Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnesmerke over fylkesmann Christensen



Sogn og Fjordane fylke har minnesmerke over to av fylkesmennene sine. Det eine står på grava til fylkesmann Hans Seip i Fjærland. Det andre står på jernbanestasjonen i Flåm, - ei bronsebyste til minne om Ingolf Elster Christensen, fylkesmann i Sogn og Fjordane i åra 1910 - 1929.

Minnestøtta av fylkesmann Christensen, reist 1982,  står mellom jernbanestpora og jernbanemuseet. Attmed står ei minnestøtte, reist 2005, til heider for dei som bygde Flåmsbana.

Minnestøtta av fylkesmann Christensen, reist 1982, står mellom jernbanestpora og jernbanemuseet. Attmed står ei minnestøtte, reist 2005, til heider for dei som bygde Flåmsbana.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Stad og innskrift

Minnestøtta over fylkesmann Christensen står (2010) mellom jernbanespora og jernbanemuseet. På sokkelen står innskrifta: FYLKESMANN I SOGN OG FJORDANE 1910-1929. På baksida er festa ei bronseplate med innskrifta: ”Fylkesmann Ingolf Elster Christensen (1872-1943). Er omtala som Flåmsbana sin far. Fylkesmann i Sogn og Fjordane (1910-1929)”. Under står innskrifta på engelsk.

Innsats for Flåmsbana

Minnesmerket over fylkesmann Christensen fekk sin plass i Flåm fordi Christensen var den fremste pådrivaren for bygging av Flåmsbana. Sidebana frå Myrdal til Flåm kom med i den nasjonale jernbaneplanen i 1908 og den fyrste Stortings-løyvinga følgde i 1916. Heile vegen var sterke krefter i sving for å stogga arbeidet, ja, sjølv etter at anleggsarbeidet var kome i gang i 1923. Det skulle gå 32 år før den 21 km lange banestubben vart opna, 1. august 1940.

I eit foredrag i 1929 skildra Christensen motkreftene med følgjande kraftsats:

”Flaamsbanens ødeleggelse blev et kamprop for alle, som vilde kaldes økonomer. [...] Stadig har den været paa tapetet – snart er angrepene paa den kommet fra Bergen, snart fra Oslo, snart fra veivæsenet og snart fra jernbanen, snart utenfra, snart indenfra. Pressen har i stor utstrækning været imot den. Bergens Tidende, Morgenbladet, Dagbladet og Tidens Tegn har overbudt hverandre i at angripe Flaamsbanen.” 

Takk og påskjøning

Det var Aurland kommune som gjekk i brodden for å reisa eit minnesmerke over fylkesmann Christensen. Ordførar Jon Ø. Underdal opna avdukingshøgtida 30. mai 1956 med å ynskja velkomen, - fylkestinget, fylkesmannen, representantar for NSB, representantar for familien og andre.

”Me har alle skyldnader å oppfylla”, sa Underdal, ” slik såg me det i Aurland kommune også. Me har reist denne minnestytta ikkje berre til takk for det arbeidet han gjorde for Flåmsbana, men enno meir som ei takk og påskjøning for alt arbeidet han gjorde i dei 20 åra han var fylkesmann i Sogn og Fjordane. Flåmsbana var ein av dei store tinga han fekk gjennom.”

Fylket samla om Flåmsbana

Tidlegare fylkeslandbrukssjef Jens Lunde heldt avdukingstalen. Han heldt fram at Flåmsbana var ei sak det var uvanleg stor samling om innan fylket. ''Fylkesmann Christensen gledde seg storleg over dette,'' sa Jens Lunde,'' og det gjorde visseleg sitt til at han alltid var den vakne og glade stridsmannen når nokon utanfrå kasta seg fram som våre formyndarar og læremeistrar.''

Fylkesmann Schei takka

Fylkesmann Nikolai Schei takka Aurland kommune på vegner av skyldfolket for at dei hadde heidra fylkesmann Christensen på denne måten, og fylkestinget fordi det ville stå æresvakt ved avdukinga. Fylkesmann Schei sa mellom anna:

”Ved dette må ein stogga opp ved den karakteristikken som samtida gav Christensen og som etter kvart har vunne meir og meir om seg i ettertida: Det personifiserte sterke vakthaldet hans for fridom og sjølvstende innan fylket og fylket si råme innan felleskapen for landet.

Minnestytta står her med ein av dei store kneikane bak seg, og andletet vendt mot det fylket som fylkesmann Christensen brann for meir enn noko anna innanfor felleskapen i landet. Eg vonar at dette minnesmerket skal vera inspirereande for dei som skal koma etter, til arbeid og vern for fridom og sjølvstyre både for våre bygder og heile landet.”
 

Minnegåve på 50-årsdagen

Fylkesmann Christensen feira 50-årsdagen sin, 28. mars 1922, i fylkesmannsgarden på Leikanger. Ein deputasjon frå fylket møtte opp med ei vakker minnegåve laga av gullsmed Hammer etter teikning av riksantikvar Harry Fett.

I bollen er inngravert namna på gjevarane: - ordførarane i fylket og andre framståande menn som stod fylkesmann Christensen nær i arbeidet hans.

Biografi i kortform

Ingolf Elster Christensen (1872-1943), offiser og jurist, fødd i Førde, bror til forfattaren Hjalmar Christensen, fylkesmann i Sogn og Fjordane 1910-1929, i Oslo og Akershus 1929-1941, stortingsmann for Høgre 1922-1927, var med i Lykkes regjering 1926-1928. Christensen var med i forsvarsagitasjonen før første verdskrigen, var forkjempar for Flåmsbana og hovudmann ved gjennomføringa av korntrygda 1926. Som høgaste sivile embetsmann i Oslo vart han i 1940 formann i Administrasjonsrådet. Vart avsett frå fylkesmannsembetet i 1941 av nazi-styresmaktene. Døydde i Førde og vart gravlagd på familiegravstaden ved Førde kyrkje.

kjelder:

Norsk Allkunnebok
Seip, Hans: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958.
Firda. mars 1922. Førde.
Sogn og Fjordane. 01.07.1956, Hermansverk.
Kommunearkivet i Aurland, formannskapsarkivet.