Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Dannebrogsmann i Årdal



Jølster har to Dannebrogsmenn, Nils Olsson Årdal og Per Kleppe. Dannebrogsmenn var soldatar som var med i "Svenskekrigen" 1807-1814 og som vart dekorert med den danske Dannebrogsordenen for særleg innsats. Begge Dannebrogsmennene i Jølster er heidra med kvar sin minnestein. Steinen over Nils Olsson Årdal vart reist i 1964.

Mykje folk var samla i "Nilstunet" på garden Indre Årdal, på avdukingsdagen 5. juli 1964.

Mykje folk var samla i "Nilstunet" på garden Indre Årdal, på avdukingsdagen 5. juli 1964.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-88131.0018.

Datering: 1964.

Fotograf: Lars Fjell.

Minnesteinen

Minnesteinen over Dannebrogsmannen Nils Olsson Årdal, "Dannebrog-Nils", er ein om lag 4 m høg naturstein dei fann på Juklestad, eit stykke vest for frå Årdal. Han står i Nilstunet på garden Indre Årdal. På steinen er innskrive:
DANNEBROGSMANN * NILS OLSON ÅRDAL * HELGHEIM * 1776 - 1854 * DANNEBROGSORDENEN * 28 MAI 1809 * FOR HELTEBRAGDER * I KRIGEN MED SVERIKE * 1808 - 1814

Avdukingshøgtida

Det var sogemannen Nils Husetuft som fyrst tok til orde for å reisa ein minnestein over Dannebrog-Nils utan at det vart noko av. Fleire år etter tok ein person i slekta tak i saka og no vart heimevernet ved lensmann Valaker med.
På avdukinga søndag 5. juli 1964 stod ei tropp frå heimevernet æresvakt, fru Maria Årdal las ein sjølvskriven prolog og Anders O. Klakegg heldt avdukingstalen.

Krigen 1807-1814

Under Napoleonskrigane vart kongeriket Danmark-Noreg i åra 1807-1814 ståande på Napoleon si side, noko som medførde at tvillingrika kom i krig med alliansen mot Napoleon, m.a. Sverige og England. Mange nordmenn vart utkommandert til militærteneste, og var ved fleire høve i trefningar med svenske styrkar. Somme stader i fylket vart det seinare reist steinar til minne om soldatar som sette livet til, og til minne om menn som vart heidra for særleg innsats.

Dannebrogsordenen

Den danske Dannebrogsordenen vart skipa av Christian V i 1671 og var opphaveleg berre for adelege medlemmer. I 1808 vart han omdanna til "et utvortes tegn på erkjent borgerverdighet", eit heidersteikn kvar og ein kunne gjera seg fortent til. Same året vart Dannebrogsmennenes hederstegn oppretta. I praksis var det den lågaste graden i ordenen. Dette heidersteiknet vart tildelt folk som på ein særleg måte hadde gagna fedrelandet, t.d. i krig.

Nils Olsson Årdal

Nils Olsson Årdal var fødd i 1776 av foreldre Ola Nilsson Sunde og Rakel Nilsdotter Helgheim som då budde på nabogarden Helgheim. Nils Olsson vart seinare eigar og brukar av garden Indre Årdal. I 1811 vart han gift med Johanna Andersdotter Østenstad. Etter bygdeboka for Jølster hadde dei tre born, Brita, Ola og Kristian. Nils Olsson var utkommandert til militærteneste i ufredsåra 1807-1814. Han vart tildelt Dannebrogsordenen for snarrådig og djerv handling ein gong då den danske prinsen Christian August var ute i hardt vêr.
Sonen Kristian skal vera oppkalla etter den danske prinsen Christian August (1761-1810), den øvste leiaren for krigsoperasjonane i Noreg i 1808. Nils Olssson Årdal døydde i 1854.

Breimingar ville rundjule jølstringar

Det stod respekt av Dannebrogsmennene. Dei kunne syna fram eit handfast prov på at dei hadde utmerka seg på ein særleg måte i krigen mot svenskane. Så lenge dei levde og lenge etterpå gjekk det ofte soger på folkemunne om heltedådane deira.
Om Dannebrogsmannen Nils Olsson Årdal står det i bygdeboka for Jølster:
"På eit ting i Breim - kanskje rundt 1820-åra eller så, hende det at ein årdøling kom i krangel med ein breiming, - kanskje fleire, under sjølve tingseta som truleg vart halde i "Tinghogjen" på Re. No var det ikkje lov å slåst, eit nevehogg i gamle dagar kunne straffast med bøter, frå 1 til 4 riksdalar, etter formuen til vedkomande. Det var truleg ikkje uvanleg at det vart drukke ein del av dei som møtte på tinget og.

"Dannebrog-Nils" ville skremme breimingane som lovde å rundjule jølstringane som møtte der. Då slo futen sterkt med klubba i tingbordet og åtvara. "Dannebrog-Nils" vart sint, hoppa opp på tingbordet, bleik i andletet, med eine handa reiv han til sides ulltrøya. Under blinka Dannebrogsordenen. Heile tinglyden vart ottesam for mannen som synte slik aktløyse, men radt til dei øygna at han var Dannebrogsmann. Då ropte futen i redsle: "Se der - han er jo en af de gamle norske Tigre!" Etter dette fall et ro over tinglyden.
Futen og skrivaren let jølstringane fare heim i fred, korkje dei eller breimingane vart bøtelagde. Ein Dannebrogsmann laut visst gjere mykje gale om lova tok han med bøter, fordi dei i og med denne utmerkinga fekk ymse særrettar òg."

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Klakegg, A.O: Fredriksten - ein skjold for Noreg. I Jol i Sunnfjord. 1960.
Klakegg, A.O.: Bygdebok for Jølster. Ættesoge. 1801-1874. 1985. Norsk Historisk Leksikon. 1999.
Opplysningar frå:
Ola Dagfinn Årdal, Jølster.
Helge Årdal, Jølster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR