Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Hans Schreuder - Zulufolkets apostel



Det Norske Misjonsselskap vart skipa i 1842. To år seinare sende selskapet ut den fyrste misjonæren sin, Hans Paludan Smith Schreuder. Han var fødd i Sogndal i 1817, og døydde i Afrika i 1882. I 1992 reiste misjonsfolket ein minnestein ved Stedje kyrkje.

Frå avdukinga 6. september 1992. Misjonskvinnene stod flaggborg.

Frå avdukinga 6. september 1992. Misjonskvinnene stod flaggborg.

Eigar: Sigrid Svartefoss.

Datering: 1992.

Fotograf: Sigrid Svartefoss.

Biografiske opplysningar

Hans Paludan Smith Schreuder, misjonær og språkforskar, var fødd i Sogndal i Sogn 18.06.1817. Han var son til sakførar, seinare fut Otto Schreuder, og Anne Cathrine Smith. I 1832 flytte familien til Farsund. Hans Schreuder var gift to gonger; i 1858 med Jacobine Emilie Adelheid Løwenthal (1814-1878), og i 1879 med Dorothea Luise Friderike Rag (1835-1898). Begge ekteskapa var barnlause. Han døydde på misjonstasjonen Untunjambili i Natal 27.01.1882.

Schreuder tok teologisk embetseksamen i 1841 med svært gode karakterar. Han skreiv eit manande opprop til kyrkja om å driva misjon mellom ikkje-kristne folkeslag, og erklærte seg sjølv villeg til å arbeida blant zulufolket i Sør-Afrika. Samstundes vart det skipa ein komite til å samla inn pengar. Schreuder vart ordinert til misjonsprest i 1843 og reiste året etter ut som den fyrste misjonæren for Det Norske Misjonsselskap som var skipa i Stavanger i 1842.

Saman med to medarbeidar kom han til Sør-Afrika nyttårsafta 1844, men slapp ikkje inn hjå zulufolket nord for den britiske Natal-kolonien før 1850. Den fyrste misjonstasjonen var Empangeni, grunnlagt 1851, og med tre nye misjonsprestar kunne arbeidet nå ta til for fullt. Den fyrste dåpen fann stad i 1858, og etter dette voks det smått om senn fram kyrkjelydar ved fleire misjonstasjonar.

Schreuder arbeidde mykje med zuluspråket. Han laga grammatikk (trykt i Christiania 1850), samla tilfang til ordbok med mellom 3 og 4000 ord (manuskript), ga ut ei lesebok, og omsette fleire skrifter til zulusk, mellom anna store deler av Bibelen.
I 1866 var Schreuder ein tur heime i Norge og vart då vigsla til biskop over "den norske kirkes misjonsmark". Ikkje lenge etter oppstod det vanskar i samarbeidet med Det Norsk Misjonselskap og i 1872 kom det til brot. Schreuder heldt fram med misjonsarbeidet sitt i Den norske kirkes misjon ved Schreuder, også kalla Schreuder-misjonen.
Hans Schreuder døydde på misjonstasjonen Untunjambili i Natal 27.1.1882.

Avdukinga

Minnesteinen over Hans Schreuder i Sogndal vart avduka 6. september 1992 med ei stor folkemengd tilstades. Ved avdukinga sa to misjonsvener noko om kvifor misjonsfolket hadde reist steinen. Den eine var Odd Håvik, leiar i minnesmerkenemnda, og den andre Eldbjørg Åm, ei av to kvinner som avduka.

Ikkje for å oppmuntra til helgendyrking

"Med denne minnesteinen vil me ikkje leggja til rette for noko helgendyrking og glorie av Schreuder. Me har berre teke mot ei utfordring om at Schreuder bør få ein minnestein. Me har valt ein enkel minnestein ..." (Odd Håvik).

Som eit misjonskall

"Me har funne ein stein som me tykkjer minner om slik Schreuder var. Då eg såg steinen, var det som einkvan står og talar utover. Eg håpar at når folk kjem her, må dei få ei minning om at herfrå reiste ein mann ut for å fortelja om Jesus. Det viktigaste av alt. Kanskje det mottoet som står der, kan verta eit kall. Dette er noko eg må vera med på. Eg vonar steinen vil stå som eit misjonskall til alle tider. At det må verka til ny glød i bygdene. At arbeidet som starta med Schreuder, ikkje skal døy ut med vår generasjon. Kjenn ansvaret alle saman!" (Eldbjørg Åm).

Andre Shcreuder-minnesmerke

Same dagen som minnesteinen vart avduka ved kyrkja, vart det og halde markering ved ei minneplate på fødestaden Kjørnes. Minneplata er festa på huset der han var fødd, og har same innskrifta som på steinen.
Elles er det to andre Schreuder-minnesmerke, - ein minnestein i Afrika og ein minnestein over mora, Anna Cathrine Schreuder, f. Smith, på grava hennar på kyrkjegarden ved Stedje kyrkje.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. Hermansverk. 07.09.1992.
Norsk Biografisk Leksikon. bd 12. Oslo 1954.
Schreuder, H: Syne-Martha. Bergen 1842.
Brev til sokneprest Thorne, Leikanger, 21.06.1843.

PERMANENT IDENTIFIKATOR