Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 01. oktober 2002

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Minnestein om ufredsåra 1807-1814 i Randabygda



I Nordfjord finst det tre minnesteinar om ufredsåra 1807-1814; på Nordfjordeid, i Ålfoten og i Randabygda. Steinen i Randabygda står attmed kyrkja. Han vart sett opp til minne om randabygdarane som var ute i krigsteneste mot Sverige.

<p>1814-steinen i Randabygda st&aring;r p&aring; ein oppmurd plass like vest for kyrkja.</p>

1814-steinen i Randabygda står på ein oppmurd plass like vest for kyrkja.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Dugnad

Minnesteinen i Randabygda vart reist i jubileumsåret 1914 og avduka 17. mai same året. Det var bonde Ola Pederson Hopland og eldste sonen hans, Per, som gjorde opptaket. Dei hadde også leita opp eit høveleg emne like oppunder Velendehaugen på Hopland.

Bygdefolket slutta mannjamnt opp om tiltaket og tok eit tak når det trongst. Då steinen skulle fraktast frå Hopland til kyrkjegarden, spende dei føre to hestar og sette folk frå så og seia kvart einaste hus i bygda til å vera vera med å hala og dra.

Innskrifta

Arbeidet med tilhogging og innhogging av skriftteikna vart utført av Elias R. Åland og Jens A. Rand. Det står:

1914 * MINNESTEIN * YVER * RANDABYGDARAR * SOM I * 1807-1814 * LAAG UTE * TIL VAGT OG VERJE * FOR FEDRELANDET

Randabygdarar som "laag ute"

På slutten av 1950-talet bad soknerådet P. M. Skrede om han kunne laga ei namneliste over dei frå bygda som låg ute på vakt i åra 1807-1814 slik at folk i ettertida kunne vita kven steinen var reist tilminne om. Det var ikkje noka liketil oppgåve. Han fann fem han med visse kunne knytta til Randabygda. Ein av dei miste livet.

KORPORAL RAND kom med i krigen i 1808 og var ein av dei som ikkje kom att. Den 7. mars 1809 melde kommandanten at bataljonen hadde sju døde. Korporal Rand var ein av dei.

OLA JONSON HOPLAND var fødd i 1783 på Lote i Gloppen, og vart gift med Johanne Eilivsdotter Lotsbergskår som hadde odelsrett til Larsbruket (Utitun) på Hopland. Ola vart utkommandert i 1808 og vart under krigen utnemnd til underoffiser. Han var ein flink songar, og skal ha kunna ei mengd viser ifrå og om krigen. Ola J. Hopland døydde i 1852. Dei var barnlause.

ANTON CHRISTIANSON TVINNEREIM var fødd 1787 på Tvinnereim, og vart gift med enkja Olina Pedersdotter Åland. Anton kom i militærtenste 1. januar 1811, vart korporal 1. april 1813, og var ute til 31. desember 1814. Han døydde i 1848 og det er slekt etter han i Amerika.

JON TORSON AALAND. Han var fødd 1782 på Åland, og var gift to gonger; fyrst med Synneve Olsdotter Gald, og deretter med Karolina Synneve Pålsdotter Rød. Jon var med i slaget ved Berby og låg ved sida av Anders Larson Frøyset då denne vart råka av ei kule og fall. Gamlekarane på Åland fortalde at Jon var ein dugande skyttar. Han la merke til svensken som skaut, og med det same han vågde seg til å sjå opp bak steinen han låg attom, drog Jon av og råka han i hovudet. Jon Torson døydde i 1847 og har etterslekt fleire stader i landet.

RASMUS JONSON AALAND. Han var fødd 1783 på Åland, og var gift to gonger, fyrst med Eli Pedersdotter Åland, og deretter med Gunhild Jakobsdotter Tistham. Rasmus var innkalla til militærtenste i 1807 og kom med i den bergenhusiske grendaderbataljonen. Han døydde 1844 og har etterslekt mange stader i landet.

kjelder:

Skrede, P. M.: Frå hardåra 1807-1814. I Årbok for Nordfjord. 1961.