Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Fjordhest-statuen på Nordfjordeid



Både Gloppen og Eid har fjordhesten i kommunevåpenet sitt. Men Eid har ein god del meir å visa til som fjordhestkommune enn Gloppen. Eid kommune har kontoret til Norges Fjordhestlag, Norsk Fjordhestsenter, og - ein fjordhest i naturleg storleik på sokkel.

Fjordhest-statuen på Nordfjordeid ein vinterdag. Fjordhesten i "fullt firsprang". Statuen er laga av bilethoggaren Skule Waksvik og vart avduka 3. mai 1983.

Fjordhest-statuen på Nordfjordeid ein vinterdag. Fjordhesten i "fullt firsprang". Statuen er laga av bilethoggaren Skule Waksvik og vart avduka 3. mai 1983.

Eigar: Fylkeshuset

Datering: 2001

Fotograf: Hermund Kleppa


Møter alle tilreisande

Fjordhest-statuen står på utstillingsplassen i Øyane på Nordfjordeid. Plassen ligg på oppsida av riksvegen frå Lote, like etter brua over Eidselva. "På sin høge sokkel møter bronsehesten alle tilreisande frå sør i fullt firsprang", skreiv Jul i Nordfjord i årskavalkaden sin i 1983.

Avduka 1983
Fjordhest-statuen blei avduka 6. mai 1983 i samband med Statens Hingstutstilling. Det var hestehandlar Alf Humborstad som fleire år før kasta fram tanken om ein fjordhest-statue. Dåverande Fjordhestens Venner sette saka på arbeidsprogrammet sitt og Bjarne Fløtre var den drivande krafta i arbeidet med å få statuen på plass.

Talar og helsingar
Fleire tusen hesteinteresserte var tilstades på avdukingsdagen. Etter opptog og musikk heldt jorddirektør Magne Stubsjøen tale for fjordhesten og føretok den offisielle avdukinga. Fylkesagronom Hegdal bar fram helsing og gav utskorne fjordhestar frå Voss til jorddirektøren og til kunstnaren, Skule Waksvik.

Hegdal overleverte statuen til Eid kommune ved ordførar Lars Myrold som takka og lova å ta godt vare på kunstverket.

Festmiddag om kvelden
Om kvelden heldt dei fest på Nordfjord Hotell. Kring 200 var innbedne. Fylkesdirektør Lidvin Osland nemnde i helsinga si at Sogn og Fjordane fylke var det einaste fylket i verda med fjordhesten på kulturbudsjettet. Ved middagen vart det elles delt ut diplom til oppalarane Anton Kleppe frå Byrkjelo og Alf Humborstad.

Fjordhest hjå bilethoggaren
Mannen som skapte statua av fjordhesten sa til avisa Sogn og Fjordane at det hadde vore ei gild oppgåve. "Fjordhesten er nasjonaldyret vårt, og heime på Nannestad har eg hatt fjordhest dei siste åtte åra. Eg har hatt modellen på heimebane".
- Modellen vart laga her heime, fortalde Skule Waksvik, men vart send til Milano for å verta støypt. Det oppstod tidsnød med å få skulpturen ferdig og transportert til Nordfjordeid til avdukingsdagen. Hesten kom på plass heilt i siste liten før høgtida skulle ta til.

kjelder:

Jul i Nordfjord. 1983.
Avisa Sogn og Fjordane 13.05.1983.