulehuskjellaren. Firda fortalde:

"Kvenda [kvinnene] rundt omkring hadde laga til mat, sjølvsagt det beste av lefser og kaker i ymse slag. I skulehuskjellaren, som til vanleg rømer eit hundratals menneske, viste det seg ved jenking og pakking å gå inn 157 islendingar. Bygdefolket laut halda seg utanfor, av reint praktiske grunnar. (..) Det vart prat og song og lettare taler, og lystig lag. Då Henrik og Eiliv Rivedal kom med fela, vart gjestene så ivrige at dei ville prøva takten frampå golvet, men plassen tillett ikkje mykje sprell."

I Holmedal samla islendingar og tilreisande seg i bygdahuset der det og vart vist film og lysbilete. Elles vart langvegsfarande bedne heim til bygdefolk, og vertsfolket vart etterpå bedne om bord på Hekla. Dale Musikklag spela på kaien til langt på kveld. "I det heile", skreiv Firda Folkeblad "vart det knytt mange band mellom Island og denne sunnfjordsbygda den dagen." Heilt sikkert også i Rivedal. Hekla kasta loss i 11-tida.

Albert Joleik - litt kritisk

Bladmannen og lokalhistorikaren Albert Joleik i Bergen skreiv nokre merknader til hendinga i Rivedal. Han hadde fylgt godt med, høyrt på radio og lese i blada. Om dikta kommenterte han: Alle Sunnfjordblada hadde Ingolv-dikt (vælmeinande, med mykje godt i, men sumt ryse!)

Islendingane hadde måtte danska for at folk skulle skjøna dei. Han trudde islendingane skjøna sunnfjordmålet. Om lærar Ola Sørebø i Rivedal skreiv han: "Eg lydde på, i radio, og merka meg helst at når Ola Sørebø tala, med heimleg taletone, - kunne dei tru det var ein islending - frå ei onnar bygd."

Albert Joleik pirka óg borti dette at Ingolv skal ha budd i Rivedal. "Skal tru kven som har dikta upp [det] (..), spurde den lærde lokalhistorikaren, og greidde ut om kva dei skriftlege kjeldene seier, og konkluderte: "Like vist [sikkert] som Rivedal (..) kunne Ingolv ha butt på Strand, Dale, Flekke, Hellevikja, Fure. Eller på Eikjenes. Ingjen veit."

Elles var Joleik misnøgd med kunstverket. Han likte ikkje skulpturane til Jonsson. "Dei er meg altfor stilisert, sers tilskapte. Ingjen veit kor Ingolv såg ut, men vi kan skjyne vist [heilt sikkert] at han ikkje såg ut soleis som Einar Jonsson hev laga han." Vår eigen Dyre Vaa kunne ha gjort det mykje betre, meinte Albert Joleik, og med ein dalsfjording som modell.

kjelder:

Firda. Fleire nummer 1961.
Firda Folkeblad. Fleire nummer 1961.
Bergens Tidende. 18.09.1961. Reykjavik 871 +-2. 2006.