Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Gjetarnamn i kleberstein



Det går ei åre med spesielt mjuk stein gjennom fjella i Sør-Markane. Ho kjem att i Heggjabygda og går vidare til Sunnmøre. I området frå Langsethøgda mot Glitteregga finst det mange stader skore eller rissa inn bokstavar og tal. - Gjetargutane er meistrar for det meste, meiner Lars Hatledal.

Bergskolten Preikestolen like ved råsa opp til Holmøyskardet. Her er mange gamle innskrifter, t.d. årstalet 1809.

Bergskolten Preikestolen like ved råsa opp til Holmøyskardet. Her er mange gamle innskrifter, t.d. årstalet 1809.

Eigar: Stryn kommune.

Datering: 1997.

Fotograf: Ukjend.

Fleire innriss-stader i Markane

Lars Hatledal veit om fleire stader der det er innskrifter i steinar og bergskoltar. Han har funne mange frå 1800-talet som syner godt den dag i dag, jamvel årstalet 1809. Staden lengst vest er kanskje den mest kjende. Den ligg like ved den gamle tømmervegen som går gjennom Holmøy-skaret, rett før oppstiginga til sjølve skaret byrjar. Bergskolten liknar litt på ein preikestol og har difor fått namnet Preikestolen.

Spor etter gjetargutane

- Eg er ikkje i tvil om at det er gjetargutane, tulane, som er meistrar for det meste av det vi finn på steinane. Bestefar min som var gjetargut mot slutten av 1850-åra, fortalde mykje om gjetarlivet og at dei hadde tidsfordriv med å skjera ut namna sine, fortalde Lars Hatledal til "Fjordingen" i 1997, då dei i Stryn var opptekne med å finna fram til kommunen sitt kulturminne i kulturminneåret 1997.

Dreng i Jutedal

Mange namn kan sporast til gardane gjetargutane kom frå. Ikkje få byrjar på F som høver med at her var beiteområde for gardane Faleide og Flore. Ein stad står "J.L. Hetle, dreng i Jutedalen." Namnet står utan årstal, men det "framande" namnet er vitnemål om at unge gutar frå andre bygder av og til måtte fara langt for å få seg arbeid. Løna var ikkje anna enn mat og klede, men det var også det viktigaste. Hetle var truleg breiming.

Tur i området i 1986

I 1986 skipa Indre Nordfjord Turlag til ein fjelltur i området. Dei starta på Langesethøgda og gjekk utover Gråberg, og vidare over Storegga på omlag 800 m o.h. I Nøkkedalen gjekk turen forbi mange av berga med namn på.
Turlaget let også etter seg eit minne for ettertida. Lars Hatledal bar med seg ei steinhelle, som han hadde laga på førehand, med turlaget sitt merke og årstalet. I steinhella var utbora eit holrom for ei namneliste der namna på turdeltakarane vart plassert og forsegla. Etterpå festa dei hella til fjellet med koparnaglar.

På sørsida mot Hennebygda

På sørsida er det og førekomstar av ein noko mjuk stein, eller raudgrøt. Fleire stadnamn ber bod om bergarten, t.d. Ålandsraudgrøt. Hans Rand, som har fare i dette området, fortel at det er innskrifter fleire stader, men innskriftene ser ikkje ut til å vera så gamle her som på nordsida. Dei er heller ikkje så djupe, ofte berre i overflata. Han har og funne riss ein stad som heiter Kubbetegrøt oppe i Randalia, og fortel vidare at det er innskrifter i Skrivarsteinen, som ligg opp frå Ålandstølen og er ekte kleberstein. Han tvilar på om dette er spor etter gjetargutar, innrissa er snarare laga av folk som har fare forbi som har hatt god tid og ein tollekniv eller god lommekniv for hand.

kjelder:

Fjordingen 05.03.1997.
Opplysningar frå:
Hans Rand, Stryn.