Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. august 2001

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Rå-data

Krigsminnesmerke på Svalbard



Svalbard hadde 26 falne i krigsåra 1940-1945. Ein av dei var fødd i Solund og to var frå Davik. Like etter krigen vitja H.K.H. Kronprins Olav øygruppa. Hovudærendet hans var å avduka eit krigsminnesmerke. Det skjedde 7. august 1949.

Minnesmerket på Svalbard over falne i krigen 1940-1945.

Minnesmerket på Svalbard over falne i krigen 1940-1945.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Kaare Risnes.

Minnesmerket

Minnesmerket over dei falne på Svalbard står i Longyearbyen. Det er ein vel 8 meter høg bauta i ein lys bergart sett saman av tre element. Innskrifta står under eit kranssymbol med fakkel:

REIST AV ARBEIDERE
OG FUNKSJONÆRER VED
STORE NORSKE SPITS-
BERGEN KULKOMPANI A/S
TIL MINNE OM DE SOM
GA SITT LIV UNDER
KAMPENE PÅ SPITS-
BERGEN OG OM DE AV
STEDETS BEFOLKNING
SOM FALT PÅ ANDRE
FRONTER UNDER
KRIGEN 1940-1945

Ved foten står ei plate med 26 namn. Dei tre med tilknytning til Sogn og Fjordane er Ingvald Bøen og Sigvald Høyland, begge frå Davik, og Einar Sverdrup, fødd i Solund.

Bilete av minnesmerket på kloss hold.

Arbeidet med å reisa minnesmerket

Tanken om å reisa eit minnesmerke over dei falne kom alt på seinsommaren i 1942. Kommandørkaptein Ernst Ullring var ombord i ein patrulejebåt på veg inn mot Barenstburg etter ein inspeksjon i Ny-Ålesund. Då dei passerte staden der dei to båtane i den norsk/britiske ekspedisjonen "Fritham" vart søkkte av tyske fly den 13. mai same året, sa han: "Gutter her skal vi reise våre falne kamerater et minnesmerke."

Longyearbyen Arbeiderungdomslag tok straks etter krigen opp tanken, og det vart nedsett ein komite med direktør Finn Boger som formann. Bilethoggaren Ørnulf Bast fekk i oppdrag å utforma ein bautastein. Men så kom arbeidet i stampe, og lite vart gjort før hausten 1948, då det vart valt ny komite med Thoralv Lund som formann. Stiger Richard Knudsen hadde ansvaret for den ingeniørmessige sida, å få steinen på plass. Den 6. august 1949 var alt klart, med flaggstenger på plass og bautaen sveipt i det norske flagget.

Bilete av minnesmerket i 1949.

"I takknemlighet og ærbødighet -"

H.K.H. Kronprins Olav heldt avdukingstalen etter at formannen i bautakomiteen, Thoralv Lund, hadde helsa og ynskt velkomen. Lund sa mellom anna:

"I dag står bautaen reist, - og i dag er vi samlet: H.K.H. kronprinsen, pårørende, garnisonskamerater, representanter fra regjeringen, stedets arbeidere og funksjonærer. I dag er en stor dag i Svalbards historie. I dag faller flagget fra steinen og der står det - minnesmerket over våre falne kamerater."


Kronprins Olav heldt ein gripande avdukingstale og slutta med desse orda:

"I takknemlighet og ærbødighet minnes vi disse menn og det de gjorde for land og folk i en trengseltid. Må deres minne alltid leve blant oss, enten vi er her på Svalbard eller hvor som helst i vårt vidstrakte og kjære land."

Bilete av ei notis om avduking av minnesmerket.

Om Svalbard under krigen i Norsk krigsleksikon

Svalbard var frem til det tyske angrepet på Sovjetunionen 22.6.1941 et slags krigens ingenmansland. Den norsk og sovjetiske kulldriften på øygruppen fortsatte uavbrutt, og den norske regjeringen i London godtok, med britisk samtykke, at kull fortsatt ble levert til det tysk-okkuperte Norge. Hensynet til den nordnorske befolkningen veide tyngst.

I juli-august 1941 besluttet de allierte å evakuere den norske og sovjektiske befolkningen på Svalbard. Samtidig ble gruveanleggene ødelagt og store kullagre ble satt i brann. Verken de allierte eller tyskerne så øygruppen som strategisk viktig nok til å forsøke varig besettelse. Men under hele krigen hadde de krigførende mindre avdelinger på øygruppen, primært for å skaffe til veie meterologiske observasjoner. Både norske og britiske soldater hadde trefninger med tyske forlegninger, og tyske fly og ubåter angrep sporadisk. Mest kjen er det tyske angreåpet på Barentsburg i september 1943, da Sharnhorst og Tirpitz skaffet den tyske overvannsflåten en siste propagandistisk seier.

Fritham-ekspedisjonen

Tyskarane vart raskt kjende med evakueringa, og utnytta situasjonen. Dei utbetra ei landingsstripe og sette opp eit par vêrvarslingsstasjonar. Dei sende òg ei ekspertgruppe for å sjå nærare på kolgruvene, men dei hadde få folk og lite materiell til overvintring.

Britane forstod snart at evakueringa var eit feilgrep, og våren 1942 vart ein ekspedisjon på 82 mann sendt av garde på to skip, isbrytaren "Isbjørn" og fangstskuta "Selis" for å "okkupera" øygruppa. Ekspedisjonen, som hadde namnet "Fritham", kom fram 13. mai. Den næraste kystlina var islagt, og medan "Isbjørn" braut seg fram det siste stykket, blei skipa påtekne av av fire langtrekkjande bombefly frå Banak i Finnmark. Begge skutene gjekk ned og 14 mann miste livet, mellom dei Høiland og Bøen. Dei attlevande greidde å koma seg til lands og berga seg til det kom hjelp.

kjelder:

Lund, Thoralv: Det har hendt på Svalbard. Tromsø 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR