Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Måløyraidet - Martin Linge-monumentet



Martin Linge, skodespelar og offiser, fall i det britisk-norske raidet mot Måløy 3. juledag 1941. Han vart gravlagt under full tysk honnør på kyrkjegarden i Måløy 4. januar 1942. I 1946 vart grava hans flytta til Oslo. Det er reist tre Martin Linge-minnesmerke, - på grava hans, på Sunnmøre i bygda han vart fødd og voks opp og i Måløy.

Linge-monumentet ved Linge Hotell sør i byen. Det vart fyrst sett opp mellombels ved gamleheimen lenger nord i påvente av regulering og opparbeiding av noverande plass.

Linge-monumentet ved Linge Hotell sør i byen. Det vart fyrst sett opp mellombels ved gamleheimen lenger nord i påvente av regulering og opparbeiding av noverande plass.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Måløyraidet

I grålysinga den 27. desember 1941, gjekk ein kombinert britisk-norsk styrke til åtak i Måløy. Målet var å nedkjempa dei tyske styrkane der, uskadeleggjera dei tyske kanonstillingane og øydeleggja industriverksemder av nytte for den tyske okkupasjonsmakta. Åtaket kom uventa på tyskarane som leid eit sviande nederlag. Dei fleste av den kring 300 mann sterke styrken vart drepne eller tekne til fange. Dei britisk/norske tapa var små, men leiaren for den norske eininga, kaptein Martin Linge fall. Ein sivil miste livet, Ragnvald Torheim, på fastlandssida nord i Ulvesundet.

Biografi i Våre falne

LINGE, MARTIN, kaptein, Oslo. Fødd 11. desember 1894 i Norddal [Møre og Romsdal], s. til Jens Linge, f. 1844, d. 1922, og Gunhild f. Tafjord, f. 1860, d. 1944. Gift 1917 i Trondheim med Margit Vogt, f. 1897. 2 born. Artium, befalsskule, skodespelar. Var med i krigen i Noreg som sambandsoffiser under stridane i Romsdalen 1940. Fylgde med til England. Bygde der opp eit kompani for spesialoppdrag, og var leiar for det. Kompaniet vart oppkalla etter han. Under ein aksjon mot Måløy fall han 27. desember 1941 då han freista storma eit hus der tyske offiserar heldt til. Gravlagd i Oslo. Omtala i Knut Wigert: Landflyktig, og i Aftenposten 7. juli 1948.

Minnesmerkearbeid frå 1945/1946

Straks etter frigjeringa tok Måløy Vel opp arbeid med å reisa ein minnestein. Arbeidet vart lagt til sides då eit minnesmerke vart reist i heimbygda hans, Valldal på Sunnmøre, og avduka av Kronprins Olav i juni 1946.

Eitt år seinare tok Måløy Ungdomslag arbeidet opp att, sette ned ei nemnd og gjekk i gang med pengeinnsamling. I 1963 vart nemnda supplert med tre medlemmer valde av Sør-Vågsøy kommunestyre. Thorleif Iversen vart formann i nemnda.

Nemnda vende seg til bilethoggaren Ståle Kyllingstad som tok på seg å laga minnesmerket. Søndag 21. august 1966, 25 år etter Måløyraidet, var alt klart til avduking.

Kunstnaren om Martin Linge og monumentet

I juni 1966 var Ståle Kyllingstad i Måløy for å møta nemnda og sjå på den planlagde plasseringa av minnesmerket. Fjordenes Tidende hadde ein samtale med han. Han svara mellom anna på spørsmål om kjennskapet sitt til Martin Linge, og kva han ville uttrykkja i kunstverket sitt.

"Ja, jeg ble kjent med ham i den tiden jeg vanket på Det Norske Teateret. Jeg lærte ham å kjenne som en idealist og en ildsjel, og det var på denne bakgrunn han gikk i krigen og gjorde den innsats han gjorde. [..] Under arbeidet med monumentet har jeg forsøkt å uttrykke idealisten med [Anders] Hovdens ord som motto: "Mitt alt det som heiter mitt." [Frå diktet Landkjenning].

Han [Martin Linge] kommer på bølgen inn fra vest. Hodet er blottet, han gikk til sin gjerning uten visir. Den ene hånden er knyttet ved siden mens den andre er løftet til brystet som om han vil si: "Meg kan du ta, men ikke det som er mitt".

Kongebesøk

Klokka 10.30, søndag 21. august 1966, ankra kongeskipet "Norge" opp på Måløy hamn. Aldri tidlegare hadde så mange vore samla i Måløy. Ein stad mellom 6 og 7000 menneske var møtt opp då kongen gjekk i land. På kaien vart Kongen ynskt velkomen av representantar for fylket, kommunen, forsvaret og politiet, og Kongen fekk overrekt ein blomsterbukett av åtte år gamle Inger Osmundsvaag, dotter til ein som var med i Linge-kompaniet.

Kongen køyrde så med følgje sørover til Heimevernhuset på Sæternes og tomta til Ulvesund Hotell der Martin Linge fall. Kontreadmiral Brådland og oberstløytnant Riisnes, som begge deltok i Måløy-raidet, orienterte.

Etter minnegudsteneste i Sør-Vågsøy kyrkje, der sjømannsprest Leif Aagard heldt tale, samlast folket til avdukinga.

Gripande høgtid

Avdukingshøgtida opna med Kongesangen til musikk av Måløy Musikklag. Skodespelaren Knut Wigert, som også var med i kampane i Måløy, las Nordahl Grieg sitt dikt "Martin Linge". HM Kongen føretok så avdukinga. Kongen sa han var glad for å kunne vera til stades ved denne store hendinga. - Vi er i dag samlet i Måløy for å hedre en av Norges store sønners minne. Kongen tala om Kompani Linge, og Linge sin innsats som leiar, hans vilje og handlingsevne. - Vi står alle i gjeld til Martin Linge, sa Kong Olav.

Formannen overleverte minne-monumentet til Vågsøy kommune ved ordførar Wåge. Han uttrykte håp om at Linge-monumentet til alle tider ville verta ståande som eit samlingsmerke for fridom og fred.

Ikkje udelt begeistring for raida

Raidet mot Måløy var eitt av fleire mot norskekysten i 1941, året då Hitler-Tyskland stod på det sterkaste. USA var ikkje komen med i krigen, Tyskland var herre på havet, og England isolert. Churchill hadde tru på at "mosquito raids" mot okkuperte område, ville verka oppstivande på krigsmoralen, og oppskakande på tyskarane.

Tyskarane svara med harde represalier, arrestasjonar og avsviing av hus. Måløy slapp billegare enn Lofoten kort tid etter der Reichkommissar Terboven sjølv kom til og ordra tiltak til skrekk og åtvaring. Dei norske styresmaktene i England var ikkje udelt begeistra for raida. Øydelegging av industriverksemder medførde også sivile skadeverknader. Men på eitt punkt reknar ein at raida hadde ein militær verdi. Dei medverka til tysk oppbygging, og dermed binding, av ein styrke på 3-400 000 mann i eit område der det ikkje skjedde noko som var avgjerande for krigen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende. Fleire nummer, særleg 29.06. og 23.08.1966.
Norsk Krigsleksikon. Oslo 1995.
Steen, Henrik Anker (kommandørkaptein): Om Måløyraidet i Selje og Vågsøy. Bygdebok, s. 99-103.
Refvik, Jakob: Om Måløyraidet i Selje og Vågsøy. Bygdebok, s. 103-109.
Iversen, Thorleif: Måløyraidet 27. desember 1941. I Årbok for Nordfjord. 1991.
Devins jr., Joseph H.: Måløyraidet. Gyldendal norsk forlag. Oslo, 1967.

PERMANENT IDENTIFIKATOR