Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. januar 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på Åsebønakken - smeden som laga innskrifta



Åsebønakken ligg på nordsida av Hornindalsvatnet. Her var det vetestove og vete i eldre tider. Staden var eit punkt i det eldgamle landsdekkjande systemet for varsling av ufred.

Åsebønakken ligg på nordsida av Hornindalsvatnet, her midt i biletet sett frå vest. Garden vestom Åsebønakken heiter Åsebøstøl. Herifrå er det skogsveg nesten heilt til toppen der varslingsveten i si tid var, og der det no står ein minnestein.

Åsebønakken ligg på nordsida av Hornindalsvatnet, her midt i biletet sett frå vest. Garden vestom Åsebønakken heiter Åsebøstøl. Herifrå er det skogsveg nesten heilt til toppen der varslingsveten i si tid var, og der det no står ein minnestein.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Allsidig mann

Smeden Steffen P. Heggen (1849-1937) hogg innskrifta på minnesteinen på Åsebønakken. Arbeidet vitnar om dugleik og godt handverk. Bokstavane står i halvsirkel og på rette liner, dei er jamne og somme jamvel forma i antikva, det vil seia dei har utspring i endane. Det er sjeldan å sjå i skrift på stein. Steffen Heggen var mykje meir enn smed. Han var nybrotsmann, snekkar, skomakar, laggar, verktøymakar, smedlærar, oppfinnar og felespelar. Og han var sjølvlærd.

Nybrotsmann

Steffen Heggen var ein allsidig og flink handverkar. Men på den tida måtte ein ha heim og jord for å livnære familien. Så alt i 1880 bygsla han nokre utslåtter kalla Teigane av broren Oliver. Han rydda bruket Heggebø der. Det låg sørvendt til, så alt grodde godt. Men det var så bratt og så grunt at dei laut mure stein oppetter bergknausane for å lage nokolunde flate ekrer. Til slutt vart det 10 mål dyrka og 8 mål dyrkbar jord, 5 mål skog i heimemarka og 52 mål vedaskog i Heggjeafjellet, i alt 75 mål. I tillegg var der fiske-, jakt- og hamnerett og sætretomt. Det var nok til 2-3 kyr og nokre sauer.

Allsidig handverkar

Han var ein flink bygningsmann og snekkar og bygde etter kvart gode hus til seg og sine. I den første tida hadde dei krøtera i kjellaren og høyet i 1. etasje. Då lade med fjøs vart bygd, vart denne delen "bestestove". I kjellaren hadde han mellom anna alt som skulle til for å lage og vøle sko og drive med anna lærarbeid. På loftet var der snekkarverkstad med stor høvlebenk, dreiebenk og rikeleg med verktøy. Det meste av verktøy, kjøreldar og innbu smidde og snekra han sjølv. Han bygde seg og ei stor og god smie.

Smedlærar

Korleis han hadde lært seg alt dette handverket, veit eg ikkje. Truleg var det meste sjølvlært og innøvd ved å vere med andre i arbeid og yrke, slik det var den tida. Det er muleg han gjekk på kurs på Holmøy arbeidssskule som starta i 1858/59, men namnet hans er ikkje funne i bevarte elevlister. Derimot var han den første smedlæraren der då dei starta med smedlinje i 1896/97. Han var smedlærar i fem skuleår, frå hausten 1896 til våren 1900 og i 1902/03.
 

Reiste vida

Det var nok kona og borna som gjorde det meste av arbeidet på den vesle plassen, som vart sjølveigande bruk i 1935. For i tidlege år reiste han mykje om kring som snekkar og smed. Han var ei tid på Røros, men kva han gjorde der, veit ein ikkje. Mest arbeidde han på Møre og nordafor vert det sagt. Særleg då han hadde med seg sønene Paul og Hans, og seinare Mathias, drog dei langt avgarde. Det vert sagt at han var med på å byggje ei kyrkje, men kvar det skulle vere, har eg ikkje funne ut trass ein del undersøking. Saman med ei byggjelag frå Namsos, var han i alle fall med på å setje opp prestegarden til Kjerringøy kyrkje i Nordland, som stod ferdig i 1889. I ei andaktsbok har han skrive namnet sitt og "foræret mig af Pastor Berg i Kjærringø 1889."

Kistemakar og låsesmed

Elles seiest det at han i godt vaksen alder for det meste arbeidde som snekkar, bygningsmann og smed i næraste bygdene og heime. Han var kjend for å smi gode verktøy av alle slag, spesielt høvlar. Det vert sagt at han smidde portane ved Heggjakyrkja, men det har eg ikkje fått bekrefta. Han støypte óg i messing. Og han var ein vide kjend laggar [ein som laga runde trebidne, tønner o.a.], kistemakar og låsesmed.

Oppfinnar

Han fann mellom anna opp ein dirkefri kistelås. Han smidde og ei fenomenal skorasp. Han sende krav om mønstervern på skoraspa 17.06.1921, og om patent på "Anordning med laas" 30.06.1921. Men han vart ute fore ein bedragar som tok pengane [fortenesta] og stakk utanlands. Det vart gjort forsøk på å rette på dette, men det ga ikkje noko resultat.

Respekt for underjordiske

Det vert fortalt mykje om [arbeidet med] bautaen på Åsebønakken i 1904. Mellom anna at han gjekk frå Heggja og arbeidde på staden. Dottera Inga, 10 år, måtte vere med å bere boltar, - mest fordi han var "skogaredde". Han hadde møtt huldra og sett underjordiske så mange gonger at han kvidde seg på å gå åleine skogleides.

Felespelar

Han var og musikalsk og ein særs god felespelar. Han hadde ei god fele, som han støtt hadde med seg når han var heimafrå. Heime likte han å sitje og klunke og spele både ute og inne.

Persondata

STEFFEN PAULSEN HEGGEN var fødd 7. mars 1849 på Pålbruket, bruk nr. 2 på garden Heggen, Heggjabygda i Hornindal kommune (frå 1963 Eid kommune). Han døydde 10. januar 1937 på bruk nr. 8, Heggebø, Heggen.

Foreldra var Paul Pedersen Jutdal (1807-1869), gift med Ragnhild Steffensdotter Furefjerding (1809-1872). Ho var stedotter på bruk nr. 2 og fekk garden. Dei tok etternamnet Heggen.

Born:
1. Pernille Steffine (1834-1883, til Lillestøl.
2. Eline Magnhild (1837-ca 1859), til Osdal.
3. Oliver (1840-1912), gardbrukar på br.nr. 2, Heggen.
4. Nils Johannes (1843-1919), gardbrukar Åsebø.
5. Kari (1845-1930), til Ytre Haugen.
6. Steffen (1849-1937), Heggebø.

Steffen P. Heggen vart gift 20. juni 1854 med Lise (døypt Elise) Hansdotter Lødemel, fødd 19. juli 1854 som barn nr. 5 av 6 på Kvernhushaugen, Lødemel i Hornindal. Foreldra hennar var Hans Knutsen Leivdal (1810-1859, Eid, og Barbra Jensdotter Roti (1816-1899). Ho døde 2. februar 1935 på Heggebø. Dei vart begge gravlagde ved Heggjabygda kapell. Dei hadde 9 born.

kjelder:

Manus og slektsopplysningar frå Elna H. Tømterud.

PERMANENT IDENTIFIKATOR