Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over allierte flygarar på Moldøen



Den 24. april 1945 gjekk 49 allierte fly til angrep på krigsmål i Måløy. Eitt fly vart skote ned og eitt styrta før det kom fram. Fire flygarar omkom. Sommaren 2000 vart det avduka ein minnestein over flygarane. Leif Åge Larsen var ei av eldsjelene bak.

Leif Åge Larsen ved minnesmerket kort tid før avdukinga, og før inskripsjonsplata vart montert.

Leif Åge Larsen ved minnesmerket kort tid før avdukinga, og før inskripsjonsplata vart montert.

Eigar: I Fjordenes Tidende.

Datering: 2000.

Fotograf: Fjordenes Tidende.

Raidet 24. april 1945

Leif Åge Larsen stod i kinokø framfor Dragekinoen då ein alliert flystyrke gjekk til åtak mot krigsmål i Måløy 24. april 1945. Det vesle tyske betonglasteskipet M/S "Elmar" på 239 bruttotonn vart søkkt. Tre tyskarar omkom og fire vart såra.
Angrepsstyrken mista to fly og fire flygarar; to britar og to australarar. Dei to australske flygarane styrta i Måløy hamn og vart etter krigen flytte til Stavne Æreskirkegård ved Trondheim. Dei engelske flygarane styrta under vegs til Måløy. Ein gummibåt var alt leitemannskapa fann etterpå.

Krigshistoria på alvor

Det var Leif Åge Larsen som i 1995 gjorde opptaket til å få reist ein minnestein over dei fire allierte flygarane. Ved avdukinga sommaren 2000 peika han på at Måløy var den staden i Noreg der flest allierte soldatar gav sine liv i tida mellom invasjonen og frigjeringa. I alt 53 menneske miste livet under Måløyraidet 3. juledag 1941 og fire våren 1945.

"Det er på tide at vi tek krigshistoria på alvor på ein slik måte at også etterslekta kan ha vitnesbyrd om det som skjedde dei 5 åra vi var okkupert", sa Iversen til bladet Fjordenes Tidende.

Minnesmerket

Minnesmerket står i nærleiken av minnestøtta om Måløyraidet i ein minnepark på den vesle øya mellom fastlandet og Vågsøya. Det offisielle namnet på øya er Måløy, men lokalt skriv ein gjerne Moldøen. Steinen er frå naturen forma som ei flyveng, noko som høver godt med det han skal minna om. På ei metallplate står:

DE FALT I FRIGJØRINGSKAMPEN * UNDER FLYANGREP MOT MÅLØY * 22.04.1945 * TO ALLIERTE FLY BLE SKUTT NED * RAF * 144 SQDN * JAMES M. SIMPSON 24 ÅR ENG. PILOT * CYRIL W. KNELL 35 ÅR ENG. NAVIGATØR * 455 SQDN * THOMAS J. HIGGINS 24 ÅR AUS. PILOT * ALAN J. MIROW 22 ÅR AUS. NAVIGATØR * MINNES I ÆRBØDIGHET

Merknader: 1) stjerne * tyder ny line. 2) SQDN står for skvadron. 3) AUS. for Australia. 4) ENG. for engelsk eller britisk.

Avduking

Leif Åge Larsen og medhjelparane hans Terje Sølvberg, Helge Hjelle og Lars Terje Gotteberg, arbeidde i fem år før minnesmerket kunne avdukast, søndag 25. juni 2000. Kring 100 menneske var møtt fram, med representantar for Marinen, Hæren og Flyvåpenet. Eit musikkorkester frå The Queens Division spelte, og det var pensjonert oberstløytnant Roald Skram stod føre sjølve avdukinga.

kjelder:

Avisa Fjordenes Tidende.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Saksmappe "Nedskyting ved Silda 1944."

PERMANENT IDENTIFIKATOR