Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Kong Sverre-skulpturen på Leikanger



Kong Sverre (ca. 1151-1202) og birkebeinarane hans var aldri på godfot med sogningane. Midtvinters 1183 drap sogndølene syslemennene hans og nekta seinare å bøta drapa. Sverre hevna seg året etter med å svi av gardane deira. Same året vann han slaget ved Fimreite mot kong Magnus Erlingsson. Mange sogningar slost på Magnus si side. 11. mai 2002 heldt kunstnaren Stig Eikaas avdukingstalen for sitt eige kunstverk - Kong Sverre - utanfor hovudinngangen på Leikanger Fjord Hotel.

Stig Eikaas sin kong Sverre-skulptur står framfor hovudinngangen av Leikanger Fjordhotell på Leikanger. Skulpturen vart avduka i mai 2002.

Stig Eikaas sin kong Sverre-skulptur står framfor hovudinngangen av Leikanger Fjordhotell på Leikanger. Skulpturen vart avduka i mai 2002.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Velkomen på Leikanger

Godt og vel eit halvt hundre menneske var møtt fram til avdukinga, - hotellgjester og bygdefolk, og ikkje mindre enn 5-6 mediefolk frå presse, radio og fjernsyn. Hotelldirektør Jan Erik Lie ynskte velkomen og fortalde at då Eikaas annonserte ein kong Sverre-skulptur sommaren 2001, og møtte skepsis til plassering på Fimreite, tok han straks kontakt og melde interesse. Kunstnaren var velkomen til å plassera skulpturen sin ved Leikanger Fjord Hotel.

Lie fortalde at det hadde vore litt diskusjon om skulpturen skulle stå i hagen, nedom hotellet eller ved inngangen. At flest mogeleg skulle få sjå konge-skulpturen, vart avgjerande for valet. Lie gav så ordet til Stig Eikaas, som for høvet var kledd i lys pilotbukse, ei lett lerretskufte med breitt tynnmetall-belte om livet og spesialpynta sommarhatt på hovudet. Elles hadde talaren utstyrt seg med eit tveeggja sverd i høgra handa og ein skalleprofil i svartmåla jerntrådmateriale i hi.

Avdukings-einaktar

Med kraft i røysta ordra Eikaas folk der han ville ha dei. ('' - Kong Sverre kunne dirigere sine tropper''). Hoppa så opp på ein settkrakk, helsa flokken GOD DAG med stor styrke, og heldt vidare høgt nivå om eigen person og kongen ('' - Gud så mye jeg kan si om Kong Sverre!''). Gav òg plass til ein annan kunstnar, Bjørnstjerne Bjørnson, (''- stor kong Sverre-fan.''), og utbrytarkongen Gjest Baardsen ('' - danna seg myter om begge'').

Talen toppa seg i sluttsatsen om kvifor skulpturen er reist, med påfølgjande dunder og brak:
- Monumentet er til ære, -- til minne om slaget på Fimreite! - Så blei det stilt, heilt stilt, - og så, eit BANG!!!, som frå ei kraftig kanon, ein stad på nedsida av hotellet. Signalet for høgdepunktet i seansen, avdukinga.

Bilete av Kong Sverre-skulpturen på kloss hold.

Bilete av Kong Sverre-skulpturen på avstand.

Positivt overraska

Folk venta i spenning på å få sjå kva Stig Eikaas hadde laga denne gongen. Våren 2001 gav mange han stryk-karakter for Gjest Baardsen-figuren hans i Sogndalsfjøra. Sverre-skulpturen, plassert på ein solid, prismeforma steinfot i Iddefjord-granitt, var innpakka med blåtau og grøn billegpresenning. To representantar for ''framtida'' hadde fått det ærefulle oppdraget å ordna med avdukinga, Trine Lise Lie og Daniel Eikaas, ho i sognebunad, han i olabukse og kong Sverre-t-skjorte. Eit langskip i svart stål med to skjold i stein som skansekledning kom til syne, og ein figur ombord i skipet, kong Sverre, - hovudet var ennå dekka av ein snudd Rema 1000-pose.
- Positivt overraska, sa ein av dei frammøtte då han var på heimveg, ein av dei som ikkje tykkjer om Gjest Baardsen i Sogndal.

Kong Sverre

Kong Sverre, fødd ca. 1151 i Bergen, kom fem år gammal til Færøyane der han voks opp og fekk presteutdanning. Då han var 24 år gammal kom mor hans, Gunhild, til Færøyane og fortalde at det var kong Sigurd Munn som var far hans. Han var kongsson.

I 1177 fór han til Noreg der han vart teken til hovding for birkebeinar-flokken som hadde mista leiaren sin, Øystein Møyla i slaget på Re same året. Etter at han vart teken til konge på Øyratinget, fylgde ein årelang strid mot Erling jarl og sonen hans, kong Magnus Erlingsson. Erling jarl fall i slaget på Kalvskinnet, medan Erling Magnusson miste livet i slaget ved Fimreite fredag, 15.juni 1184. Seinare måtte kong Sverre kjempa mot andre flokkar rundt andre kongsemne, og særleg langvarig var striden mot baglarane under leiing av bisp Nikolaus Arneson, ein strid som og galdt kongsmakt mot kyrkjemakt.

Norsk Allkunnebok seier m.a. dette om Sverre Sigurdsson:
''Sverre var ein av våre største kongar i mellomalderen, klok, human, vel opplyst og med ei genial evne til å løysa vanskar. Ein avgjerande vanske var den sterke tvilen som rådde om han var kongsson. Det er eit historisk problem det ikkje finst løysing på.
Sverre sin historiske innsats ligg i at han bremsa den vidtgåande privilegium til beste for kyrkja og det gamle lendmannsaristokratiet, og slik sikra grunnlaget for ei sterk sentralisert statsmakt under seinare kongar av Sverre-ætta.''

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Norsk Allkunnebok. band 10. Oslo 1964.

PERMANENT IDENTIFIKATOR