Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. april 2001

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Språk

Rå-data

Schreuder-monumentet i Afrika



Misjonsbiskop Hans Paludan Smith Schreuder (1817-1882), fødd i Sogndal, var den fyrste norske misjonæren i Afrika. Han tok til med misjonsarbeid i Zululand i 1850 og arbeidde mellom zuluane til han døydde i 1882. Hausten 1915 vart det reist eit monument på grava hans i Untunjambili. Monumentet vart vigsla våren etter.

Frå vigslingshøgtida i 1916. Monumentet er pynta med grønt.

Frå vigslingshøgtida i 1916. Monumentet er pynta med grønt.

Eigar: Det norske misjonsselskaps billedarkiv, Stavanger.

Datering: 1916.

Fotograf: Ukjend.

Misjonsbiskop Hans Schreuder

Hans Schreuder kom til Sør-Afrika ved nyårskiftet 1843/1844 som fyrste misjonær utsendt av Det Norske Misjonsselskap, skipa i 1842. Målet hans var å ta opp misjonsarbeid mellom zuluane, men han slapp ikkje inn i landet før i 1850. Saman med tre andre misjonærar grunnla han like etterpå den fyrste misjonsstasjonen Empangeni, og heretter voks misjonsarbeidet jamt og trutt med nye misjonsstasjonar og nye kyrkjelydar utover i landet.

Portrettbilete av Hans Paludan Smith Schreuder.

Schreuder arbeidde og mykje med zuluspråket. Han laga grammatikk (trykt i Christiania 1850), samla tilfang til ordbok med 3 - 4000 ord (manuskript), ga ut ei lesebok, og omsette fleire skrifter til zulusk, mellom anna store deler av Bibelen.

I 1866 var Schreuder ein tur heime i Noreg og vart då vigsla til biskop over "den norske kirkes missionsmark". Ei tid etter oppstod det vanskar i samarbeidet med Det Norske Misjonsselskap og i 1872 kom det til brot. Schreuder heldt fram med misjonsarbeidet mellom zuluane i Den norske kirkes misjon ved Schreuder, også kalla Schreudermisjonen. Han døydde 27.1.1882 og vart gravlagd på kyrkjegarden på misjonsstasjonen Untunjambili i Natal.

Bilete av misjonsbladet "Zuluvenn."

Schreuder-monument på grava

I 1915 reiste misjonsvenene eit monument på grava hans. Monumentet er ei byste på ein høg steinsokkel med innskrift. Bysta vart laga i Noreg. Minnesmerket var ferdig oppsett hausten 1915 og avduka i nærvær av den lokale kyrkjelyden 13. november same året. Men dette var ikkje den endelege minnesmerkehøgtida. Den vart halden våren 1916 og difor heldt dei i mellomtida monumentet berre avduka om søndagane.

Innskrifta

Innskrifta på steinen er på zuluspråket. I engelsk oversetjing står det: HANS SCHREUDER * Apostel to the people of * Zululand * Was born in Norway in 1817 * arrived in Durban 1/1 1844 * he preached the evangel * to the people of kwa Zulu * until his death in Untunjambili in 1882 * The words here says 10.7 * To be remembered by "hambua" * the people

Andre Schreuder-minnesmerke

Utanom Schreuder-monumentet i Afrika er det tre andre Schreuder-minnesmerke i Noreg. I fødebygda hans, Sogndal i Sogn, vart det i 1927 reist ein minnestein på grava til mor hans, Anna Cathrine Schreuder, og i 1992 reiste misjonsfolket ein minnestein ved Stedje kyrkje. Ved det same høvet blei det sett opp ei minneplate på huset der han voks opp.

Annan Schreuder-dokumentasjon

Misjonshøgskolen i Stavanger har eit omfattande dokumentasjonsmateriale på pioner-misjonæren H. P. S. Schreuder, - litteratur, uprenta tilfang (m.a. to store kopibøker etter Schreuder) og biletmateriale. I det rommet på høgskulen som dagleg blir brukt til råds- og komitemøte, heng eit fotografi av eit stor maleri av Schreuder som opphaveleg hang i kyrkja på misjonstasjonen Entumeni, men som no er på hovudkontoret til kyrkje-synoden i byen Umpumulo.

I byen Eshowe er eit museum med fleire Schreuder-rom. Der finst melloma anna ei boksamling, ein slipestein og ein kikkert.

Bilete av Den norske kyrkja si altarbok på zulu.

kjelder:

Zuluvennen. Oslo 1916.
Norsk Biografisk Leksikon. Bd 12. Oslo 1954.
Opplysningar frå:
Nils Kristian Høimyr, Misjonshøyskolen i Stavanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR